"Det annet kjønn"
Da "Det annet kjønn" kom ut i 1949, skapte det røre. Boka stod lenge på Vatikanets indeks over forbodne bøker. Både den katolske kyrkja og mange borgarar tok avstand frå innhaldet og frå det frie, ukonvensjonelle livet Simone de Beauvoir levde.
Simone de Beauvoir godtok ikkje det ho meinte var samfunnets vingeklipping av kvinner og skreiv: "Og så beklager man seg over at hun ikke kan fly!". Sjølv bestemte ho seg for å stige høgt.
"Det annet kjønn" er rangert som eitt av dei ti viktigaste verk i det 20. århundre, og Simone de Beauvoir som ei av dei som har hatt mest innverknad i det tusenåret vi har bak oss.
Ragar høgt
Nesten alle romanane til Simone de Beauvoir vart bestseljarar. På norsk finst blant andre "Mandarinene" og "Når masken faller".
Som forfattar av sjølvbiografiar finst ikkje hennar like i moderne fransk litteratur. "En veloppdragen pike" var den første, der Beauvoir skildrar livet sitt fram til 1929. Då tok ho eksamen i filosofi, vart økonomisk sjølvstendig og møtte filosofen Jean-Paul Sartre. Dei to var kjærastar i mange år og vener livet ut. Dei hadde eit ope, seksuelt forhold, men Beauvoir ville ikkje gifte seg.
"Moden alder" går fram til 1944, og deretter følgde "La Force des choses" om tida fram til 1962.
Skandaløs død, avskyeleg alderdom
Simone de Beauvoir sa om seg sjølv at ho hadde eit spesielt talent for lykke. Men det var ikkje heile sanninga. Ho hadde også mange tunge stunder. Og ho krinsa om døden, som ho kalla skandaløs, og om alderdomen, som ho avskydde, men lærde seg å leva med. Typisk for henne skreiv ho seg gjennom problemet.
"En lett og rolig død" er ei opprivande skildring av forholdet mellom henne og mora, Francoise de Beauvoir. Den siste boka ho skreiv var "La cérémonie des adieux" handlar om Sartres siste leveår og død:
"Hans død har skilt oss. Min død vil ikke forene oss. Slik er det. Det er likevel vakkert at våre liv var samstemte så lenge."