Sniklytt!
Ny låt frå Robyn, Liam Gallaghers nye band og endå meir Kanye og Rihanna. Høyr alt her!
22. november kjem Body Talk pt. 3 ut, siste del av Robyns albumtrilogi. Lydverket kunne tidlegare i år melda at den svenske popdronninga hadde gjenoppteke samarbeidet med landsmann og superprodusent Max Martin. Martin er ein av bransjens aller største hitmakarar, med landeplager som “Baby One More Time”, “I Want It That Way”, og, meir nyleg, “Teenage Dreams” på samvittigheten. Han var produsent for fleire av låtane på Robyns debutplate Robyn Is Here frå 1996, og Robyn fortalte Lydverket at dei to sidan har holdt kontakt. No er resultatet her, låta “Time Machine”. Høyr den her:
Liam Gallaghers nye band Beady Eye har lagt ut sin fyrste singel, “Bring the Light” til gratis nedlasting. Forutan Gallagher består bandet av tidlegare Oasis-medlemmer Gem Archer, Andy Bell og Chris Sharrock. Albumet kjem neste år, og kan bli ei retro affære etter fyrste smakebit å dømma:
Ein kan saktens lura kva delar av Rihannas komande Loud-album som ikkje har lekka ut på nettet endå. Her er endå eit eksempel, den ikkje-lenger-så-sjokkerande-seksuelt-antydande “Skin”:
Også Kanye West har delt rikeleg av materialet til My Beautiful Dark Twisted Fantasy. På “Blame Game” har han fått med seg John Legend og Chris Rock, og den skal visstnok vera Kanyes favorittspor på heile plata.
Verdas kulaste folkstjerne, Laura Marling, har covra Neil Youngs “The Needle And The Damage Done”. Produsent er Jack White (han er overalt!), og resultatet er riktig fint:
Tags: Beady Eye, Bring The Light, Chris Rock, Jack White, John Legend, Kanye West, Laura Marling, Liam Gallagher, Max Martin, my beautiful dark twisted fantasty, Neil Young, Robyn, sniklytt, streaming, The Needle And the damage Done, Time Machine
Del "Sniklytt!"
-
http://www.nrk.no/lydverket/l%c3%b8rdagsmixtape-3/ NRK Lydverket » Lørdagsmixtape
-
mad ferret
-
Chris
-
mad ferret
-
Rune
-
Larsen
