50 år i same bank
VIK (NRK): – Eg har kjent på ei stor arbeidsglede, seier Unni Opheimshaug, som har jobba i Vik sparebank sidan 1965. Så lojale medarbeidarar er ein utryddingstruga rase i delar av norsk arbeidsliv, seier forskarar.
– Det er merkeleg å tenkja på. 50 år er ei lang tid, seier Unni Opheimshaug, i det ho set ned på kontoret sitt, der så mange kundar oppgjennom åra har fått råd om lån og sparing.
– Det har vore ei gjevande tid. Eg har kjent på ei stor glede ved å arbeida i Vik sparebank, legg den røynde kunderådgivaren til.
Store omveltingar
1. mars 1965 byrja Opheimshaug i banken i heimbygda. Ho var då 18 år, hadde teke realskuleeksamen som privatist, gått eitt år på Vatles handelsskule på Voss, og arbeidd nesten to år i industriverksemda Erling Nesse AS på Nessane. Den fyrste oppgåva i Vik sparebank var å føra på den nye bokhaldarmaskina.
– Ei slik maskin var eit stort framsteg den gongen. Kvar kunde fekk sitt kontokort, der ein raskt kunne sjå kvar einaste transaksjon. Ein slapp å dra fram dei store protokollane og bla seg fram i dei. Banksjefen den gongen, Trygve Schrøder, var oppteken av teknologi og skapte interesse for det. Vik sparebank var difor langt framme samanlikna med andre bankar i området.
På 1970-talet starta den verkeleg djuptgåande endringa, med innføringa av elektronisk databehandling (EDB). Opheimshaug har alle dagar vore oppteken av å læra seg det nye.
– Skulle me greia oss i framtida, måtte me det. Eg har fått læra meg mykje nytt og spennande. Og for alt det nye som kom, så kjente me at banken var moderne og framtidsretta.
Umyndig kasserar
Opheimshaug fekk tidleg ansvarsfulle oppgåver. Etter vel eitt år i banken, som 20-åring, blei ho tilsett som kasserar. Myndigheitsalderen den gongen var 21 år, og eit muntert minne er då den dåverande styreformannen Einar Holstad kom inn i banklokalet og sa: «I dag har banken gjort noko som heile bygda kjem til å snakka om. Me har tilsett ein umyndig bankkasserar.»
- Eg gjekk til arbeidet med liv og lyst. Eg tykte det var så spennande. Det var mykje å læra heile tida, og dei eg arbeidde i lag med likte å læra ifrå seg, minnest Opheimshaug.
Dreiv bank heime i helga
Ein viktig grunn til at Opheimshaug har trivest godt i banken, er kontakten ho har hatt med kundane. Også mang ein student eller utflytt vikje, som har ringt til banken, har møtt Opheimshaug i den andre enden av telefonen. For mange har det vore litt som å koma heim.
– Du veit, i ei bygd kjenner ein nesten alle, så det har vore lett å snakka med dei. Og før var det slik at me òg dreiv litt bank heime. Kundar som var vekke frå Vik i vekene og berre var i bygda i helga, kom gjerne heim til oss ein laurdag eller søndag med ærendet sitt.
– Korleis har kundane endra seg på desse femti åra?
– Folk var meir forsiktige med pengane før. I dag er kundane blitt meir krevjande på den måten at dei er meir utdanna, kan meir om alt, noko som set større krav til oss. Og me har vore opptekne av å læra, slik at me kan gi dei god hjelp.
Sparsemd og god moral
Lenge før Unni Opheimshaug, fødd Hopperstad, byrja på si livsgjerning i Vik sparebank, var forfaren bonde Ole Olsen Hopperstad med på å skipa banken i 1846. Om folk var påpasselege med pengane sine i 1965, var det å fremja sparsemd eit ikkje desto mindre føremål i 1846. Ei anna viktig oppgåve var dessutan å fremja god moral, eller «Sædlighets befordring», som det står vedtektene.
Vik sparebank leverte onsdag sitt 169. årsrekneskap og er den eldste banken i Sogn, som framleis er på eigen kjøl. Dei siste tretten åra har Mads Indrehus vore banksjef. Han er imponert over den 68 år gamle medarbeidaren sin:
– Banken har i løpet av dei femti åra Unni har arbeidd her, gått gjennom ein stor revolusjon, frå dei store papirbøkene til dagens nettbrett, der kundane ordnar mykje sjølve. Unni har alltid teke nye utfordringar på strak arm. Me høyrer aldri at ting var betre før.
– Det er ikkje sjølvsagt at ein medarbeidar over 60 år har ei slik tilnærming til omstillingar. Kva gjer du for å motivera henne?
– For Unni går mykje av seg sjølv, så ho er på mange måte ein draumemedarbeidar. Ho tek tak i ting og er engasjert i faget og arbeidsplassen sin. Det gjer motivasjonsjobben enkel.
Omsorg for kunden
Godt humør og ei stor omsorg for kunden, meiner Indrehus er to andre kjenneteikn ved Opheimshaug.
Sjølv om det er blitt meir vanleg å byta arbeid hyppig, angrar ikkje Opheimshaug på at ho har vore lojal mot Vik sparebank i alle desse åra.
– Leiinga har vore flinke til å setja pris på oss tilsette. Arbeidsmiljøet har vore godt. Og eg føler at det ikkje har vore stagnasjon i arbeidet; eg har fått læra noko nytt heile vegen, så eg er nøgd med det valet eg gjorde i 1965.