Bodils kjærleikssuppe

Når du serverer suppa, kan du ha noen strimler med sprøsteikt spekeskinke oppå, det gjør susen her.
Foto: Mona GundersenBodil Nordjore lagar suppe med kjærleiksurt, løpstikke. Her får du oppskrifta.
Ingredienser
- 4-5 laukar
- 200 g meierismør
- 6 store poteter
- god kjøtkraft til passe suppetjukkelse
- 1-2 l mjølk
- 3 dl fløyte
- 1 beger rømme
- 1 ss salt
- 1 ss grovmalen pepar
- løpstikke etter smak
- litt spekeskinke
Om oppskriften
- Type:Middag
- Karakteristika:Suppe
- Opprinnelsesland:Norge
Slik gjør du
Finknus lauken i ei matmølle.
Smelt smøret i ein kjele og ha i lauken.
Skrell og del opp potetene og mos dei i matmølla. Bland mosen i kjelen og spe med kraft og mjølk til det vert ein fin suppekonsistens. Du nyttar mjølkemengda til å regulere tykkelsen på suppa. Det kjem då anpå kor store poteter du brukar. Ha i fløyte og rømme, salt og pepar.
Løpstikke har ein nokså gjennomtrengande smak, så ver forsiktig med mengda, dersom du er var for sterk smak. Knus løpstikka i matmølla, så får du fine bitar.
Skjer skinka i strimlar, sprøsteik dei og strø på suppa.
Tips
Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Bær kan bli liggende i fryseren i årevis, men kjøtt bør du spise opp raskere.
Foto: Karina Kaupang Jørgensen/NRK



