Video: Fjorden Baby!
Loddefjordsbandet kjem med sitt andre album neste månad – sjå rykande fersk musikkvideo her!
4. mars er datoen for Fjorden Baby!s etterlengta andrealbum Se Deg Rundt I Rommet. Etter å ha letta på sløret under årets by:Larm, kjem no videoen til platas andresingel “Himmelen”. Den er i store trekk basert på timelapse-filming av bandets heimby Bergen, og blitt til i ein periode frå sommaren 2009 og heilt fram til denne månaden.
Filmskapar Erlend Haarr Eriksson fortel at det heile begynte som research for ein film om det bergenske skipsverftet Mjellem & Karlsen. Då han viste eit klipp til Eystein Thue, mannen som mellom anna arrangerte festivalen 5071 – Alle til Loddefjord i 2010, vart han med ein gong spurd om han var interessert i å lage musikkvideo for Fjorden Baby!
- Til den filmen eg dreiv på med hadde eg brukt ein god del timelapse-filming, så eg fortsatte med å filme rundt omkring i byen når eg hadde moglegheit. Eg tilpassa filminga Fjorden Baby!, og i fyrste del av filmen er det nesten berre Loddefjord du ser, fortel Eriksson.
Loddefjord er som kjent heimtraktene til Fjorden Baby!, ei lokal forankring som ikkje er blitt underspelt av verken bandet sjølv eller av pressa.
Eriksson er ikkje framad for musikkvideoformatet, men hadde eigentleg bestemt seg for å droppe denne typen arbeid til fordel for andre, meir takksame oppgåver. Han har likevel ingenting å utsetje på samarbeidet med Fjorden Baby!, som har vore svært engasjert i prosessen.
Det er heller inga tvil om at bandet er nøgde med resultatet. Trommis Jan Eivind Bertelsen seier til Bergens Tidende:
- Eg heldt på å begynne å grine fyrste gong eg såg den.
Tags: Bergen, erlend haarr eriksson, eystein thue, fjorden baby, himmelen, loddefjord, se deg rundt i rommet, video
Del "Video: Fjorden Baby!"
-
Nina
-
http://topsy.com/www.nrk.no/lydverket/video-fjorden-baby/?utm_source=pingback&utm_campaign=L2 Tweets that mention NRK Lydverket » Video: Fjorden Baby! — Topsy.com
-
Mr Gahl
-
http://www.fjordenbaby.no/1_nyheter/himmelen-ute-pa-video Fjorden Baby! » Himmelen ute på video
-
http://studiolive.no Pop-I
-
http://www.nrk.no/lydverket/det-beste-fra-februar/ NRK Lydverket » Det beste fra februar
-
http://www.nrk.no/lydverket/spilleliste-torsdag-3-mars/ NRK Lydverket » Spilleliste torsdag 3. mars
