Hopp til innhold

Slik blir Maria sitt nummer til

Har du merka at Maria Arredondo sitt nummer er litt annleis enn dei andre sitt? Sjå korleis her!

Video nsps_upload_2010_2_4_17_37_17_1194.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

(Video er frå prøvane torsdag)

Du såg det i semifinalen og du vil sjå det igjen i finalen. Maria Arredondo sitt nummer er annleis enn dei andre sitt.

I Oslo Spektrum er det 12 kamera som gjør til at sendinga blir til, og dei fleste artistane har rundt ni av desse kamera i bruk under sine nummer. På Maria sitt nummer brukast derimot berre eit kamera.

– Det skal vere ro på scena, og ei kjensle av at det er nært. Då var dette ein god idé, seier Maria rett før prøvar i Spektrum fredag.

Maria Arredondo og steadifotograf Tim Tønnessen

Tim gir Maria beskjedar under prøvane. - Eg har blitt glad i Tim, fortel Maria.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Spesielt kamera

Tim Tønnessen er fotografen som filmar Maria sitt nummer. Kamera han brukar er eit såkalla steadicam. Eit slikt kamera er festa til fotografen, og det gjer til at han kan bevege seg utan at kamera ristar, men har ei meir flytande rytme.

– Det er utfordrande å gjere eit heilt artistnummer med eit kamera, sidan alt ansvar ligg på meg. Men det er jo veldig kult at det blir gjort, seier Tim.

Likte ideen

Maria Arredondo og Rolf Løvland

Maria Arredondo saman med låtskrivar Rolf Løvland.

Foto: Line Snekvik/NRK

Producer for Melodi Grand Prix, Kasper Mærli, syntes det var kjekt at Maria Arredondo og låtskrivar Rolf Løvland likte ideen om å berre bruke eit kamera.

- Låta kler å gjerast med eit kamera, og det er gøy sidan det sjeldan blir gjort! Kult at Rolf og Maria likte ideen, seier han.

Maria sjølv likar godt at ho berre har eit kamera å forhalde seg til.

– Eg har prøvd mykje forskjellig, men dette er herlig. Det er jo berre eg og Tim som jobbar saman, og eg treng berre forhalde meg til han.

Maria er femte artist ut på lørdag. (Sendinga startar klokka 19.55)