Hopp til innhold

– Det var ei tung erfaring

Britt-Synnøve Johansen vann den norske Melodi Grand Prix-finalen i ein alder av 18 år. I dag, 25 år seinare, oppmodar ho dagens unge om å tenka seg godt om før dei melder seg på liknande konkurransar.

Britt-Synnøve Johansen i Melodi Grand Prix 1989

STAVANGER 1989: Her framfører Britt-Synnøve Johansen (18) vinnarlåten «Venners Nærhet» i den norske Melodi Grand Prix finalen, som blei arrangert i Stavanger. Sjå video frå showet lenger nede i artikkelen.

Foto: Holmberg, Bjørn-Owe / NTB scanpix

  • Britt-Synnøve Johansen

    I dag er Britt-Synnøve Johansen komfortabel som artist. Ho gir framleis ut musikk, men liker seg også på scena som skodespelar. I desse dagar spelar ho Fantine i musikalen Les Misérables i Haugesund teater.

    Foto: www.brittsynnove.no
    Fredag kl. 20.05: Følg den første semifinalen i Melodi Grand Prix

Britt-Synnøve Johansen (43) er ei av dei norske Melodi Grand Prix-vinnarar du kanskje har vanskar med å hugsa, men for 25 år sidan danka ho ut Jahn Teigen sin «Optimist», og kunne reisa til Sveits med vinnarlåten «Venners Nærhet».

I Sveits blei ho nummer 17 av 22 deltakarland. Etter dette forsvann Britt-Synnøve frå rampelyset i fleire år. Melodi Grand Prix hadde vist seg å vera eit sirkus den unge jenta ikkje var klar for.

Ikkje moden nok

– Eg var 18 år og russ. Det blei ei tung erfaring for meg. Eg ante ikkje kva karrieren mi skulle gå ut på, kva eg skulle synga og kva eg ville som artist. Eg kunne nok med fordel ha venta nokre år, for både som artist og som meg sjølv var eg ikkje moden nok, fortel Britt-Synnøve, som er i Haugesund der ho spelar Fantine i musikalen Les Misérables.

Det er stor avstand mellom musikken ho i dag driv på med, og musikken ho framførte den gong. Den siste plata hennar «Skyt meg med tre roser», som er produsert av Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra, er til dømes den første plata med argentinsk tango på norsk. Elles er ho kjend for sine tolkingar av den franske artisten Edith Piaf (1915–1963), som ho har framført sidan 2001.

Men det er ikkje berre det musikalske innhaldet Britt-Synnøve tenkar på når ho snakkar om MGP som ei tung oppleving.

Sirkuset, som det blir kalla, gjorde også inntrykk.

– MGP var veldig stort, og presseoppbodet var enormt uansett kva ein gjorde eller kva ein skulle. Sidan eg hadde så lite erfaring gjorde dette sterkt inntrykk. Eg var ung og vil vera med på så mykje, men alltid var det nokon som lurte med eit kamera, du blei nærmast schizofren, fortel ho.

– Fekk du hjelp til å takla dette?

– Nei, det var ikkje slik den gong. Det var nok ikkje så mange som tenkte på den biten der, men det hadde nok hjelpt dersom det hadde vore nokon profesjonelle som kunne teke litt tak og styrt det litt. Det er noko som absolutt hadde vore bra.

SJÅ ARKIVVIDEO:

Her stakk Britt-Synnøve Johansen frå Karmøy av med førsteplass i MGP-finalen i 1989.

Her stakk Britt-Synnøve Johansen frå Karmøy av med førsteplass i MGP-finalen i 1989. Finalen blei arrangert i Stavanger.

Mange positive sider

Då NRK minna Britt-Synnøve på at det var 25 år sidan finalen, hadde ho vanskar med å tru det. Trass alt det som ikkje var så lett, strøymer det også på med gode minner.

– Det var jo kjempekjekt å reisa til Sveits og sjå innsida av bransjen. Eg gjekk med store augo og open munn heile tida. Dessutan trefte eg svært mange personar som var del av ein bransje, som eg seinare skulle bli ein del av. Dette er noko eg har drege nytte av, seier ho.

– Kunne du vore der du er i dag om det ikkje hadde vore for MGP?

– Det er ikkje sikkert, så eg har mykje å takka MGP for. Berre gudane veit kor eg hadde vore viss ikkje, det er slikt ein aldri får vite.

Korleis ein taklar ei deltaking har ikkje så mykje med alder å gjera, men mest med kor moden ein er, ifølgje den nå erfarne artisten.

– Eg var ikkje moden nok sjølv om eg var 18, men sjå på artistar som til dømes Lidolido. Han har ikkje vore med i Grand Prix, men han er likevel ein artist som heilt sidan svært ung alder har visst nøyaktig kor han står og kva han vil med musikken sin.

– Artistane får i dag støtte på og utanfor scena

I kveld brakar det laust med semifinalar i årets MGP, også i år er det unge artistar med. Den nedre aldersgrensa for deltaking er 16 år. Britt-Synnøve håper at dei yngste har tenkt seg godt om.

– Det er mykje positivt med å vera med i MGP, og så kan det vera negative sider dersom du ikkje er moden nok. Eg håper at dei som er med er bevisste og modne nok til å takla det, for det er eit visst press. Dersom dei i tillegg har eit bra apparat rundt seg så går det nok veldig bra, seier ho.

Det kan prosjektleiar for MGP i NRK, Stian Malme, forsikra ho om at dei har.

– Ingen i MGP er åleine utan oppfølging. Me har eit svært stort apparat som tar seg av artistane og sørger for at dei får den støtta dei treng både på og utanfor scena. Målet er at alle skal sitja att med ei positiv oppleving av å ha vore med på MGP, og at alle mindreårige må ha eit apparat rundt seg som er klar over både positive og negative sider, seier Malme.

Prosjektleiaren fortel vidare at dei har ein screeningprosess for dei som er med, denne har som mål å førebu deltakarane på alle sider ved ei deltaking.

– Det er ei heilt anna verd nå enn for 25 år sidan, og eg trur at yngre menneske i større grad er klar over kva dei er med på, seier han.

Veit ikkje om ho skal sjå semifinalane

Midt mellom førestillingane på Haugesund teater, er det ikkje svært viktig for Britt-Synnøve å få med seg semifinalane i helga. Men det kan likevel hende at ho tar ein kikk, for det er andre i familien som har større interesse av det.

– Det kan godt henda at ho på sju og eit halvt år vil sjå det, så me kan jo sjå det saman. Det kjem an på kor langt eg har kome i legginga, og kor grei eg er, avsluttar Britt-Synnøve og ler.

ARKIVVIDEO: Sjå Britt-Synnøve i den internasjonale finalen