Sjå korleis ein kan pynte ei blautkake med diverse frukt, bær og heimlaga marsipan.

Heidi Lise Bakke pynter blautkake med heimlaga marsipan, bær og frukt.

God gamaldags blautkake

Dette er ei kake som tek litt tid, men ein får det att i smaken når det meste er heimlaga. Heidi Lise Bakke lagar moltekrem, vaniljekrem og marsipan til denne blautkaka.

Slik gjør du

Kakebotn

Visp egg og sukker til luftig eggedosis. Den skal vere så stiv at du kan snu bollen opp ned. Finhakk mandlane så fint du klarer. Bruk helst ei kjøkkenmaskin. Bland mandlane i lag med alt det tørre, og sikt det forsiktig inn i eggedosisen. Ha røra oppi ei godt smurt form. Det er lurt å strø semulegryn oppå smøret i forma. Set kaka nest i omnen på rist, og steik den ved 190 grader i 30–35 minutt. Det er lurt å la vere å opne døra undervegs. Då dett den saman.

Heimlaga marsipan

Skold mandlane, og ta av skinnet. La dei kvite mandlane ligge og tørke over natta. Køyr mandlane i kjøkkenmaskina, til dei blir heilt finhakka. Rør inn melis. Bland inn 1–2 eggekviter. Blir marsipanen for hard, så er det berre å tilsette ei eggekvite til.

Moltekrem

Rør lett saman molter. Visp litt krem og tilsett sukker etter smak. Bland krem og molter.

Vaniljekrem

Kjøp vaniljesaus til koking. Følg oppskrifta, men bland inn halve mengda av væska. Tilsett litt krem.

Blautkake

Kaka blir best viss ein fyller kaka dagen før, og la den stå og trekke. Del kaka i tre delar. Den nedste delen fyller ein med moltekrem og den andre delen med vaniljekrem. Hugs å ha sukker i kremen, og dynk alle delane med ananas-saft.

Så pyntar ein kaka rett før gjestane kjem. Bruk ein sprøytepose til å ha på kremen.

Tips

Ha kakebotnen i frysaren, og ta den opp rett før. Då er det mykje lettare å dele den i tre delar.

Kilde: Heidi Lise Bakke, NRK Sogn og Fjordane