Ronja Gujord og Peter Bors
Foto: Kenneth Kamp

– Alt gjekk feil, men frieriet vart perfekt

For Peter var det spektakulært, for Torunn var det overraskinga, og for Kim gjekk ingenting som planlagt. Men kva er eigentleg det perfekte frieriet?

Då Peter møtte Ronja.

Året er 2010 og ei lita bygd på Sunnmøre skal snart få oppleve eit sirkusnummer dei ikkje hadde venta. På slutten av førestillinga i Stordal 2. mai, går ein av artistane ned på kne for å fri.

Artisten er den ungarske akrobaten Peter Borst. Året før var han på leiting etter ein ny jobb. Han får høyre om ei ledig stilling i det Kristiansundbaserte Cirkus Zorba og tek kontakt med ein gong. Der møter han Noregs yngste sirkusdirektør, Kristiansundsjenta Ronja Gujord.

Klovnar, akrobatar og sirkushestar er daglegdags for Ronja, som overtok som sirkusdirektør som nittenåring. Faren hennar Thor starta sirkuset då dottera var berre eitt år gammal, og dei har levd i sirkusverda sidan.

Ronja lar seg sjarmere og gir jobben til den høge, mørke og sterke ungarske artisten. Det var kjemi frå fyrste møte, og det tok ikkje lang tid før dei to gjekk frå å vere kollegaer til kjærastar.

– Vi merka fort at vi hadde mykje til felles. Eg byrja sjølv på artistskule allereie som 12-åring, og kom frå ein oppvekst i sirkusteltet, seier Peter.

Med sagmugg og geiter på slep

Sirkusdirektøren og den åtte år eldre kjærasten var alt frå starten sikre på at det alltid skulle vere dei to. Saman reiser dei over heile landet, med geiter, sagmugg og akrobatar på slep. Og i sirkusmanesjen er dei er på sitt lukkelegaste.

– Det tok ikkje lang tid før eg tenkte på ekteskap. Vi hadde berre vore kjærastar i eitt år, men eg visste at ho var den rette for meg, og den einaste for meg, seier Peter.

Peter er opptatt av tradisjonar, og går difor til Ronja sin far for å spørje om han kan gifte seg med dottera. Men sjølve praten med den pensjonerte sirkusdirektøren går ikkje heilt som planlagt.

– Eg prøvde å forklare at eg ville gi ho ein ring på slutten av sirkusshowet den komande helga.

– Han sa at sjølvsagt kunne eg få gi dottera hans ein ring, men eg trur ikkje han skjønte at eg ville fri, seier Peter.

Ronja Gujord og Peter Bors

2. mai for fire år sidan fridde Peter til Ronja under sirkusshowet i sunnmørsbygda Stordal. Ronja blei mildt sagt sjokkert.

Foto: Kenneth Kamp

Overraskande avslutningsnummer

Maikvelden i 2010 står Peter i kulissane og sveittar. Han kjenner ringen brenne i lomma.

– Eg hadde fått ringen av bestemora mi, den hadde vore hennar og ho ville at Ronja skulle ha den. Ho var einig i at Ronja var meir enn god nok til barnebarnet, seier Peter.

Ronja er i ferd med å avslutte framsyninga då Peter kjem inn i manesjen. Mannen i hennar liv. I kvitskjorte og svart dress snik han seg innpå, og før Ronja veit ordet av det, tek han mikrofonen.

– I love you so much. I want to spend the rest of my life with you, seier han.

Så går Peter ned på kne framfor 300 menneske, og den unge sirkusdirektøren får si livs overrasking.

Ronja gret av glede og klarar ikkje å ta hendene frå munnen. Eit ekte, romantisk sirkusfrieri er ikkje kvardagskost.

– Vil du gifte deg med meg?

Med så mange tilskodarar er presset stort. Men Ronja nikkar ivrig og får ringen på fingeren. Så held dei rundt kvarandre. Lenge.

Ronja Gudjord og Peter Bors

Poledanseren Peter Bors overraska sjefen sin med frieri i sirkusmanesjen. Peter har jobba med sirkus i over 20 år, og er kjend frå deltakinga si i årets Norske Talenter der han kom til semifinalen.

Foto: Etphotography

– Ho kunne nesten ikkje seie nei med så mange i publikum, seier Peter og ler.

To år seinare utvekslar dei løfter om evig truskap. Igjen med manesjen som kulissar. Paret har no vore lukkeleg gift i to år, og begge er sikre på at sirkusdrifta vil vere med dei langt inn i framtida.

– Dette er livet vårt. Vi har begge lyst til å halde fram med sirkuset så lenge vi kan. Vi vil ikkje gi opp, seier Peter.

Trend

Peter og Ronja er ikkje aleine om å gjere noko ekstra ut av nettopp frieriet. Sosialantropolog og trendforskar Gunn-Helen Øye har også merka at mange vel å gjere det spektakulært når dei skal fri til kjærasten.

Gunn-Helen Øye

TRENDAR: Gunn-Helen Øye merker at frieria blir meir og meir spektakulære.

Foto: FBI / NRK

– Sjølve frieria er mykje større i dag enn det var for ti år sidan. Mange gjer mykje meir ut av det no enn før, både i forhold til storleiken på ringen, kvar dei skal fri og korleis dei vil gjer det, seier Øye.

Ifølgje Øye er det stadig fleire som nyttar seg av ritual knytt til ting dei meiner er viktige.

–Det har vore ei klar utvikling innanfor dette området. No er det fleire som mellom anna vel å be faren om handa til dottera før dei frir, seier Øye.

Torunn og Arnstein

På Tustna på Nordmøre bur ekteparet Arnstein Brevik og Torunn Inderhaug. Begge er lærarar og begge er lokalpolitikarar, han for Arbeidarpartiet, ho for SV. Saman har dei to vaksne søner.

Men historia starta lenge før. På slutten av 80-talet er Torunn nyutdanna og søkjer jobb på den fråflyttingstruga øya Tustna.

– Eg fekk tilbod om fast jobb, og slo til, seier Torunn.

Det er få unge menn att på øya, men blant dei som bur der er det ein ho leg særleg merke til.

– Eg var ikkje noko særleg interessert i friarar, men det var heilt til eg møtte Arnstein, seier ho og ler.

Snart er dei eit par. Men giftarmål blir det ikkje.

– Han fridde fleire gongar, men kvar gong bles eg det berre vekk. Han gjekk så langt at han fekk bestekameraten til å fri for seg, men ikkje ein gong det fungerte, ler Torunn.

Torunn & Arnstein

LYKKELEGE: Torunn og Arnstein har alltid hatt ein god tone, og humoren sitt framleis laust mellom dei to.

Foto: Privat

Ein bursdag og ei overrasking

I 1998 fyller Arnstein 40 år og det skal sjølvsagt feirast.

– Han blei jo trass alt 40, så noko lurt måtte eg jo finne på, seier Torunn.

Det Arnstein ikkje veit er at kjærasten har planlagt ei ekstra overrasking på dagen. Sjølv trur han dei skal til byen for å handle inn til feiringa.

– Eg måtte overbeviste han om at det var heilt nødvendig at han blei med, seier Torunn.

Handleturen er raskt unnagjort. Litt for raskt. For Arnstein meiner dei kan rekkje ferja tilbake alt klokka eitt. Torunn må finne på stadig nye grunnar til å halde han i byen, for ho har ein plan som følgjer eit ganske stramt tidsskjema.

– Til slutt kom eg ikkje på noko anna enn at eg trengde ei røykepause. Eg røykte og røykte til eg blei skikkeleg kvalm av alle sigarettane, seier Torunn.

Men tida gjekk, og dei rakk ikkje ferja.

Då Torunn gjekk ned på kne

Kvart over eitt står dei begge på tinghustrappa. Tilfeldig, trur Arnstein, men Torunn veit betre. Framleis dårleg av all røykinga går ho ned på kne.

Torunn & Arnstein

UTRADISJONELT: Det var ikkje berre frieriet til Torunn og Arnstein som var utradisjonelt. Det nærmaste dei kjem eit brudebilde er dette.

Foto: privat

– Vil du gifte deg med meg?

Arnstein blir ein smule forvirra, men svarar:

– Ja?

– Då må du raske på! Vigsla startar om fem minutt.

To gode vener dukkar fram frå eit hjørne. Dei skal vere vitne. Saman går dei inn til sorenskrivaren der alt er klappa og klart.

På kort tid har det blitt både frieri og giftarmål – og til alt overmål bursdagsfeiring for ein overraska førtiåring.

Dei er framleis gifte. Og på seine kveldar, i festleg lag på Tustna, vert det framleis snakka om Arnstein som til slutt fekk si Torunn. Og om kva dei skal finne på når Arnstein fyller 60.

Høgare alder ved første ekteskap

Lars Dommermuth

UTVIKLING: Ifølgje Lars Dommermuth i SSB er det fleire som vel å teste forholdet gjennom eit sambuarskap, før dei vel å gifte seg.

Foto: SSB

Vi er eldre når vi gifter oss no enn for ti år sidan, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Lars Dommermuth, forskar hos SSB, seier endringa i stor grad skuldast at det er langt vanlegare å vere sambuarar.

– Sambuarskap har tatt over rolla som første samlivsform. Tidlegare var det meir vanleg å gifta seg før ein flytta saman, no er det fleire som bur saman i lengre periode før dei eventuelt giftar seg. Alderen ved første ekteskap har difor blitt mykje høgare enn den var, seier Dommermuth.

Han trur mange vel å bruke sambuarskap som ein prøveklut før dei avgjer om dei vil leve saman eller ikkje, og om ein skal gifte seg eller gå frå kvarandre.

– Ofte flyttar eit par saman for å sjå korleis det går – om dei passar saman. Mange får det første barnet medan dei framleis er sambuarar, og så giftar dei seg gjerne før barn nummer to blir fødd. Eller dei går frå kvarandre om dei ser at det ikkje går, seier Dommermuth.

Ekteskap framleis vanleg

Trass i at giftealderen blir høgare, ser det ikkje ut til at talet på giftarmål går ned.

– Mange vil nok vente til dei har fullført utdanning, kjøpt hus eller kanskje til og med fått born. Dei er ofte meir etablerte før dei vel å gifte seg no enn før, seier Dommermuth.

Han trur symbolikken rundt giftarmålet har endra seg i takt med endringa i samlivsform.

– Før markerte ekteskapet starten på partnarskapen, no er det meir eit symbol på at ein har etablert seg som ei familie. Å bli sambuar er ganske uformelt no til dags, så på den måten blir eit frieri og eit giftarmål meir formelt, seier Dommermuth.

– Det er få formelle fordelar ved å gifte seg i dag, dermed blir truloving og ekteskap meir eit signal til omverda om at dei to vil vere saman resten av livet, held han fram.

Kim og Erling

Det er 18 desember 2008, og staden er Molde. Ein smånervøs Kim Thoresen stressar rundt for å få på plass dei siste detaljane.

Bryllup

PROBLEM: Ingenting gjekk som planlagt då Kim skulle fri til Erling i desember 2008.

Foto: Privat

Ute fell snøen i store flak, og alt ligg til rette for ei perfekt ramme rundt det som skal skje. Kvar ein minste detalj er tenkt på og sjekka. I dag er Dagen med stor D.

– Eg hadde planlagt dette i lang tid. Datoen hadde nemleg ei spesiell tyding for oss, fordi det var akkurat to og eit halvt år sidan vi møttest for første gong, seier Kim.

For historia til Kim frå Flisa og Erling Vestre frå Molde, startar alt i 2006. Kanskje kan ein seie at det var kjærleik ved fyrste tastetrykk. Kim og Erling møttest på internett og dei to fekk raskt ein god tone.

Praten gjekk laust og ledig, og det tok ikkje lang tid før dei to ville treffast, ikkje berre snakke på nettet. Det var full klaff, og sidan har det vore dei to.

Plan b

Men tilbake til 18 desember 2008. Kim har planlagt den perfekte staden for eit minneverdig frieri.

– Eg hadde planlagt å fri på ein stad med utsikt over Molde, omgitt av fakkelboksar. Det skulle vere overraskande og romantisk, seier Kim.

Men Vestlandsvêret ville det annleis:

– Vêret var dårleg og vegen opp til utsiktsplassen blei stengd. Ein halvtime før vi skal av garde, kjenner eg panikken slå inn, seier Kim.

Kim er irritert, han har jo planlagt alt så nøye, dette skulle jo bli perfekt. Dei to set seg i bilen, og Kim tenkjer så det knakar. Han prøver å køyre så langt opp som mogleg, og håper han kan finne ein fin plass litt lenger nede.

– Vi køyrde oppover bakkane, men vêret blei stadig dårlegare. Eg leitte desperat etter ein plass å stoppe, seier Kim.

Han kjenner på nervane, til liks med dei fleste som skal be den han elskar om å dele resten av livet sitt med han.

På ei busslomme i Molde

– Dersom det skulle skje, så måtte det skje på den datoen. Det var ikkje aktuelt å ta det igjen, seier Kim.

Stressnivået er skyhøgt. Det nøye planlagde frieriet har gått i vasken.

– Eg var redd det kom til å bli så dårleg at han ikkje ville seie ja.

Men så tenker han på alt dei har saman; interessene, målsetjingane og planane dei deler for framtida. Kim tek mot til seg.

– Eg innsåg at eg berre måtte ta det på sparket. Eg svinga av på den fyrste plassen eg kunne finne, seier Kim.

Og der i bilen, i ei busslomme i Molde medan regnet høljar ned, kjem Kim seg endeleg til å stille spørsmålet han har planlagt.

– Erling, vil du gifte deg med deg?

– Er det ikkje dumt å fri, når vi ikkje kan gifte oss då?

Erling ser på Kim spørjande.

Responsen er kanskje ikkje heilt som venta. I 2008 er det enno ikkje lov for homofile å gifte seg, men få veker seinare skal ei ny lov tre i kraft som gjer det lovleg.

Det har likevel ikkje noko å seie, Kim og Erling veit at dei høyrer saman, og Erling seier sjølvsagt ja.

– Omgjevnadene var kanskje ikkje heilt ideelle, men det viktigaste var at vi var der saman. Vi delte eit minnerikt augneblikk som vi aldri vil gløyme, seier Kim.

– Alt gjekk feil, men frieriet vart perfekt, held han fram.

Busslomme

BUSSLOMME: Her på denne busslomma i Molde fridde Kim til Erling.

Foto: Privat

Lykkeleg gift

Bryllup i Tromsø bibliotek

GIFT: Sommaren 2011, fem år etter at dei møttest, gav Kim og Erling kvarandre sitt ja i Tromsø.

Foto: Eva-Lill Kristengaard/privat

Om sjølv om frieriet ikkje gjekk som det skulle, så vart bryllaupet som planlagt.

– Vi tok verkeleg igjen den koselege ramma under bryllaupet, seier Kim.

For sommaren 2011 fekk dei to den dagen dei hadde ynskt seg. Erling og Kim blei gift i eit glashus i Tromsø, i perfekte omgjevnader og i strålande solskin. Med vener og familie rundt seg sa dei to ja til å dele resten av livet sitt med kvarandre i ein humanistisk seremoni.

I dag har dei vore gift i tre år, og ser tilbake på frieriet med litt meir humor enn dei gjorde den desemberdagen for vel fem år sidan.

– Vi er kanskje ikkje standard A4-menneske, så det passar kanskje oss at vi ikkje hadde eit standard A4-frieri heller, seier Kim.

Slik planlegg du frieriet

Planlegging, planlegging og planlegging, seier Charlotte Morits, redaktør DittBryllup, når ho blir spurt kva som skal til for å få eit perfekt frieri.

– Først og fremst er det viktig å tenke på kven du frir til, og kva som er viktig, både for den som frir og den som blir fridd til, seier Morits.

Du må ta omsyn til korleis personen er, og kva han eller ho likar, før du går ned på kne.

– Det er viktig at frieriet passar til den du skal fri til. Dersom du skal fri til ein person som ikkje er glad i mykje merksemd, så kan det vere lurt å velje ein stad som er meir personleg og intim, seier Morits.

Morits merkar at dei spektakulære frieria blir stadig meir populære, og trur mange let seg påverka av omgjevnadene sine.

Charlotte Morits

PERSONLEG: Charlotte Morits meiner det personlege er det viktigaste elementet i eit frieri.

Foto: Privat

– Eg trur mange tenker at dei må gjere noko spektakulært når dei skal fri, spesielt dersom det er andre i omgangskretsen som har fridd på spesielle måtar. Då vil mange kanskje prøve å overgå kvarandre.

Spesielt trur ho det er lett å bli påverka gjennom sosiale medium.

– Dei største frieria blir ofte lagt ut på Youtube, i tillegg kan ein sjå videoar som venar legg ut på Facebook og liknande nettstadar, då er det lett å bli påverka, seier Morits.

Sjølv trur ho eit frieri ofte er overraskande nok i seg sjølv.

– Det å bli fridd til kan i seg sjølv vere sjarmerande og romantisk. Eg blei fridd til i gangen heime og syns det var heilt perfekt og veldig overraskande for meg, seier Morits.

– Kanskje er det meir overraskande å bli fridd til i uventa og kvardagslege omgivnadar, for eksempel heime. Det er kanskje meir forventa dersom det skjer på ferie eller på ein spesiell plass, held ho fram.

Om det skjer i ei busslomme, på trappa til tinghuset, i sirkusmanesjen – eller rett og slett heime: Kva som er spektakulært og minneverdig, er opp til dei to som er i sentrum for hendinga.

Og sjølv om spektakulære frieri ser ut til å vere i vinden, trur Morits det mest sentrale elementet i eit frieri er det personlege.

– Det viktigaste er sjølve frieriet, ikkje nødvendigvis korleis ein gjer det. Det storslåtte ved frieriet er den opplevinga dei to personane delar, seier Morits.

Og er det noko desse tre unike frieria viser oss, så er det at det betyr ikkje så mykje kor eller korleis det skjer, men den augneblinken dei to deler, og som aldri vil bli gløymt.