Jonatan, Patrick og Sebastian

Jonatan Arvidsen-Osvik seier det er heilt problemfritt å vere småbarnsfar i rullestol.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Pappa på hjul

Jonatan Arvidsen-Osvik (29) var redd han ikkje kom til å strekkje til som pappa. No ser han at han kan gi sønene sine akkurat det same som andre fedre kan gi sine ungar.

– Sebastian, kan du hoppe inn og ta suttekluten til Patrick?

Pappa har akkurat parkert den store svarte Mercedesen på den faste plassen langs muren framfor huset. Dei sterke armane hans har løfta han frå førarsetet og over i rullestolen. Bak i bilen hentar han vesleguten i bilstolen og plasserer han trygt i fanget før han trillar rullestolen ut på heisa. Med eit trykk på kontrollen er dei trygt nede på bakken.

Alt gjekk knirkefritt i dag også. Men den høgt elska suttekluten til Patrick ligg att i bilstolen. Det går mykje kjappare om storebror Sebastian hentar han. Han er så lett på foten.

Beina sluttar å fungere

Året er 1985. I Guatemala by kjem ein liten gut til verda. Men guten er fødd med ein hjartefeil og må opererast. Under operasjonen går noko gale. Når guten vaknar igjen fungerer ikkje beina slik dei skal.

Jonatan Arvidsen-Osvik

Jonatan Arvidsen-Osvik har god plass til rullestolen i den ombygde bilen sin.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Etter fire år på barneheim i Guatemala, blir Jonatan adoptert vekk til Noreg. Her får han ein familie og han får alt han treng.

25 år seinare har Jonatan sin eigen familie på fire. Ein lang arbeidsdag er over og gutane er nettopp henta frå SFO og barnehage. Beina er tynne og kviler slapt på fotbrettet på rullestolen. Jonatan har full følelse i dei, men har ikkje musklar.

– Det skjedde då eg var så liten at eg ikkje veit korleis det er å kunne å gå. For meg er rullestolen ein heilt naturleg del av meg. Det er ikkje noko problem, seier Jonatan idet han leitar fram husnøkkelen og låser seg inn i huset deira på Eidsneset i Sula utanfor Ålesund.

Dessutan elskar Patrick pappafanget. Smukken hans går taktfast opp og ned medan Jonatan tek av han kleda og heng dei opp på knaggane i gangen. Etter ein lang dag i barnehagen er det godt for ein liten gut på eitt og eit halvt år å slappe av i rullestolen saman med pappa.

– Mange tankar har svirra i hovudet mitt

Jonatan Arvidsen-Osvik (29) har alltid visst at han hadde lyst til å bli pappa, men tankane kverna. Han var redd for at han ikkje kom til å kunne ta seg av ein unge og for at han ikkje kunne gi ungane sine det andre fedre kan.

– Det var mange gongar dei tankane svirra gjennom hovudet mitt. Det trur eg er naturleg for alle som sit i rullestol, at dei er innom slike tankar, altså. Eg trur absolutt rullestolbrukarar som planlegg å få ungar tenkjer nøyare gjennom det enn andre.

Jonatan har kome seg inn på kjøkenet og på stova er det gjensynsglede når leikene til gutane blir funne fram att. Mamma jobbar seint i dag, så det er berre pappa og dei to små som er heime. I dag er det yndlingsretten til Patrick (1,5) og Sebastian (7) som står på menyen, nemleg spagetti.

– Når ein har ungar går det slag i slag, forklarer Jonatan, og leitar fram steikepanne og kasserolle.

Jonatan Arvidsen-Osvik

Patrick sit ofte på fanget medan Jonatan lagar middag.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Verda stoppar ikkje opp

Spagettien blir delt i to før han hamnar i det kokande vatnet. Ute på stova dirrar leiketelefonen og Patrick fyk forbi på bilen sin. Han skrik og ler om kvarandre og storebror Sebastian er der med ein gong dersom han slår seg.

Han forstår at han ikkje kan seie nei når eg er i den situasjonen eg er i.

Jonatan Arvidsen-Osvik

Då Jonatan var yngre frykta han at han ikkje kunne gjere si komande kone gravid på vanleg måte, men det tok ikkje lang tid frå han endeleg fekk jenta han hadde venta på til ein baby var på veg.

22 år gamal vart han pappa til Sebastian og han merka at uroa han hadde kjent på om han kunne bli ein god pappa var borte.

– Verda stoppar ikkje opp fordi faren deira sit i rullestol. Dei ser at sjølv om pappa har ei funksjonshemming, så fungerer livet på ein heilt vanleg måte. Dei har akkurat same moglegheitene som andre ungar.

– Er det ingenting du synest har vore vanskeleg med å vere pappa i rullestol?

– Nei.

Klarer seg sjølv

Jonatan Arvidsen-Osvik

For å sleppe å kome seg opp trappa for kvar gong Patrick treng ny bleie har Jonatan laga til eit stellebord på vaskemaskina i første etasje.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Den einaste tilrettelegginga som måtte til då familien på fire flytta inn for to år sidan er rampa framfor utdøra. I tillegg har Patrick fått seg ei hev senk-seng. Jonatan har nemleg blitt lært opp til å klare det meste sjølv og det har han tenkt å halde fram med.

Det hender likevel at han spør gutane sine om hjelp og storebror Sebastian er ikkje vanskeleg å be om noko må hentast i andreetasjen.

– Han hjelper meg nok i større grad enn kva andre born gjer, men for han har det alltid vore naturleg. Han forstår at han ikkje kan seie nei når eg er i den situasjonen eg er i.

Kontrollerer åtferda med ord

Å tenkje på kva han kunne ha gjort saman med sønene sine dersom beina fungerte, har Jonatan aldri brukt ein kalori på. Han kan ikkje gå på tur i skogen eller opp på fjellet saman med dei, men det får dei oppleve saman med mora eller andre.

Jonatan kan derimot tilby eit trygt og godt pappafang og gråten til Patrick stilnar fort når han får sette seg der att. Noko gjekk ikkje heilt slik som det skulle i leiken på stova og han har kome springande inn på kjøkenet til pappa som snart er klar med middagen.

Born er ikkje dumme. Dei lærer fort.

Lars Grue, forskar

Begge gutane likar å halde seg i nærleiken av pappa og Jonatan har aldri opplevd at nokon av dei har sprunge frå han slik at han ikkje har fått tak i dei.

– Eg trur ungane forstår veldig mykje og at dei tilpassar seg fort.

Det trur forskar Lars Grue ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring også. Ei undersøking han har gjennomført blant mødre i rullestol viser at ungane deira forstod tidleg mamma sin situasjon og kor grensa gjekk for kor utagerande dei kunne vere.

– Born er ikkje dumme. Dei lærer fort. Den styringa mange foreldre har med å springe etter ungane sine fekk dei gjennom ord og setningar.

Omsorg og omtanke

Undersøkinga til NOVA-forskaren viser at ungane var i stand til å forstå kva mor i rullestol kunne gjere og ikkje gjere. Dersom mora miste noko som ho ikkje kunne ta opp, blei det etter kvart ikkje nødvendig å be ungane om å hjelpe. Dei gjorde det av seg sjølv.

Mødrene Lars Grue snakka med fortalde at ungane deira blei flinke til å ta omsyn til andre menneske sine behov på ein måte som kanskje ikkje fell andre ungar så lett.

Lars Grue

Lars Grue har forska på mødre i rullestol.

Foto: Studio Vest

– Dei fleste ungar har eit ganske stort ego og empati er kanskje ikkje eit ord som er så lett å plassere på ein 3-åring, men dei viste noko i retning av det, fortel Grue.

Han meiner det er positivt at ungar ganske tidleg lærer seg at verda består av andre menneske og at nokre av dei menneska må ein ta omsyn til.

Det kan gjerast utan at det avgrensar verken fridom eller utfolding i oppveksten.

– Det er ikkje slik at ungar med foreldre i rullestol ikkje får springe slik som andre på same alder. Kan ein ikkje springe saman med pappa fordi han sit i rullestol, så spring ein saman med andre, rett og slett.

Negative haldningar

Den største utfordringa mødrene opplevde i oppdraginga av ungane sine var ikkje at dei sat i rullestol, men dei negative haldningane i samfunnet rundt.

Grue forklarer det med at dersom du bruker rullestol og er mor, så har du to motstridande roller i ein og same kropp. Ein rullestolbrukar er for mange eit ikonisk bilete av den som treng hjelp og omsorg frå andre, medan ei mor på sett og vis er det ikoniske biletet for den som gir og yter omsorg til andre.

– Det å handtere desse rollene gjekk greitt for mødrene, men det gjekk ikkje så veldig greitt i møte med andre.

Vaksinasjonen mot å få skråblikk frå andre vart å gjere alt mest mogleg perfekt. Mødrene baka kaker til alle foreldremøte på skulen, dei stilte opp i råd og sørgja for at ungane var fine og reine slik at folk i alle fall ikkje skulle få det å henge det på.

– Dei følte at dei måtte bevise at dei var supermødre og at all fortolking av det som kunne vere feil og manglar var fordi dei hadde svikta si rolle som mor. Det er ei stor påkjenning for dei som heilt sikkert er utmerka foreldre.

Tenkjer seg nøye om

Lars Grue trur også at fedre eller mødre i rullestol har tenkt ekstra nøye gjennom avgjerda om å få ungar. Kva konkrete utfordringar er det som kjem til og korleis skal problema løysast, er spørsmål som gjerne kjem opp. Mange må omorganisere kvardagslivet i langt større grad enn funksjonsfriske foreldre.

– Om ein vel å gjennomføre det trur eg at avgjerda har gått langt fleire rundar enn det gjer hos andre som kanskje burde ha tenkt seg meir om.

Sentralstyremedlem i Norges Handikapforbund, Arne Olav Hope, er ein annan av dei som tenkte lenge. Han hamna i rullestol etter at han fall ned frå eit tre for 25 år sidan.

No er han far til to jenter på 11 og 2 år.

Før den eldste kom til verda brukte han mykje tid på å lese om barneoppseding og fortel at mykje av det han frykta før han fekk ungar viste seg å vere utan grunn.

– Det er klart eg hadde mine tankar om avgrensingane mine. Eg var blant anna redd for at ein unge ikkje ville kome til å høyre på meg, springe vekk og at noko kunne skje med ungen fordi eg ikkje kunne springe etter, huskar Hope.

Det er positivt at ungar ser at det at nokre folk bevegar seg i stol i staden for å gå fungerer heilt fint.

Arne Olav Hope

Han oppfordrar andre rullestolbrukarar som er i tvil til å ta kontakt med handikapforbundet eller si diagnoseforeining.

– Det er så mange ulike grunnar til at folk sit i rullestol, så det blir feil å seie kva som er rett å gjere. Men om ein føler ein har fått nok informasjon og funne tryggleiken, er det berre å peise på.

Hjelpemiddel

Om ein bestemmer seg for å hoppe i det, trur han det kan vere lurt å allereie før graviditeten tenkje på kva hjelpemiddel ein treng når det kjem ungar i hus. Ting tek tid og ofte er det kommunen som kan bli ein hemsko, fortel han.

– Det er viktig å få NAV på banen tidleg. Mange kommunar har lang vente tid på ergoterapeut for eksempel.

Som pappa vil han også oppfordre andre fedre og mødre i rullestol til å vere veldig synleg. Det har han vore bevisst på og på den måten har ungane i nabolaget og på skulen blitt fort vande med at denne pappaen er litt annleis.

– Det er positivt at ungar ser at det at nokre folk bevegar seg i stol i staden for å gå fungerer heilt fint.

– Kult å ha ein pappa i rullestol

Heime hos Jonatan og gutane er middagsmåltidet godt i gang. Sebastian har dekt på med fat, glas og bestikk og spagettien kan nytast. Patrick gjer akkurat som storebroren, skal Sebastian ha ketchup på, så skal han ha det.

Etter middag og lekser skal Sebastian ut til kompisane sine, fortel han. Det er mange å leike med i nabolaget og når dei ikkje er ute går dei på besøk til kvarandre. Nokre av kompisane hans har spurt om dei kan få låne rullestolen til pappaen hans, men det ser han ikkje noko poeng i.

– Sebastian er så heldig at han har ein pappa som har ein rullestol han kan bruke om han vil, men han har ikkje vore så gira på å bruke han, fortel Jonatan.

Difor brukar han å springe ved sidan av når han er med pappa på rullestolbasket. Å vere med pappa på trening er noko av det kjekkaste han veit.

Korleis er det å ha ein pappa som sit i rullestol?

– Det er kult, svarer Sebastian.

Det seier kompisane hans også, og dei synest Sebastian er heldig som får vere med pappa på jobb. Jonatan jobbar nemleg i marknadsavdelinga til Aalesund fotballklubb og 7-åringen har møtt mange av spelarane.

Eg prisar meg lykkeleg over å vere pappa.

Jonatan Arvidsen-Osvik

– Klart han ser eg er litt annleis

Patrick sit stille og et spagettien sin. Hamnar det mat på golvet er det ikkje noko problem for pappa å bøye seg ned å tørke det opp. Jonatan trur ungane hans for resten av livet vil sjå på folk med eit handikap på ein heilt annan måte enn andre.

– Klart Patrick ser at eg er litt annleis enn andre pappaer som kjem for å hente i barnehagen. Men ungane mine forstår at vi som sit i rullestol er heilt vanlege folk vi også.

Jonatan Arvidsen-Osvik

Før Sebastian får pakke saman leksene, må pappa kontrollere at han har gjort det han skal.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Når dei er ferdige med å ete middag hjelper alle til med å rydde av bordet. Patrick har ansvaret for å bere ketchupen tilbake til kjøkenet, pappa tek pannene og Sebastian tek av fata før han set seg til med matematikkleksene.

– Eg prisar meg lykkeleg over å vere pappa, seier Jonatan medan han skrapar av middagsfata. Han har ikkje angra eit sekund på at han fekk ungar.

– Det er nok mange i rullestol som tenkjer «tenk om eg ikkje klarer å gi ungane det andre mødre og fedre kan gi», men vi kan gi så mykje meir, tenkjer eg.

Pappafanget

Jonatan Arvidsen-Osvik

Pappa Jonatan viser Sebastian kor visarane skal peike når han må kome inn.

Foto: Møre og Romsdal / NRK

Etter at Jonatan har sett over at andreklassingen har gjort leksene sine slik han skal, kan Sebastian endeleg ta på seg klede og springe ut til dei andre.

– Du må inn igjen om 25 minutt, er beskjeden frå pappa. Då må klokka på og Jonatan viser Sebastian kvar langevisaren og kortevisaren peikar når klokka er 18.10.

– Så må du vere utanfor her då, slik pappa får tak i deg når eg ropar, sant?

Sebastian forstår det og vinkar til pappaen og broren før døra smell igjen. Patrick har sete stille på fanget til pappa heilt sidan middagen var over. No skal dei leike seg litt på stova før kveldsstell og legging står for tur. Han må berre kose seg på fanget ei lita stund til.

– Patrick elskar å sete på fanget mitt, smiler Jonatan.