22.05.2013

Jolebrød

Brød med vørterøl, sur mjølk og netar frå Bodil Nordjore.

    Ingredienser

    • 250 g rista hasselnetar
    • 1000 g vørterøl
    • 1000 g kulturmjølk
    • 500 g sammalt grov kveite
    • 600 g sammalt fin kveite
    • 1000 g sikta kveite
    • 15 g salt
    • 50 g gjær

    Om oppskriften

    • Type:Forrett / smårett
    • Hovedingrediens:Korn
    • Karakteristika:Brødmat
    • Anledning:Jul
    • Opprinnelsesland:Norge

    Slik gjør du

    Varm opp kulturmjølk og vørterøl. Ha oppi hasselnetar og gjær, bland frå det finaste sammale kveitemjølet til det grovaste, so det fine til passa deig.

    Hev dette til om lag dobbel storleik. Ikkje hev for lenge på andre gong, då vert brøda ofte flatare enn om du set dei i omnen på veg opp. Du let dei ikkje gjære heilt ut alsø.

    Set på ovnen på 250 °C til å byrje med, og det er viktig at omnen er 250 °C. Steiker den på heit omn til å byrje med for å få den sprø skorpa. Om lag 10 min på heit omn, 30 – 40 min på 170 °C (varmluft).

    (Bodil Nordjore i Nitimen)