Video Ingrid Espelid Hovig og Hans Jebsen lagar tebirkes - Foto: Nyhetsspiller /

Ingrid Espelid Hovig og Hans Jebsen lagar tebirkes i Fjernsynskjøkkenet. Hans Jebsen fortel at birkes er valmuefrø på hebraisk.

Tebirkes

Til tebirkes lagar vi deig med kaldt vatn. Her skal vi nemleg kjevle inn smør, og er deigen for varm vil smøret smelte.

Slik gjør du

Grunndeig

Bland 600 g av kveitemjølet med tørrgjær, salt og sukker. Ha i vatnet, og elt deigen godt saman. Elt så i resten av mjølet.

Ta deigen på bakebordet. Kjevl han ut til eit rektangel, ikkje tynnare enn 1 cm. Del deigen i tre.

Veg opp 200 g smør eller margarin, som må vere så kaldt at vi kan skjære det i tynne skiver med kniv.

Legg 100 g av smøret /margarinen utover tredelen midt på leiven. Brett høgre del av leiven over. Dekk med 100 g smør/margarin i tynne skiver oppå der, og brett så den venstre delen av deigen over. Dermed skulle vi ha ein pakke med 3 lag deig og 2 lag smør/margarin.

Snu pakken slik at vi får langsida mot oss. Kjevl ut igjen til eit stort rektangel, ikkje tynnare enn 1/2-1 cm. Blir leiven for tynn, vil dei fine deiglaga gå i stykke, og smøret tyte ut.

Brett deigen saman i tre, som første gong. Pakk deigen i plast, og la han liggje 1/2 time i kjøleskåpet. Ta deigen igjen. Kjevl han ut på ny til eit rektangel. Brett han saman i tre, snu pakken slik at vi får langsida mot oss, kjevl ut til eit rektangel, og brett endå ein gong saman i tre. Legg alltid den høgre delen av deigen inn først, og så den venstre over. (Deigen skal altså alt i alt kjevlast ut fire gongar, og kvar gong brettast i tre.)

Pakk deigen i plast, og la han liggje 1/2 time til i kjøleskåpet.

Ta deigen igjen. Kjevl han ut til eit rektangel, ca. 1 cm tjukt. Del leiven i to og legg den eine halvdelen i kjøleskåpet.

Tebirkes

Kjevl den eine halvparten ca. 1/2 cm tjukk og 30 cm brei. Brett langsidene inn mot midten slik at endane ligg butt i butt. Trykk dei godt til.

Snu deiglengda som no berre er 15 cm brei, så skøyten kjem ned.

Del i 5 cm breie stykke, litt på skrå. Pensle dei med samanvispa egg, og dryss med valmuefrø. Legg dei på plate dekt med bakepapir, og sett til heving. Tebirkes må hevast godt.

Steik dei 15-20 min. ved 225-250 °C.

Tips

I denne oppskrifta ser du korleis du lager grunndeigen: Baguette

Se også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1984