Det er programskapar og journalist Jannicke Farstad i NRK Møre og Romsdal som står bak programmet som blir sent i Ut i naturen tysdag 14. februar
- Utruleg bra!
Ingvill vedgår at ho var litt nervøs før ho fekk sjå programmet i føremiddag.
– Eg trudde det skulle bli flaut. Spesielt det å høyre si eiga stemme, men i staden blei det utruleg bra, smiler ho. Det blei bra fordi fotografane og guidane som hjalp til var så flinke, og fekk oss på toppane, seier Ingvill.
15-åringen har tv-erfaring frå før. Då familien overvintra i ei fangsthytte på Svalbard blei dette ein tv-dokumentar.
– Når eg høyrer nokre kommentarar eg kjem med, tenkjer eg; Ingvill, kvifor sa du det? Det var likevel kjekt å høyre at folk flira og kosa seg, så dette var kjempebra, seier ho.
Bli med frå tind til tind i fjellsportens vogge
For å kunne kalle seg ”Fjelldronning” eller Fjellkonge” må ein kome seg opp på sju av dei høgste og mektigaste tindane i Romsdalen og legge fram eit bilde av seg sjølv frå kvar av toppane:
- Romsdalshorn (1550 moh)
- Store Vengetind (1852 moh)
- Store Trolltind (1788 moh)
- Kvanndalstind (1744 moh)
- Juratind (1712 moh)
- Kongen (1614 moh)
- Dronninga (1544 moh)
15 år gamle Ingvill Aasheim frå Isfjorden i Rauma er den yngste " Fjelldronninga ". Saman med programskapar Jannicke Farstad viser ho veg gjennom gjuv og over tindar. Jannicke er frå Lepsøya i havgapet på Sunnmøre, og vil også ho kunne kalle seg ”Fjelldronning” når programmet er over?
Eksklusivt selskap
Det er Den Norske Fjellfestivalen med base på Åndalsnes i Rauma som har oppretta denne utmerkinga. Til no kan mellom 40 og 50 personar i Norge smykke seg med denne tittelen.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Mors- og farsarv
Ingvill Aasheim er dotter til den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og klatreguruen Ragnhild Amundsen. Ingvill har blitt tatt med på fleire turar enn dei fleste andre barn. Eit år med hundar som bestevener på ei fangshytte på Svalbard då ho var seks år, har vore viktig for kven Ingvill er i dag.
- Les også:
Reporterreiser inspirerte
Programskapar Jannicke Farstad jobbar som journalist i NRK Møre og Romsdal.
Ho har reist rundt som reporter i fylket og sett på desse fjella lenge, utan heilt å vite om dei mektige tindane er noko som også ho kan klare å nå toppen av. Spørsmålet er om småturar i heimlege sunnmørsfjell er nok trening til å takle dei ville romsdalsfjella. Men Jannicke er målretta og har gode hjelparar.
Fjelleldorado
Dette er ein film om fjelleldoradoet som omkransar Åndalsnes og ein draum om å bli ”Fjelldronning”. I Romsdalen ligg starten på Europas tindesporthistorie med sine farlege og mektige fjell. Tindar som har lokka til seg mange eventyrarar, men som også har tatt liv.
To jenter i litt ulik alder skal ta deg med på ei sjarmerande reise i noko av Norges mest spektakulære natur, med fjellførar Fjellførar Hallvor Hagen og Stein P. Aasheim som viktige hjelparar mot målet.
Det 60 minutt lange programmet blir sendt 14. februar i Ut i naturen på NRK1