- Kødder du med meg?
Det blir flau stemning når Kurt Nilsen må lesa nærgåande sexskildringar om seg sjølv. Bli nærare kjend med fenomenet fan fiction.
Kva gjer ein når universet ein elskar å flykta inn i ikkje lenger er nok? Du har høyrt gjennom alle My Chemical Romance-platene, sett kvar einaste ein av Justin Bieber sine musikkvideoar eit utal gongar, stått timesvis i kø for å sikra deg billettar til Tokio Hotel-konserten. Kva no?
Svaret er enkelt: Du byrjer å skriva, eller lesa, fan fiction - ein amatørbasert, ikkje-kommersiell litterær sjanger, der fansen tek liva til sine idoler i eigne hender, og skriv sine eigne forteljingar om personane dei elskar. Kort sagt: Fans diktar opp historiar om heltane sine.
I kveldens Lydverket, som går på NRK2 kl. 21.30, har reporter Siri Knudsen tatt ein nærare kikk på fenomenet. I klippet øvst i saken kan du finna ut korleis Kurt Nilsen reagerer på å lesa alt anna enn uskuldig fanfiction om seg sjølv.
Frå Star Trek til Twilight
Fan fiction har ei lang historie, og det er ikkje berre artistar som har blitt objekt for denne typen aktivitet; bokseriar som Twilight og Harry Potter er enormt populære tema for fan fiction-skribentar, det same er tallause filmar, TV-seriar og teikneseriar. Ifølgje Fredrik Strage, svensk journalist og forfattar av boka Fans, var det Star Trek-fansen som for alvor introduserte fan fiction til eit stort publikum på 1960-talet.
- Det var skrive veldig mykje fanfiction om den TV-serien dÃ¥ den vart nedlagt – den vart jo berre vist ein kort periode pÃ¥ 1960-talet, og sÃ¥ var Star Trek heil frÃ¥verande pÃ¥ 1970-talet. Det vart ikkje laga ein langfilm om Star Trek før i 1979, og fram til det vart det produsert mykje Star Trek-fan fiction, seier Strage.
Søt kjærleik…
Så kva type handling finn ein eigentleg i fan fiction? Vel, ein kan trygt seia at spennet er stort. Ofte skriv forfattaren seg sjølv inn i historia, til dømes som kjærasten til Justin Bieber, og fortel ei nokså uskuldeg kjærleiksforteljing. Med seg sjølv som karakter, er det òg populært å vera der for idolet sitt når det treng deg som mest, til dømes når det ligg på sjukehuset, har vore i ei ulykke eller er skada på noko vis
- Det verker som om mykje fan fiction fyller ein viktig funksjon der, at ein fan kan kjenna seg trengt av sitt idol. Plutselig er ho like viktig som ein mektig plateindustriperson, ho kan gå inn og hjelpa sin helt, eller sin store kjærleik, når han har det vanskelig, seier Strage.
…eller grov pornografi
Andre fan fiction-forfattarar vil heller sjå på kva som skjer i eit univers når kamera er slått av, scenelyset er slokka eller siste side i boka er lest. Kva skjedde med Harry Potter etter at han slutta på Hogwarts? Fins det alternative utfall i Twilightsagaen? Kva karakterar i ein kjend TV-serie hatar, eller elskar, kvarandre?
Denne formen for fan fiction glir gjerne inn i undersjangeren slash fiction, der fokuset ligg pÃ¥ seksuelle relasjonar mellom personar av samme kjønn. Resultatet kan vera ganske rÃ¥ pornografiske skildringar – som ikkje nødvendigvis tek hensyn til familiære band. Brødreparet Gerard og Mikey Way i My Chemical Romance er blant artistane som ofte vert skrive inn i ein homoerotisk setting, det same er Bill og Tom Kaulitz i Tokio Hotel.
Pikeromspoesi
Kva artistar som vert populære fan fiction-objekt, heng tett saman med fanbase-demografien; har du mange unge, kvinnelege fans, er du i høgrisikogruppa for å få skrive ein meir eller mindre flatterande fan fiction-forteljing om deg sjølv. Det er nemleg nesten utelukkande jenter som skriv fan fiction.
- Eg kjenner ikkje til noko mannlege Iron Maiden-fans i 30-åra som sitt heime og skriv historiar om Bruce Dickinson og Steve Harris, seier Strage, som med mogleg unntak av forfattarar av Star Wars-fan fiction knapt kan hugsa å ha kome over mannlege fan fiction-skribentar.
Sjå heile reportasjen på NRK2 kl. 21.30 i kveld!
Lyst å lesa meir fan fiction? Her er ein god stad å starta.
Tags: fan fiction, fredrik strage, Justin Bieber, kurt nilsen, lydverket TV, My Chemical Romance, Porno, sex, slash fiction, Tokio Hotel
Del "- Kødder du med meg?"
-
http://www.nrk.no/lydverket/send-oss-din-fanfiksjon/ NRK Lydverket » Send oss din fanfiksjon!
-
Anonym
-
Anonym
-
http://twitter.com/wouldbrewriter Miriam Bjørklund
-
http://www.nrk.no/lydverket/jeg-trodde-forst-det-var-en-vampyr/ NRK Lydverket » – Jeg trodde først det var en vampyr
