Hopp til innhold

- Gjestepasientar ingen fordel

Daniel Haga avviste på det sterkaste at det skulle vere ein fordel for St.Olavs hospital om dette sjukehuset fekk fleire gjestepasientar frå Nordmøre.

- Det er for mange lokalsjukehuspasientar ved St.Olavs i dag. Vi har for eksempel ein prosess overfor Nord-Trøndelag for å få ned talet på gjestepasientar.

- Det følgjer ein kostnad med å behandle pasientar, og betaling for gjestepasientdøgn er nettopp ei betaling for denne kostnaden, sa Haga.

Svara kom på bakgrunn av spørsmål frå Kristiansund sin advokat. Han spurte om det var eit ønske frå St.Olavs om å få fleire gjestepasientar frå Nordmøre, og om lokaliseringa av sjukehuset på Hjelset var ein del av slike vurderingar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL