Hopp til innhold

Noreg møter Sverige i ESC-semi

I dag blei det klart at Noreg møter blant andre Sverige og Island i semifinalen i internasjonal Melodi Grand Prix i Austerrike.

Google Top Searches of 2014 List Conchita Wurst

VINNAREN: Dragartisten Conchita Wurst vann MGP-finalen i fjor og blei lagt spesielt godt merke til for både skjegg og stemme i særpreg. Både semifinalane og finalen blir arrangert i Wien, Austerrike i år grunna sigeren til frøken Wurst.

Foto: Frank Augstein / Ap

Det er ikkje klart kven det blir som skal forsvare Noreg si musikalske ære i Wien enno. Men, etter ei trekning i ettermiddag så er det klart kva land Norge vil møte. Mange av dei andre landa har heller ikkje kåra sine kandidatar, men nokre av dei har gjort det.

Norge i elden 21. mai

Norge sitt bidrag blir avgjort den 14. mars i Oslo Spektrum. I fjor var det dragartisten Conchita Wurst, kjent for sin sterk stemme og ikkje minst oppsiktsvekkande skjeggvekst som vant. Dei to semifinalane skjer 19. og 21. mai og sjølve finalen blir arrangert 23. mai. Norge skal delta i semifinalen nummer to, den 21. mai.

Jubileum-show

Ein del land går automatisk til finalen og slepp å kvalifisere seg. Dei landa er Austerrike, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania og Storbritannia. Showet i år får ei ekstra markering ettersom dette er finale nummer 60. Semifinale-sendingane vil vare på totalt to timar og finalen vil strekke seg over tre og ein halv time med glitter og glamour.

Les også: Desse landa er med i ESC 2015