Ingrid Espelid Hovig 1974 - Foto: Dahl, Jan / NTB scanpix

Oksehale skal koke lenge. Sett gryta i steikjeomnen, så passar den seg sjølv. Opptaket er frå Fjernsynskjøkkenet i januar 1992.

Oksehalesuppe

Suppegryte kallar Ingrid Espelid Hovig denne blandinga av suppe og gryterett med oksehalar.

Slik gjør du

Få slaktaren til å dele oksehalen i små bitar. Vask bitane. Tørk dei på kjøkkenpapir. Skjer bort ein del av feittet hvis oksehalen er svært feit. Brun oksehalebitane i smør eller margarin i ei gryte.

Reins grønsakene. Grovhakk løken og skjer gulrøtene i små terningar. La løk og gulrot få surre saman med kjøtet i nokon minutt. Ha i salt og pepar og dryss kveitemjølet over. Bland godt saman og spe med kokande vatn til det så vidt dekkjer.

Gi gryta eit oppkok. Legg på lokk og set gryta i steikjeomn forvarma til 125 °C og la den stå i 2-3 timar, eller til kjøtet er godt mørt. Eller la gryta stå på plata på svak varme til kjøtet er ferdig.

Ta oksehalebitane opp og reinsk kjøtet godt av beina. Ha det tilbake i gryta saman med dei hermetiske ertene. La alt bli godt gjennomvarmt.

Server med kokte poteter, potetmos, ris eller brød.

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)