Meisebolle

Åtte fine meisebollar.

Foto: Mona Gundersen

Meisebolle

Denne oppskrifta blir 6–8 runde brød. Bodil Nordjore kallar brødet meisebolle fordi det inneheld så mykje heile frø.

Slik gjør du

Varm vatnet, ha oppi oljen, rør ut gjæren.

Rist frøa i turr panne, og ha dei oppi væska. Bland oppi det grove mjølet og havregryn. Du kan gjerne la røra stå nokre minutt før du blandar oppi kveitemjølet. Dette brødet toler å eltast lenge og deigen toler å bli slege ned fleire gonger.

Når deigen er klår for utbakinga, bakar du trillrunde brød og penslar dei, dupp dei i rista sesamfrø og set dei til etterheving.

Ha knallvarm omn når du set dei inni, so varm som omnen kan bli – 250 grader. Steik brøda i 10 min på denne varmen, då får du sprø skorpe. Set temperaturen ned til 170 °C på varmluft, steik dei der til dei er gyllenbrune og vakre.

Det bli ein makelaus god smak av skorpa når du har såpass mykje olje i brødet, du kan også baka ut brøda i olje, det bli knasande godt!

Kilde: Bodil Nordjore