Sedrik Engebø Ullebø viser fram premiesamlinga si

NØGD: Sedrik Engebø Ullebø viser fram premiesamlinga han har sikra seg på ski og sykkel. Han håpar samlinga skal bli endå større med åra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han er Norges beste både sommar og vinter

Sedrik Engebø Ullebø (16) er ein råtass både på ski og sykkel. Så rå at han er den første som går på to toppidrettslinjer. Samtidig.

– Eg byrjar å bli vand med å leve i ein bag, smiler Sedrik Engebø Ullebø.

Han står bøygd over ein treningsbag stappa med fleire par rulleski, hjelm, skisko og anna utstyr og klede. 16-åringen har akkurat komme heim til Høyanger etter fleire månader på reisefot.

Ute er det mørkt, vått og surt. Industristaden ved Sognefjorden er i ferd med å vakne til ein ny haustdag. Kontrastane er store til Mallorca, der han har vore på treningsleir siste veka.

– Eg vil bli best både på ski og sykkel. Så får vi sjå kva framtida viser. Eg vil vere den beste. Elles hadde eg nok ikkje drive med dette, seier Sedrik.

For nokre månader sidan tok han til ved skulen som har fostra nokre av våre aller største idrettsstjerner. Ved Norges Toppidrettsgymnas (NTG) har Ole Einar Bjørndalen, Lasse Kjus og Thor Hushovd trakka sine ungdomssko - men ingen av dei har gjort som Sedrik: Han går nemleg på to linjer.

– Han er så god i både sykling og langrenn at vi har valt å gje han tilbod om delt skuleplass. Så kan han heller velgje idrett etterkvart, seier toppidrettssjef Thorleif Gunhildrud ved NTG.

– Vi har hatt mange som har vore gode i fleire idrettar ved skulen, men som oftast må dei ta eit val. Men Sedrik er så god at vi som eit prøveprosjekt lar han - som den aller første - ta dette valet seinare, forklarer han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Engebø Ullebø pakkar bagen heime i gangen

PAKKAR BAGEN: Sedrik Engebø Ullebø er vand med å leve i ein treningsbag. I løpet av året kan han komme opp i bortimot 100 reisedøgn.

Foto: Rune Fossum / NRK

28. februar 2014, Gåsbu: Landets beste ungdommar på ski er samla til det store hovudlandsrennet i langrenn. På sigerspallen står Sedrik Engebø Ullebø etter å ha storma inn til andreplass på 7,5 kilometer klassisk.

Nokre dagar seinare er det klart for sprint i fri teknikk. Også her kjempar Ullebø seg inn til medalje. No blir det bronse. Sogningen er den einaste blant dei ni beste i dei to heilt ulike øvingane.

– Hovudlandsrennet var nok det beste eg gjorde i langrenn sist sesong. Det er medaljar som heng høgt, seier Sedrik.

Han har teke NRK.no med på guterommet i Høyanger. Det vesle rommet er prega av ei premiesamling med store pokalar og mange medaljar.

Idrettstalentet trekkjer fram ein klase store medaljar.

– Dei er frå eit stort sykkelritt i Sverige i fjor, og det var veldig kjekt å få dei. Det var stas å stå på pallen, sprette sjampanjen og vite at eg hadde gjort ein god jobb.

– 2014 har nok vore det beste året mitt til no. Eg har nesten ikkje hatt nedturar, smiler Ullebø.

10. august 2014, Sandnes: Sedrik Engebø Ullebø er favoritt på fellesstarten over 65 kilometer under ungdomsmeisterskapen i sykling. Norges beste 16-åringar er samla på startstreken, men Ullebø har eit overtak etter å ha vunne temporittet dagen før.

Det skal vise seg å bli ein maktdemonstrasjon.

Storfavoritten fra Sogn, Sedrik Ullebø, stakk igjen av med seieren etter et fryktinngytende rykk allerede etter første runde. Han fikk med seg en 5-6 andre ryttere og disse holdt følge et stykke ut i løpet før både den ene og andre datt av. I siste bakke inn mot målstreken satte Sedrik inn støtet og distanserte sine gjenværende konkurrenter med 15-20 sekunder.

Sandnes Sykleklubb på nett

Bli med Sedrik på trening og inn på guterommet (Artikkelen held fram under videoen):

Sedrik Engebø Ullebø (16) er ein råtass både på ski og sykkel. Så rå at han er den første som går på to toppidrettslinjer. Samtidig.

– Kva går gjennom hovudet ditt når du vinn slike ritt?

– Lykke. Det er ei god kjensle. Spesielt når eg kjem åleine over mål og har tid til å nyte det, seier Sedrik.

Ein månad seinare er han med i Roserittet i Østfold. Han endar på andreplass i tredagarsrittet. Ein sterk prestasjon i konkurranse med eldre utøvarar i juniorklassen. Siste dagen kronar han slutten på sykkelsesongen med å gå til topps på fellesstarten.

I månadsskiftet september - oktober pakkar han bort sykkelen og finn fram skiutstyret. No ventar eit miljøskifte. Sykkelkameratane på NTG Bærum blir skifta ut med skifolket på NTG Geilo.

Der går det meir eller mindre i eitt. Sedrik la bak seg 25 treningstimar på ei veke under den nyleg avslutta samlinga på Mallorca.

– Det gjekk fint å skifte miljø. Eg kjende ein god del av dei nye klassekameratane frå før, så det var eigentleg ikkje noko problem.

– Men dei andre skiløparane hadde eit ganske stort forsprang på meg, som berre har drive med sykkel i sommar. Eg fekk rett og slett bank i starten. Men no er eg nesten der. Gje meg ein månad, så skal eg vere forbi, gliser Sedrik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Engebø Ullebø på rulleski heime i Høyanger

TØFF SATSING: Sedrik Engebø Ullebø satsar på å bli god i to idrettar samtidig. Han veit at han før eller seinare må ta ein val - men ifølgje Olympiatoppen kan han godt vente til slutten av tenåra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Opplegget hans er heilt unikt i norsk målestokk. Berre unnataksvis har folk gått to linjer på NTG før. For eksempel Andreas Mikkelsen, som starta som alpinist på Geilo, før han seinare skifta og vart rallyførar i Bærum.

Men ingen har vore så gode i to idrettar at dei har fått eit tilbod som Engebø Ullebø. Han får gå to linjer i eitt og samme skuleåret.

Det får Odd-Bjørn Hjelmeset til å ta fram dei store superlativa. Den tidlegare langrennsløparen tok VM-gull på femmila i Sapporo 2007. Han har åtte sigrar i verdscupen - men det kanskje færre veit, er at nordfjordingen også har to NM-medaljar på 3000 meter hinder i friidrett.

Odd-Bjørn Hjelmeset framfor hytta på Beitostølen

IMPONERT: Odd-Bjørn Hjelmeset var sjølv god i fleire idrettar, og synest ungdom bør halde fram med allsidig aktivitet så lenge som mogleg. Han let seg imponere over det Sedrik Engebø Ullebø har fått til.

Foto: Rune Fossum/NRK

I 2012 fekk han Egebergs Ærespris for å ha hevda seg på toppnivå i langrenn, friidrett og motbakkeløp.

– Det Sedrik gjer er fantastisk bra. Det er eventyrleg at han kan vere så god i alt. Og sannsynlegvis kunne han ha blitt god i mykje meir enn berre langrenn og sykling. Han er nok eit usedvanleg bra talent, seier Hjelmeset.

– Kva tenkjer du om satsinga på to idrettar?

– Eg meiner han gjer det heilt rett. Det er viktig å vere allsidig så lenge ein kan. Det gir mindre sjansar for belastingsskader, og variasjonen gjer at ein gjerne blir meir motivert. Om eit år eller to må han nok bestemme seg for kva han skal bli. Men eg hyllar han for å har tora å satse på to idrettar så lenge.

Det er eventyrleg at han kan vere så god i alt

Odd-Bjørn Hjelmeset

(Artikkelen held fram under grafikken)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Egebærgs ærespris 2000 - 2013» i nytt vindu

Ifølgje Olympiatoppen syner all erfaring at mange verkeleg gode topputøvarar i uthaldsidrettar har drive med to eller fleire idrettar til ganske høgt opp i alder.

Ei undersøking frå 1998 blant norske toppidrettsutøvare innan uthalds- og styrkeidrettar synte at valde hovudidretten sin då dei var om lag 14 og eit halvt år. Eitt år seinare valde dei gjerne borte andre idrettar - men to av tre heldt fram med å kombinere to idrettar.

I nyare tid har Thor Hushovd satsa på sykling, men han brukte langrenn som ein viktig del av treninga vinterstid. Kurt Asle Arvesen hadde langrenn som hovudidrett til han var 18 år. Då valde han å prioritere sykkelen. Marit Bjørgen var god i ballidrettar fram til ho satsa alt på langrenn i slutten av tenåra.

– Både sykkel og langrenn er idrettar med høg topp-prestasjonsalder, og vi anbefaler faktisk utøvarar i uthaldsidrettar til å drive variert. Dei kan gjerne konkurrere i to eller tre idrettar til godt opp i alder. Men det kjem sjølvsagt eit tidspunkt der kravet til spesialisering blir så høgt at ein er nøydd til å ta eit val, seier Åke Fiskerstrand.

Han er fagkonsulent ved avdeling for unge utøvarar på Olympiatoppen, og er oppteken av korleis unge talent kan ta steget og bli internasjonale topputøvarar.

Han held fram:

– Det betyr ikkje at ein må slutte å trene i fleire idrettar, men at ein i hovudsak må velgje å delta i konkurransar i éin av idrettane. Det er fordi konkurransane etterkvart blir så intensive og tar så mykje tid, at om ein skal konkurrere for fullt i to idrettar, så får ein ikkje trent nok.

– Kva tid må ein ta dette valet?

– I desse to idrettane ser det ut som om slutten av tenåra er tida då ein må velgje kva idrett ein skal fokusere mest på når det gjeld konkurransar. Men det betyr altså ikkje at utøvaren skal slutte å gå på ski eller sykle som trening ved sida av den idretten ein konkurrerer i, seier Fiskerstrand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Engebø Ullebø syklar i mål som vinnar på Roserittet

SLO DEI ELDRE: Sedrik Engebø Ullebø syklar i mål som vinnar under Roserittet tidlegare i år. Sogningen gjekk opp ein klasse til junior, men hamla likevel opp med dei eldre utøvarane.

Foto: Karstein Vabø

Fiskerstrand meiner ein utøvar som Sedrik Engebø Ullebø har eit godt utgangspunkt for å lykkast på toppnivå. For sjølv om han framleis har ei god stund igjen til han er på seniornivå, og mykje kan skje, viser all erfaring at utøvarane får igjen for allsidigheit på sikt.

– Når ein utøvar har blitt 16 år, er eg ikkje så redd for at han berre skal vere ei barnestjerne. Han er kanskje allereie forbi puberteten, og då viser det seg at det byrjar å bli ganske stor samanheng mellom prestasjonsnivå no og nivå i vaksen alder, seier Fiskerstrand.

Han understrekar at den kanskje aller største jobben er den utøvarane må gjere frå dei er 16 til dei kjem opp på toppnivå. Det går på det tekniske, fysiske, taktiske - og ikkje minst alt som har å gjere med ernæring og livsstil.

– Ein skal også bli ein endå betre konkurranseutøvar og utvikle den mentale biten. Det som vil avgjere er om han faktisk klarer å gjere den jobben, og at han får god nok vegleiing til å gjere det som skal til.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Faktaboks - Trening for born og ungdom» i nytt vindu

Tilbake i Høyanger har pappa Bernt Ullebø funne fram kaffien og slege seg ned ved stovebordet. Han kjøpte den første sykkelen til gutungen då han var åtte år. Sidan har det gått slag i slag:

Sedrik konkurrerte på sykkelsetet for første gong som niåring. Det same året gjekk han sin første konkurranse på ski.

– Eg hugsar det ikkje. Men det kan jo sjå ut som om eg likte det. Har lege i toppen sidan då, seier Sedrik sjølv.

– No går det i eitt. Eg veit ikkje kor bra det er, men..., seier Bernt Ullebø og let orda hengje litt i lufta.

Pokalane til Sedrik Engebø Ullebø

PREMIAR: Store pokalar står oppstilt på hylla på guterommet i Høyanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Utfordringa er jo at han alltid er i konkurransemodus. Får liksom aldri henta seg inn att. Og så får han jo tre-fire månader mindre spesifikk trening på idrettane sine enn andre, seier han.

Sjølv har Sedrik førebels ingen planar om å velgje kva idrett han vil satse på til sjuande og sist. Går han like bra på ski i vinter som i fjor, ser han for seg å halde fram med kombinasjonen. Skulle vinteren ikkje gå så bra, derimot....

– No er det eigentleg 50-50 mellom idrettane. Hadde eg måtte velgje no, hadde det nok blitt sykkel, men eg trivst framleis veldig godt med begge, seier 16-åringen.

– Kva er målet ditt?

– Tja, sei det. Eg går vel berre på ski og sykkel til det går nedover med ein av delane. Så må eg vel ta valet og satse på éin av dei. Men akkurat no er det heilt konge å drive med to idrettar, seier han.

Kvardagen hans skil seg monaleg frå andre ungdommar på hans alder. Ein krevjande skulegang blir tilpassa 15-20 timar med trening kvar einaste veke. I fjor var han oppe i om lag 600 timar med trening til saman. Det blir meir i år.

– Vi må passe på at ikkje totalbelastinga blir for stor. Når han seier han er sliten, så roar vi ned ei veke, seier Bernt Ullebø.

– Eg synest ikkje det er for mykje. Skulle eigentleg ønske det hadde vore litt meir av og til, seier Sedrik.

Ein rapport frå Olympiatoppen slår fast at det er viktig med variasjon, mellom anna for å halde oppe motivasjonen til utøvarane.

For å opprettholde motivasjonen for videre utholdenhetstrening er det viktig at treningen varieres med tanke på treningssted, underlag, lengde på arbeidsperioden og på type
aktivitet/øvelse. Langrennsløpere bør gjerne bruke utholdenhetsaktiviteter som løping og
orientering for å skape variasjon i treningen.

Olympiatoppen: Spesialisert eller allsidig barne- og ungdomstrening?

Ullebø er stor og sterk for alderen, og det er lenge sidan ein utøvar frå Sogn og Fjordane har gjort så reint bord på nasjonalt nivå. Inntil i fjor var ungguten også med på nokre av samlingane til krinslaget i heimfylket.

– Sedrik er eit stort uthaldstalent. Det er spennande å sjå kor god han kan bli, seier trenar Asgeir Årdal.

– Det kan vere utfordrande nok for ein 16-åring å flytte ut av fylket for å gå på skule. Sedrik skal flytte skule fleire gongar i året. Det er imponerande, legg han til.

Han er samd med dei som meiner allsidigheit så lenge som mogleg er viktig for å bli god i ein idrett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sedrik Engebø Ullebø (t.v.) kastar seg fram på sprinten i langrenn

KJEMPA OM SØLV: Sedrik Engebø Ullebø kastar seg fram med håp om sølv på sprinten under hovudlansrennet. Men tåa var for kort, og 16-åringen måtte ta til takke med bronsen.

Foto: Svein Halvor Moe

For Odd-Bjørn Hjelmeset betydde idretten svært mykje, og han prøvde seg på mykje forskjellig. I tillegg til langrenn prøvde han seg på sykling, handball, fotball og fleire greiner i friidrett.

– Eg trur allsidigheit er alfa og omega for at du skal bli god når du kjem opp i åra. Sjølv om eg hadde bestemt meg for langrenn, så brukte eg friidretten som veldig god trening i satsinga mi. No ser vi også at Petter Northug har blitt flinkare til å trene allsidig. Han spelar fotball, er med på baneløp og diverse løp på asfalt. Det går ikkje utover den idretten du driv, men gir deg større motor. Du konkurrerer dessutan stort sett heile året. Det trur eg er bra for kroppen, seier Hjelmeset.

– Eg var framleis med på friidrett heilt til eg var over 30 år. Eg brukte det til å presse meg gjennom sommaren, seier han.

No står vintersesongen for døra også for Sedrik Engebø Ullebø. Etter ein kort tur heime i Høyanger, skal han tilbake til Geilo - der snøen ikkje er langt unna.

Eg vil vere den beste. Elles hadde eg nok ikkje drive med dette

Sedrik Engebø Ullebø

Så går det i eitt gjennom vinteren, med norgescup og renn nesten kvar helg. Det heile toppar seg med junior-NM i mars. Ullebø er førsteårs junior, og skal få litt å bryne seg på.

Deretter er planen å setje seg rett på flyet med kurs for Mallorca igjen. Der skal han møte igjen dei andre syklistane på NTG. Etter kort tid står han på startstreken under nok eit høgdepunkt - storrittet Paris - Roubaix.

Det er klart for nok eit sceneskifte.