Hopp til innhold

- Glad eg er i live

Roger Snekkevåg overlevde det dramatiske raset på Oppdølsstranda. I dag fortel han om dei dramatiske minutta før alt svartna.

Roger Snekkevåg

Roger Snekkevåg vart treft av stein då fjellet raste på Oppdølssranda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen. / NRK

Snekkevåg fekk omfattande skadar i det dramatiske raset på riksveg 70 på Oppdølsstranda i Sunndal kommune i midten av august.

I to veker låg han i koma. I dag er 42-åringen på beina igjen og glad for at han overlevde.

- Eg kom ut av tunnelen og såg mykje småstein kome ned i vegen. Eg prøvde å køyre slalom mellom og så høyrde eg eit stort smell og då vart alt svart, seier Snekkevåg.

Video: Heldig som er i live

Store skadar

Snekkevåg fekk omfattande skadar i ulykka. Brot i låret, knust venstrearm og indre skadar.

Roger Snekkevåg låg to veker i koma.

Roger Snekkevåg fekk store skadar.

Foto: Øvind Berge Sæbjørnsen. / NRK

- Eg var utruleg heldig som slapp unna skadar i hovudet.

Han veit ikkje når han kan bli bra igjen etter skadane. No er planen å trene seg opp att.

- No skal eg på eit opptreningssenter og derifrå kan det gå fort, men det vil nok gå nokre månader før eg er bra igjen, seier Snekkevåg.

Roger Snekkevåg må trene for å bli bra igjen.

No må han bruke gåstol for å trene seg opp.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen. / NRK

Pendla i 20 år

Snekkevåg har pendla den svært rasutsette strekninga i 20 år og fleire gongar for dagen.

- Du trur aldri at noko slikt skal skje. Fleire gongar har eg sett stein som ligg i vegen og steinsprang, men at det skulle treffe meg hadde eg ikkje trudd skulle skje. No er eg berre glad at eg overlevde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL