Hopp til innhold

Tek hjort knekken på elg og rådyr?

Hjortebestanden har hatt særs gode kår dei siste åra, og har vakse seg rekordstor.

Kronhjort
Foto: Arne Nævra

No sprer dei seg til heile landet, unntatt aust for Glomma og nord for Nordland. Mange fryktar derfor at hjorten vil utkonkurrere elgen og rådyret i matfatet.

Fellingsløyve for 44 000 hjort

Både hjort, elg og rådyr tilhøyrer gruppa hjortedyr. Dei beitar i utgangspunktet på dei same plantene, der knoppar, kvistar, bladverk og busker står på menyen. Gode beite- og oppvekstvilkår har no gitt rekordstor hjortebestand, noko fellingsløyva også vitnar om. I fjor vart det gitt løyve til å felle nesten 44 000 hjort her i landet, som er ny rekord.

Tabell hjortejakt 2007:

Hjortejakten 2007

FYLKE

Tillatt felt

Felt i fjor

Prosent

Akershus

51

6

12

Hedmark

231

120

52

Oppland

948

427

45

Buskerud

670

217

32

Vestfold

152

60

39

Telemark

1385

345

25

Aust-Agder

385

134

35

Vest-Agder

533

118

22

Rogaland

2895

1773

61

Hordaland

7974

6313

79

Sogn og Fjordane

12570

10539

84

Møre og Romsdal

11138

9204

83

Sør-Trøndelag

3725

2862

77

Nord-Trøndelag

875

509

58

Nordland

16

5

31

Ekspander/minimer faktaboks

Hjort til «nye» landsdelar

Den auka hjortebestanden inneber at det blir tettare med dyr i kjerneområda på Vest- og Nordvestlandet. Men i tillegg søkjer hjorten seg ut til «nye» landsdelar der elg og rådyr tidlegare har dominert. I desse områda fryktar folk at hjorten vil utkonkurrere elgen og rådyret i kampen om maten.

No vil det jo ikkje vere gunstig verken for dyra eller naturen om det blir for mange dyr på eitt område. Men kan ulike hjortedyr beite i det same området utan å ete opp maten for kvarandre?

Svaret finn du i denne reportasjen:

Video nsps_upload_2008_8_25_14_39_4_430.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Til nrknatur.no