Frå Hylen, inst i Hylsfjorden.
Fattighamn, Foldøy.
Strandnellik. Frå Sandvikneset, Foldøy.
Ottøysundet.
Bading på Neset, Sand.
Suldalsvassdraget er det mest vassrike på Vestlandet og er eit av dei viktigaste naturelementa i kommunen. Vassdraget er kraftig regulert, men er likevel svært sentral for friluft- og reiseliv.
For fiskeinteresserte er Suldalslågen kjend som ei storlakselv. Rekorden er 34 kilo!
Store delar av Suldalslågen er og flott for kanopadling.
Suldalsvatnet er 28 km langt, 29 km2 stort og er 376 meter på det djupaste. Med det er det Rogaland sin største innsjø og Noreg sin niande djupaste.
Suldal har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider. Her er eit høgt tal registrerte kulturminne, særleg frå nyare tid. Bilde viser stølen Longhaug i Hamrabøheia.
Kvern ved Kolbeinstveit.
Dyregrav i Kvanndalen landskapsvernområde.
Alle dei fire hjortedyra i Noreg, reinsdyr, elg, hjort og rådyr (bilde) har livskraftige bestandar i kommunen.
Naturen er karakterisert av kraftige kontrastar og stort mangfald i naturtypar. Ei skifting i berggrunnen mellom hardt grunnfjell og mjukare, næringsrike sedimentbergartar gjev stor variasjon i vegetasjonen. Ein blom me finn her og berre få andre stadar i Noreg er bergjunker.
Fjelltjæreblom er ei plante som trivst høgt til fjells. I bakgrunnen er Vassdalseggi, Rogalands høgaste fjell (1658 moh).
Vatn og vassdrag utgjer 55 km2 av Suldal sitt totale areal. I følgje NVE-atlas er det omlag 2200 vatn og tjern over 2,5 dekar i kommunen. På bildet ser me Gjåvatnet.
Med om lag 7 % av Noreg sin vasskraftproduksjon er Suldal ein av dei store kraftkommunane i landet. Prosjekta har ført til store inngrep. Bildet viser Oddatjønndammen og Blåsjø.
Suldal har åtte verneområde. Seks av desse er mindre naturreservat. To er større landskapsvernområde, blant anna Dyraheio der dette bildet er i frå.
Stavanger Turistforening (STF) har seks av sine hytter i Suldalsheiane. Bildet viser Stranddalshytta.
I vatn og vassdrag er aure nær sagt einerådande, sjølv om røye og andre ferskvannsfisk og finst. Mange stader kan ein få storfisk på kroken, men vatn med småfallen fisk er meir vanleg.