Hamid Mohammadi
Foto: Jon Bolstad / NRK

Flyktar til musikken

I seks år flykta Hamid (18) gjennom Europa frå krigen i heimlandet. I Norge lagar han musikk for å legge dei vonde opplevingane bak seg.

– Når eg lagar musikk og skriv tekstar, så føler eg meg betre. Eg får kasta ut alle dei vonde kjenslene inni meg.

18 år gamle Hamid Mohammadi gir frå seg eit lite smil. Etter tre år i Bergen og Norge kan han det. Kontrasten er stor til den lange og vanskelege flukta gjennom Europa.

Krig tvinga han ut av Afghanistan då han var ti år gamal. Seks år seinare kom han til eit politikontor i Oslo som einsleg mindreårig.

Sommaren 2010. I Middelhavet, ein stad mellom Hellas og Italia, sit 14 år gamle Hamid i ein båt saman med fleire andre flyktningar. Turen har byrja i Tyrkia og målet er å nå land ved Italia sin austkyst. Resten av familien hans er att i Iran. No er han aleine.

Men båten får problem. Motoren er øydelagd. Dei har berre vatn, ikkje noko mat. Norge og storebror verkar så uendeleg langt vekke.

Vi berre dreiv rundt på havet i tre dagar. Båten var øydelagd og ingen visste kva dei skulle gjere.

Hamid

Hamid ristar på hovudet. Dette er noko av det han hugsar aller best. For no var andre gong han prøvde å ta seg over Middelhavet til Italia.

Skulle det igjen gå gale?

Fengsel i Tyrkia

Rundt eit år i førevegen hadde han tatt farvel med far, mor, veslesøster og veslebror i Iran. Det var ikkje nok pengar til at alle kunne reise til Norge og den eldste broren i familien. Hamid legg dermed fatt på den lange vegen aleine.

Men den første flyktningbåten frå Tyrkia blir stoppa av politiet og Hamid blir tatt med tilbake. I Tyrkia blir han sett ein månad i fengsel i byen Izmir.

– Eg var veldig lei meg og heilt aleine. Noko slikt hadde eg ikkje opplevd før.

Familien måtte flykte frå byen Herat, nord i Afghanistan, då Hamid var berre ti år gamal. Det var krigen som tvinga dei ut av landet og dei søkte tilflukt over grensa til Iran

– Men vi hadde ikkje opphaldsløyve. Eg og dei andre barna kunne ikkje gå på skule og pappa kunne ikkje ta jobb. Vi kunne faktisk ikkje gå ut på gata heller, i fare for at politiet skulle oppdaga oss og sende oss tilbake til Afghanistan, fortel Hamid.

Einsleg mindreårig

Då Hamid slapp ut av fengsel i Tyrkia var det ikkje aktuelt å returnere til Iran. Han måtte vidare, og han måtte til Norge.

Tilbake på Middelhavet for andre gong. Denne gongen er det skikkeleg krise. Flyktningane i båten driv i tre dagar utan mat.

– Til slutt er det nokon som ringjer politiet. Ein dag etter blir vi redda.

I land i Italia får Hamid kjøpt togbillett og ferda nordover i Europa kan halda fram. Etter seks år på flukt frå Afghanistan hamnar han på eit politikontor i Oslo og blir plassert på mottak med status som einsleg mindreårig.

«Reise»

Januar 2015 – tre år etter – i eit øvingsrom på Fana kulturhus i Bergen: Hamid tar opp mikrofonen. Nikkar til Raja (21) frå Sri Lanka bak trommene. Han løftar stikkene i vêret.

– Ein, to, tre, fir.

Frå gitaren kjem ein enkel melodi. Beaten går. Med stor innleving byrjar Hamid å rappe.

Reise alene mange dårlige dager, tenker på ting og hodet går i ring. Eg reiser mange lange dårlige dager, mange mange mil gjennom ukjente land. Eg kankje stå i ro og eg deles i to, hodet mitt det sprenger og tankene renner. Ut av mitt sinn og inn i et svinn. Det ekkje mere plass no melder eg pass. Reise alene uten mor og far, reiste fra de alle, savner de som faen. Uheldig med livet, kan eg velge på nytt?

Tekst av Hamid Mohammadi (18)

«Reise alene uten mor og far, reiste fra de alle, savner de som faen. Uheldig med livet, kan eg velge på nytt?».

Det kjem frå hjartet og det treff i magen. Orda strøymer ut, på både norsk og morsmålet dari, og det er kraftig. Hamid syng ikkje om nokon andre. Han syng om seg sjølv.

– Eg byrja å skrive tekstar då eg var i Tyskland. Eg hadde opplevd så mykje fæle ting og det var heller ikkje over. Også i Tyskland vart eg stoppa av politiet. Dei sende meg i fengsel i 24 timar, i eit rom utan lys, før dei slapp meg fri att.

På refrenget er det trommeslagar Raja Ravindrankumar som tar over mikrofonen. 13 år gamal måtte han flykte frå Sri Lanka. I sju år har han budd aleine i Norge. Sjølv om historiene til han og Hamid er forskjellige, kan han lett relatere til det kameraten syng om.

«Kan du vise meg, barn som leker og barn som ler. Et sted der ingenting skjer, alt er trygt. På et slikt sted der vil eg bo.»

I det eine hjørnet av øvingsrommet i Bergen står musikkterapeut Viggo Krüger med gitaren og spelar med.

At dei to ungdommane, som kom åleine til Norge på flukt frå krig og elende, no er i eit øvingsrom og lagar musikk saman, er mykje takka vera han.

Hamid og Raja samarbeider om musikken. Begge kom til Norge som einslege mindreårige.

– Det har betydd alt

Viggo Krüger

Musikkterapeut Viggo Krüger jobbar for Aleris Ungplan & BOI. Han er også førsteamanuensis og tilknytt GAMUT, senter for musikkterapiforsking ved Griegakademiet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I 2003 startar Krüger prosjektet «Kom nærmere» i Bergen. Han vil undersøka korleis musikkterapi kan brukast i barnevernet. Målet er å gi barna ein stad der dei kan oppleve meistring og fellesskap gjennom å bruke musikk som verktøy.

– Vi ville gje barna ei stemme. Her er vaksne som vil rettleie dei og styrke dei, og her er jamaldra ungdommar slik at dei kan støtte kvarandre. Få nye vener og kjente, seier Krüger.

– Det er veldig vanskeleg å setje ord på kor mykje prosjektet har betydd for meg. Meir enn alt eigentleg, seier Raja.

Barn og unge tilknytt barnevernet har svært forskjellig bakgrunn. Men fleire og fleire av dei har ein historie lik den som Hamid og Raja har. Mange av dei einslege mindreårige flyktningane som kjem til Norge står i fare for å bli isolerte frå samfunnet og sit aleine med tankane sine og saknet etter familien.

Eg har fått fri frå ting som har vore fælt. No er eg endeleg glad og kan le og smile. Slik var det ikkje før. Her får vi nye venner, til dømes ved å spela i band. Eg møter nye folk og det oppstår nye venskap. Det er veldig viktig.

Raja Ravindrankumar

Hamid nikkar. Han kjenner seg at i det den tre år eldre kameraten fortel. På kulturhuset i Fana har han saman med andre fått moglegheita til å uttrykke mykje kjenslene han går og ber på.

– Når eg skriv tekstar tenkjer eg på dei vonde kjenslene og får dei ut av kroppen. Eg merkar forskjell på før og etter at eg begynte her. Og så har eg blitt mykje betre til å rappe!

Krüger er glad for å høyre det Hamid, Raja og dei andre ungdommane fortel om si oppleving med musikken.

– Dei fortel at når dei får bruka musikken og stemma si på til dømes konsertar, opplever dei at folk verdset det dei har å koma med. Dei føler seg som ein ressurs, i staden for ein klient eller ein brukar av barnevernet eller Nav. Det er utruleg viktig.

Ein ny start

Prosjektet i Bergen famnar i dag over fleire kulturtilbod. Interessa aukar og også andre byar i Norge ønskjer å etablere liknande tilbod. Dei siste 15–20 åra har det vore nærast ein eksplosjon i bruk av musikkterapi i ulike samanhengar; skule, sjukehus, eldreomsorg og no i barnevernet.

– Utfordringa blir å følge opp med å tilsette musikkterapeutar. Innanfor barnevernsfeltet trur eg det blir eit auka behov for oss, seier Krüger.

Han fortel at det er krevjande for terapeutane å møte barn og ungdom som har hatt svært tøffe oppvekstar. Nokre har sett foreldra bli drepne. Men han er heilt klar på at ungdommane sjølv har styringa på kva dei vil fortelje og ikkje fortelje av det dei har oppleve.

– Eit prosjekt som dette kan vera ein ny start for barna. Mange av dei går frå kontor til kontor der dei møter saksbehandlarar som veit alt om dei ut ifrå sakspapira. Her får dei komme med det dei vil; det er dei som er hovudforfattaren. Musikken er måten vi arbeidar på for at ungdommen skal finne fram til rattet og ta kontrollen over sitt eige liv, seier Krüger engasjert.

Raja Rock

FRÅ DELTAKAR TIL INSTRUKTØR: På få år har Raja Ravindrankumar (21) gått frå å vera ein av brukarane av musikkterapi-prosjektet, til å instruera andre.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ungdommane blir ein ressurs

I fellesrommet på kulturhuset bryt Raja ut i latter. Han har nettopp fortalt kven som gav han namnet «Raja Rock». Og det er ingen kven som helst. Då gitarist Rob Caggiano frå det legendariske rockebandet Anthrax var i Bergen for å spele inn plate, vitja han også skulen der Raja er elev.

Han og eit par andre i klassen fekk ein heilt spesiell musikktime med verdsstjerna. Og Caggiano tykte Raja spelte så tøft på bassgitar at tilnamnet vart nettopp Raja Rock.

– For ein dag det var, gliser Raja.

Det er lita tvil om at 21-åringen brenn for musikken. Inne på eit av øveromma på kulturhuset står Raja i det eine augneblinken og spelar gitar. Før du rekk å snu deg to gonger, klimprar han anten på bassgitaren eller på pianoet.

Frå å vera ein av deltakarane i prosjektet, er Raja i dag ein av instruktørane som hjelper dei nye som kjem frå barnevernsheimane for å vere med på prosjektet.

På få år har Raja blitt ein ressurs. Og det er jo det vi håpar at desse barna og ungdommane skal oppleva at dei kan vera gjennom dette prosjektet. Det er heilt fantastisk.

Musikkterapeut Viggo Krüger

Nye venner

Då Hamid byrja gå på kulturhuset, trengde han nokon som kunne lage beats til tekstane og melodiane hans. Av Viggo fekk han vite at Raja kunne vere ein god kandidat. Hamid spurte, og sidan har dei to samarbeida mykje.

Raja Rock og Hamid Mohammadi

SAMARBEIDER: Hamid og Raja samarbeider om musikken. Begge kom til Norge som einslege mindreårige.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg må vise deg noko, Hamid, seier Raja og flekkar opp datamaskina på eit bord ved kjøkenet i kulturhuset. Musikkprogrammet blir opna, 21-åringen skrur kjapt på nokre knottar før han spelar av ein fersk beat.

Hamid høyrer godt etter. Kviskrar orda på ein ny tekst medan han lukkar auga. Går det for sakte?

– Tempoet er litt lågt. Prøv litt opp.

Raja trykkjer kjapt på nokre knappar.

– Der ja!

Draumar

– «Det er ikkje lett å vokse opp når det ikkje er opplett», rappar Hamid med stor innleving.

Etter tre år i Norge skriv han no fleire tekstar med lystigare tema enn dei han byrja på i Tyskland då han var på flukt. Ein av dei ferskaste handlar om festing.

– Eigentleg begynte eg alt i fjor å skrive glade låtar. Det blir vanskeleg å berre skrive om vanskelege ting, seier Hamid, som har Eminem, Tupac og iranske rapparar som førebilete.

Både Hamid og Raja har planar om å spele inn og gje ut eigne ting i framtida. Raja skal i studio med eit metalband, medan Hamid drøymer om musikkvideoar og stjernestatus.

– Så lenge eg lev skal eg halde på med musikk, slår Raja fast.

– Musikk er ein stor del av livet mitt. Eg tenkjer mykje på det og på framtida. Eg håpar eg blir ein artist ein dag, seier Hamid.

Saknar familien

Viggo Krüger har sett korleis fleire ungdommar gjennom prosjektet har fått auka sjølvkjensle og blitt tryggare på seg sjølv. Ekstra spesielt seier han det er med menneske som Hamid og Raja som har hatt ekstremt vanskelege oppvekstar.

– Fallgruvene ligg heile vegen. Kor skal dei stå? Då blir musikken fundamentet i livet deira. Der kan dei stå. Dei veit at musikk er noko dei kan og at det er noko dei kan stole på. Det er i dette dei har fellesskap og møtepunkt. Det er klart det blir sterkt.

Viss dei ikkje har dette fellesskapet er eg redd mange hamnar i feil miljø med kriminalitet, rus og ekstremisme.

Viggo Krüger, musikkterapeut og førsteamanuensis ved Griegakademiet

I fjor reiste Hamid og storebror tilbake til Iran for å besøke familien. Det var første gong på fem år at han såg dei igjen. Medan han flukta gjennom Europa snakka han nokre gonger med dei på telefon. I dag har han kontakt med dei fleire gonger i veka. Saknet er sterkt.

– Dei skulle kome etter meg, men det er farleg å reisa og dei har ikkje pengar. Håpet er at dei skal kome seg hit ein gong.

Hamid seier det å tenke positivt er svært viktig for han. Han trekk fram eit eksempel frå flukta.

– Eg var i Milano i Italia med to venner. Vi hadde ingen stad å sove, så vi enda opp på ein togstasjon. Der berre la vi oss på golvet, vi tenkte ikkje noko meir på det. Saman dansa vi og snakka om positive ting.

– Det var vi berre nøydde til, noko anna ville ikkje gått.

Hamid Mohammadi rappar

DRAUM: Hamid Mohammadi (18) drøymer om å bli rap-stjerne. Kvar veke øver han i Fana kulturhus saman med dei andre i 'Kom nærmere'-prosjektet.

Foto: Jon Bolstad / NRK