Gullet er eitt av dei tyngste metalla vi har; ein liter gull veg nesten 20 kg. Når vi vaskar gullhaldig sand, vil derfor det tunge gullet synke til botn medan sanden blir skylt vekk.
Om nokre av gullområda i Noreg:
- Karasjok: Gull i lausmassar (morene og elvegrus).
- Bindal: Gullgruve kjent frå gamalt av. Nye undersøkingar blir for tida gjennomført i regi av Bindal Gruber (Gexco).
- Eidsvoll: Nedlagt gullgruve.
- Bømlo: Gamle, nedlagte gullgruver. Mineralsamlarar finn gull på gamle gruvetippar.
- Bidjovagge: Nedlagt kopar-/gullgruve. Fleire selskap er for tida interesserte i kopar- og gullmulegheiter i dette området.
Les også: