Hopp til innhold

– Å lage eit MGP-nummer er eit heftig puslespel

I desse dagar jobbar 15 artistar beinhardt saman med koreograf Mattias Carlsson, for å førebu sine MGP-show. Sjå video frå prøvene her.

Melodi Grand Prix er ikke bare sang, nesten like viktig er fremføring. Før artistene skal opp på scenen må de gjennom timer med øving i dansesalen hos NRK.

Når du ser artistane på MGP-scena i mars er det mange som har gjort ein viktig jobb for at dei skal verte så bra som muleg. Ein av dei er Mattias Carlsson som har sceneregien for Melodi Grand Prix.

– Artistane må spegle seg sjølv og vise sin eigen personleghet når dei står på scena. Det er det viktigaste. Dei må fortelje historia si frå hjartet, og meine det dei syng. Knekkjer dei den koda så kjem dei gjennom ruta og heim til folket, seier Carlsson.

Mattias Carlsson har bakgrunn som både dansar, skodespelar, koreograf og regissør. Han har hatt sceneregien for MGP i mange år og har jobba med fleire store TV-show, blant anna Eurovision Song Contest i Oslo 2010, og i Malmø i 2013. I mai reiser han til København for å ha sceneregien i årets internasjonale finale atter ein gong.

Sjå video frå koreografiprøvene øverst i artikkelen.

Mange unge artistar

Mattias si rolle er å gjere artistane trygge og rolege når dei skal stå framføre kamera. Det viktigaste han ønsker å lære artistane er at det er deiras song, og deira forteljing dei skal fortelje.

– Den største utfordringa i år er at det er mange urutinerte artistar som ikkje har vore i dette store formatet før. Det er nytt for dei fleste at det alltid er eit kamera dei må jobbe med. Det er ein ting å komme frå ein prøvesal der dei føler seg trygge og har vorte fortalt kva dei skal gjere, og ein annan ting når det er direktesending. Vi veit ikkje korleis dei kjem til å takle det.

(Artikkelen fortset under bilete)

Mattias Carlsson

Mattias Carlsson på koreografiprøven til Charlie sin låt «Hit Me Up».

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Likevel er han imponert over innsatsen dei fleste har lagt ned.

– Artistane er veldig lettlærde. Alle tek inn det vi snakkar og øver på. Det at dei er urutinerte kan vere med på å gjere dei ekstra svoltne på alt som skal skje.

Dei siste vekene har artistane hatt prøver saman med Mattias og andre koreografar for å øve inn nummeret.

– Når vi går inn i semifinaleveka har vi tørrprøver på Folketeateret med kameragjennomgang saman med bildeprodusent Kasper Mærli, slik at artistane får køyrt seg hardt og er klare for direktesendingane. I tillegg gir eg manus om kva som skjer til ein kvar tid når dei står på scena, seier Mattias.

Mo, som skal framføre låten «Heal», føler seg godt i varetatt, og er nøgd med samarbeidet han har hatt med koreograf Thomas Benstem og Mattias Carlsson.

– Eg er ein person som prøver å gi positiv energi sjølv. Mattias er som meg. Han gir god energi og forstår tankane til artistane. Han er engasjert i å kjenne kvar enkelt artist, noko som er viktig når vi skal lage eit så stort show som MGP er. Det er fantastisk å jobbe med han, seier Mo.

To ulike show

I år er MGP-sendingane fordelt på to ulike arenaer. Semifinalene i Folketeateret skal gi ein meir live- og konsertprega kveld enn finalen i Oslo Spektrum.

Elisabeth Carew og dansere

Det er mykje som skal øvast inn før alt sitter som det skal. Her er Elisabeth Carew og dansarane i eit løft.

Foto: NRK

– Semifinalen skal ikkje vere så bombastic som finalen. I finalen kjem det til å vere pyro, svær lysrigg og enda fleire dansarar, seier Mattias entusiastisk. Publikum skal få to forskjellige nummer.

Dette betyr at Carlsson & co. ikkje må lage 15, men 30 forskjellige nummer.

– Vi tek utgangspunkt i at alle artistane kjem seg heilt til finalen, difor har vi laga finalenummeret fyrst og brukt det som grunnlag når vi så laga semifinalenummeret.

– Det blir ei fantastisk kjensle når teknikken, kamera og artisten smeltar saman og blir til eitt, avsluttar Carlsson.

Semifinalene er 7, 8 og 9. mars i Folketeateret. Sjølve finalen skjer helga etter, 15. mars, i Oslo Spektrum.