21.11.2009

Vakker og smart rogn

Rognebær (Foto: Jørn Nordli/NRK)

Rognebæret er eit bæreple – inni fruktkjøtet er det fem rom med frø i. Kvart bær har om lag 10 frø.

Foto: Jørn Nordli/NRK

Det kan verke som om trosten utnyttar rogna sidan den ribbar treet for bær utpå hausten. Men faktisk er det også omvendt – treet utnyttar trosten for å sikre nye generasjonar.

At rogna har intelligens er sjølvsagt å strekkje det for langt – men strategien må seiast å vere både snedig og velfungerande.

Når hausten kjem og treet er klar for å spre frøa sine, kjem første utfordring: korleis få frøa ut av bæret? Eit rognebær som berre dett på bakken vil faktisk ikkje spire. Det er jo bra for modertreet, som dermed slepp å ha tett med rognekratt rundt seg som ville ha konkurrert om næringa i jordsmonnet.

Lokkar med sukker

OK, bæra må altså opnast så frøa kjem ut, og flyttast vekk frå modertreet. Kven då betre egna enn fuglar?

Monika Blikås og Torbjørn R. Paulsen (Foto: Jørn Nordli/NRK)

Monika Blikås og forskar Torbjørn R. Paulsen fortel meir om den smarte rogna i Ut i naturen 2. oktober.

Foto: Jørn Nordli/NRK

For å få fuglen til å velje rognebæret framfor andre bær, lokkar rogna med ekstra høgt sukkerinnhald. Det er stivelsen i bæret som blir omgjort til sukker når den første frostnatta kjem. Sukkernivået i rognebæret er på heile 20%, til samanlikning har blokkebæret berre 2% sukker. Derfor er trosten ekstra glad i rognebæret, som slukar bæra og gjer sukkeret om til feitt. Det treng han på trekkruta sørover til kontinentet.

10 bær i slengen

Fuglen gulpar i seg 10 heile bær i slengen, og set seg i skjul i skogkanten mellom måltida. Etter ein god time hamnar skiten – og frøkappene – på bakken.

Så skjer det snodige: frøets gang gjennom fuglen ser ut til å ha svekka den beskyttande frøkappa. Dermed klarar frøet raskare å bryte ut av kappa, og kjem såleis tidlegare i vekst. I tillegg veks det raskare, sidan det slepp å bruke så mykje energi på å komme ut av frøkappa. Smart, eller kva?

Oppskrifter med rognebær

(Ut i naturen tysdag 2. oktober 2007)

10 siste Natur

Neste sending: Ut i naturen

Ut i naturen: Magasin

NRK2, mandag 23.11. kl. 10.05 | Legg i kalender[?]

Årets store seervideo-finale. Stem fram din favoritt blant årets beste seervideoer fra norsk natur. Programleder Kari Toft presenterer finalistene på sin spesielle villmarks-kino, og drevne naturfotografer viser glimt fra egne blinkskudd.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/ut_i_naturen.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: utinaturen@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Siste Natur

Bildegallerier

Siste Dyrene

10 siste Natur

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK