11.02.2012

Saftig villsvin på grillen

Staffan Lindström og Monika Blikås griller villsvin (Foto: Nils Arne Sæbø/NRK)

Svenskane har akseptert villsvinet – og kokken Staffan Lindström veit akkurat korleis det skal grillast. Her saman med programleiar Monika Blikås i Ut i naturen.

Foto: Nils Arne Sæbø/NRK

Ta eit villsvin, del det i to - og grill!

Direktoratet for naturforvalting (DN) har stempla villsvina som uønska, derfor er det lov å skyte alle villsvin året rundt. I Østfold har dei skote fleire villsvin, og jegerane skryt av det gode kjøtet!

Legg kjøtet i saltlake

For å ta vare på kjøtet, legg du det i saltlake:

  • 8,8 liter vatn
  • 1,2 kg colorozo-salt
  • 1-2 dl druesukker

Bland det kaldt, eller kok opp laken for betre haldbarheit. Eller...

  • 4,4 liter vatn
  • 600 gram colorozo-salt
  • ½ dl druesukker

Kok opp vatnet og bland i salt og sukker. La laken kjølne før du brukar den.

Forklaring: Colorozo-salt inneheld 0,6 % nitritt pr kg, som gir den rosa fargen på kjøtet og samtidig gjer det meir haldbart. Nitritt hemmar blant anna tilveksten av toksin i kjøtet.

Du kan spørje etter saltet i ferskvaredisken i butikken, eller bestille frå storkjøkengrossist.

Tips: Du kan minske saltmengda med 10 % for at villsvinet ikkje skal bli for salt. Du kan også lage eit avkok på krydder som timian, rosmarin, laurbærblad og pepar. Kok det i 10 minutt og la det kjølne, sil av kryddera og bland avkoket med saltlaken.

NETT-TV: Staffan og Monika grillar

Når du grillar villsvinet penslar du det med grillolje for å få eit saftig og glansfullt kjøt. Gjenta penslinga mange gangar under grillinga.

Heimelaga grillolje

  • 2 dl soya
  • 2 ss honning
  • 2 ts ingefær
  • ½ dl sesamolje eller jordnøttolje
  • 1 dl mangochutney

Staffans BBQ-saus

Fres i kasserolle:

  • 500 gram rotfrukter i terningar
  • Løk
  • Paprika
  • 1 chilipepar
  • ½ rund kvitlauk
  • Krydder

Tilset:

  • 1 dl kvitvin
  • 5 tomatar i terningar
  • 1 ss riven ingefær
  • 2 ss råsukker
  • 2 dl grønsaksbuljong

Kok det i 15 minutt og køyr så alt i ein mosar til du har ein tjukk, sausig konsistens. Smak til og server.

QUIZ: Tam?, (søt) og stor!

Nordeuropeiske villsvin

Villsvin
Foto: NRK
  • Par-tåa klovdyrart i svinefamilien
  • Vert mellom 90 – 180 cm lange
  • Kan bli over 200 kg tunge
  • Får 3 kull villsvinungar i løpet av 2 år
  • Er nattaktive, skye dyr
  • Forsvann frå Norge for ca 2000 år sidan
  • På veg tilbake til oss frå Sverige
  • Svenskane gjeninnførte villsvina for 30 år sidan, no har dei 100 000 villsvin
  • Svenskane skyt omlag 30 000 villsvin i året
(Staffan Lindström, kokk Svenska Jägareförbundet Öster-Malma )