Sissel Osdal hamna i koma etter ein infeksjon

Sissel Osdal fekk alvorleg blodforgiftningi jula 2013. Ho svevde mellom liv og død i fleire dagar.

Foto: privat

Måtte amputere etter influensa

Tobarnsmor Sissel Osdal (32) takkar snarrådige legar for at ho lever. Ein uskuldig infeksjon heldt på å koste henne livet.

Med gips på ei hand og fingrane delvis borte på den andre handa, skiftar Sissel Osdal i Skodje på Sunnmøre bleie på treåringen sin. Bleieskiftet går fort unna og vesle Rasmus spring nøgd tilbake til leikene på stova. For halvanna år sidan trudde alle at Rasmus og Andrea (9) måtte vekse opp utan mamma.

– Eg er heldig som overlevde og det har alle sagt til meg, seier Sissel Osdal. At det meste av tærne og mykje av fingrane er amputerte, er eit lite offer for å behalde livet.

23. desember 2013 køyrer familien på fire til Ålesund for å feire jul hos foreldra til Sissel. Bilen er fullasta med gåver og finklede. Mormor Mary Osdal har dekt spisebordet til 12 personar og lagt pinnekjøtet i vatn. Under juletreet ligg ein enorm haug med pakkar til spente barnebarn. Sissel Osdal er redd for å øydeleggje julefeiringa. Ho føler seg ikkje i form og har frostrier. Etter eit par timar i senga på gjesterommet byrjar ho å kaste opp og springe på do.

Sissel Osdal måtte amputere etter sepsis

Sissel har sine heilt eigne teknikkar når ho skiftar bleie på Rasmus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sissel tenkjer med gru på at ho kjem til å smitte heile storfamilien med omgangssjuka.

Om morgonen 24. desember orkar ho ikkje å stå opp. Sambuaren Christian Rønning (36) tar seg av ungane og kjem innom soverommet med jamne mellomrom for å sjå korleis ho har det. Sissel føler seg sjukare og sjukare. Medan dei andre er klare for julemiddag, klarer ikkje Sissel å stå på beina. Christian byrjar å forstå at dette ikkje er ei vanleg omgangssjuke. Han får ikkje skikkeleg kontakt med Sissel og ho svarar berre tøv på spørsmåla hans. Legevakta seier at Sissel må kome med det same. Ho er så dårleg at Christian må ha hjelp av svogeren for å få henne inn i bilen.

Sissel Osdal måtte amputere etter sepsis

Sissel Osdal fekk alvorleg blodforgiftningi jula 2013. Ho svevde mellom liv og død i fleire dagar. I dag kan ho gjere det meste, sjølv om mange av fingrane er borte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Blodforgifting

Ved legevakta forstår dei at det er noko langt alvorlegare enn omgangssjuke som har råka Sissel. Ho vert i hui og hast frakta i ambulanse dei 200 meterane det er frå legevakta til sjukehuset. Tilstanden hennar er kritisk og Christian får beskjed om at sambuaren hans kom i siste liten. Blodprøvene viser skyhøge verdiar på infeksjon og tobarnsmora slit med pusten. Sissel har fått sepsis, eller blodforgifting som det også vert kalla.

Heime hos mormor Mary Osdal er stemninga nervøs og laber. Sju år gamle Andrea vil ikkje ein gong pakke opp alle gåvene sine. Foreldra sine presangar ligg uopna og Andrea bestemmer seg for å vente med resten av sine til mamma kjem heim. Ikkje veit lysluggen at det skal ta eit halvt år før mamma Sissel vert utskriven frå sjukehus.

Sissel Osdal saman med barna Rasmus og Andrea

Familien frykta at Rasmus (3) og Andrea (9) måtte vekse opp utan mamma. Heldigvis gjekk det bra.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Christian tilbringer heile julaftan kveld på sjukehuset. I løpet av natta er tilstanden til Sissel stabilisert og den slitne kjærasten vert sendt heim for å kvile.

Fly i uver

Klokka 09 1. juledag kjem telefonen om at situasjonen igjen er kritisk og at familien må skunde seg. Familiefaren røsker Andrea ut av senga og tar henne med seg til sjukehuset. Legane seier rett ut at dei må bu seg på det verste. Sissel er i koma og fleire organ har slutta å fungere. Det vert bestemt at ho skal flyttast til Rikshospitalet, men flyet kan ikkje ta av før vêret vert betre. Seint på kvelden 1. juledag lettar flyet. Bakarst, saman med bagasjen, sit ein livredd Christian med dressko og lånt ytterjakke og tenkjer at han snart kan bli åleinefar til to. I turbulens og stiv kuling sovnar han i lufta. Vidare går turen i 130 km/t i ambulanse til sjukehuset.

– Eg har ikkje fått med meg noko av dramatikken. Eg hugsar så vidt at eg var hos legevakta på julaftan, seier Sissel Osdal.

I sju dagar låg ho i koma, medan helsepersonell gjorde alt i si makt for å berge livet hennar. Både ho og Christian hadde hatt influensaliknande sjukdom ei stund før jul. Om dette er årsaka til blodforgiftinga er det ingen som veit.

Sissel Osdal måtte amputere etter sepsis

Det meste av tærne måtte amputerast fordi dei ikkje fekk blodgjennomstrøyming. Det at stortærne er i god behald, gjer at Sissel har balanse.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Friske kan få sepsis

Sepsis, eller blodforgifting, kan råke både barn og vaksne etter ein infeksjon, men risikoen er større for pasientar over 50 år. Nokre gongar kan heile kroppen reagere på eit sår eller ein streptokokkinfeksjon. I dei mest alvorlege tilfella sviktar livsviktig organ.

– Det som er skummelt med sepsis er at også folk som tilsynelatande er friske, kan få det, seier Hans Kristian Flaatten ved Haukeland universitetssjukehus. Han er professor i intensivmedisin.

Alle typar infeksjonar kan gi sepsis. Under svineinfluensapandemien utvikla dei mest alvorleg sjuke pasientane sepsis. Normalt er streptokokkbakteriar, stafylokokkar og til dømes E. coli-bakteriar hyppig årsak til sjukdomen. I Noreg finst det ingen statistikk på kor mange som døyr av sepsis, men ein reknar med at 13 prosent av dei som er alvorleg ramma, døyr. Mange får også skader etter sjukdomen og må amputere. Anten fordi blodsirkulasjonen har blitt dårleg eller på grunn av bakteriar som har angripe huda.

– Det aller viktigaste er å kome raskt til sjukehus og at diagnosen blir stilt fort. Vi ser dessverre ofte at det går for lang tid både å stille diagnose og for helsepersonell å erkjenne at dei ikkje har ressursar til å behandle pasienten. Der vil eg gi all ære til Ålesund sjukehus for at dei sende Sissel vidare til Rikshospitalet, seier Flaatten. I 2016 skal Helsetilsynet sette fokus på nettopp alvorleg sepsis.

LES OGSÅ:

Fryktar hjerneskade

Mary og Sissel Osdal

Mary sat hos dottera då ho vakna etter koma og har aldri sett eit så vakkert smil som då Sissel smilte til henne.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I romjula 2013 byter familien til Sissel på å sitte hos henne på isolatet på Rikshospitalet. Christian får beskjed om at det kan ta lang tid før sambuaren kjem til å vakne frå koma. Han må også vere budd på at Sissel kan vere hjerneskadd. 1. januar reiser han difor heim til Skodje saman med Andrea, som snart skal på skulen. Mary Osdal, mor til Sissel, vert att på sjukehuset saman med dottera. Same kveld opnar Sissel auga.

– Eg har aldri sett eit finare smil enn det Sissel gav meg den dagen. Ho prøvde å prate, men fekk det ikkje til på grunn av slangane i munnen, fortel Mary Osdal.

Det går ikkje lang tid før tobarnsmora klarer å prate med Christian på telefon, medan ein sjukepleiar held røret. Sissel grin og Christian grin. Det same gjer sjukepleiaren som held telefonen. To dagar seinare vert ho flytta til Ålesund sjukehus att. Der ventar seks månader med kirurgiske inngrep og opptrening. Store delar av tær og fingrar må amputerast, fordi dei ikkje hadde fått blod. Sissel brukar lite tid på å fundere på kvifor det skjedde og korleis livet har endra seg i ettertid.

– Det vart berre slik, og føler ikkje at det er urettferdig eller bittert at eg vart sjuk, seier tobarnsmora og læraren.

Rikshospitalet redda Sissel

Overlege Hilde Hellebust Haaland ved Ålesund sjukehus seier at det er sjeldan at dei får inn pasientar med så alvorleg blodforgifting som Sissel hadde. Då Haaland kom på vakt om morgonen 1. juledag klarte ikkje Sissel puste sjølv og vart lagt i respirator. Legane var i tett kontakt både med St. Olavs Hosital og Rikshospitalet.

– Ho var svært dårleg og hadde svikt i mange organsystem. Vi snakka med dei andre sjukehusa for å høyre om dei hadde anna behandling å tilby, seier Haaland.

Då Sissel i løpet av ettermiddagen vart endå dårlegare, vart det bestemt at ho skulle sendast til Rikshospitalet. Der har dei ei avansert hjarte og lungemaskin.

Haaland er ikkje i tvil om at Sissel overlevde på grunn av behandlinga ho fekk på Rikshospitalet.

– Det gjorde sterkt inntrykk på meg at ei ung småbarnsmor plutseleg kjempar for livet. Ho kunne døydd 1. juledag, men eg er glad for at det gjekk bra, seier Haaland. Legane kan ikkje sjå anna årsak til at Sissel vart sjuk enn at influensaen ho hadde gjorde henne meir mottakeleg for å få alvorleg blodforgiftning.

Broderer med munnen

Sissel Osdal

Brodering er den store hobbyen til Sissel og sjølv om fingrane manglar, har ho funne sin eigen teknikk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sissel har kome seg tilbake i 47 prosent stilling på jobb og har også brukt tida på sjukehuset til å ta fleire studiepoeng for å bli adjunkt med opprykk. Akkurat no er læraren sjukmeld fordi ho nettopp har tatt to nye operasjonar i handa og foten. Inngrepet skal gjere det mindre vondt å gå og lettare å gripe ting med handa. Både mora Mary og ektemannen Christian skildrar Sissel som ekstremt sta. Det at ho i tillegg har godt humør og klarer å vere positiv, trur dei er grunnen til at ho har kome så raskt tilbake til kvardagen.

I ein kommode på stova ligg sysakene til Sissel. Brodering har vore den store hobbyen og det at ein stor del av fingrane er borte, hindrar henne ikkje i å sy. Der hendene ikkje strekk til, brukar ho munnen.

Tøft for barna

Også vesle Rasmus byrja ein periode å bruke mammas teknikkar. Dei tilsette i barnehagen la merke til at guten brukte knyttnevane og armkroken til å bere ting.

– Han er for liten til å forstå kva som skjedde då eg var sjuk, men dette var kanskje hans måte å reagere på, seier Sissel.

Foreldra har forklart Rasmus kvifor mamma ikkje alltid kan bruke hendene og at han sjølv har to friske hender som fungerer. For Andrea har sjukdomsperioden vore tøffare. Ingen prøvde å halde det hemmeleg at mamma Sissel kunne døy. I etterkant har borna fått mykje hjelp frå kommunens kriseteam, der både barnehage, skule, lege og psykiatrisk skule har vore involvert.

– Ofte prøver ein å skåne små barn, men for Andrea var det bra å få bli med. Eg er også imponert over dei tilsette på sjukehuset som heile tida forklarte henne kva som skjedde, seier Sissel. Ho er djupt takknemleg over behandlinga ho sjølv fekk.

– Eg har fått den beste behandlinga heile vegen. Det finst solskinshistorier i helsevesenet og det er eg eit eksempel på. Eg sit jo her. Dei som har hjelpt meg fortener ein stor takk, seier Sissel Osdal.

Sissel Osdal og Christian Rønning

Sissel Osdal og Christian Rønning er takknemleg for at helsevesenet i alle instansar har gjort ein så god jobb.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK