Hopp til innhold

Fredlaus i Trollheimen

Ein tjuv og familien hans blei forvist til fjells. Korleis klarte dei seg aleine i vinterfjellet?

Nils Røv
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

For 160 år sidan blei ein tjuv på Nordmøre forvist til fjells i Folddalen i Trollheimen, fordi han stal mat. Biologen Nils Røv er fascinert av historia om "Folddalingen", og han vil finne ut korleis det var å starte på nytt og leve langt frå folk i vinterfjellet.

NETT-TV: Sjå programmet Fredlaus i Trollheimen

Kanskje var ikkje naturen verste fienden for ein familie med tre små ungar, men heller det at den fredlause ikkje klarar å slutte med tjuveri sjølv langt inni Nordmørsfjella.

Bli med til Trollheimen: Freda ro på Renndølssetra (arkiv)

På fisketur: Trollheimens største ørret?

Tjuven

Dette er historia om tjuven som måtte byggje seg ein ny heim innafor innerste setra i Folddalen i 1848. Ingen andre var det som budde vinteren gjennom tre og ei halv mil frå bygda.

Hit vart han jaga med kjerring og tre små ungar for at bygdefolket skulle vere sikre på å få fred for tjuveria hans.

Fjellmannen

Nils Røv i Trollheimen

Nils Røv.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Det er også historia om Nils Røv som alltid har lurt på korleis den fredlause klarte seg i fjellet. Biologen og forskaren vil inn og finne plassen Farkholtet der tjuven levde. Ingen veit heilt sikkert kor stua låg, men Nils Røv har si eiga bestemte meining om kor det er.

Han leitar etter biologiske spor i fotefara etter han dei kalla Folddalingen. For sjølv 160 år etter at det budde folk her, kan det vere muleg å finne merke etter levd liv.

Trollheimen

Nils Røv vil leve eit par månader inne på fjellet, på ein enkel måte omtrent slik Folddalingen gjorde det. Nils vil følge med i naturen og kanskje førstå betre korleis det var for familien på fem å gå på ein vinter i fjellet.

Derfor brukar han god tid innover i desse fjelldalane han har gått i sidan gutedagane. Vi skal vere med Nils i den naturen han set aller mest pris på.

NRK1 tirsdag 11. mars klokka 19:30.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)