Hopp til innhold

– Må gjenskapa tilliten til politiet

STORTINGET (NRK.no): Politiet sine interne evalueringsrapportar framstår som underlege i lys av den hardtslåande kritikken frå 22. juli-kommisjonen, meiner partitoppar.

Knut Arild Hareide

– Eg meiner at det er behov for ein gjennomgang av politiet for å gjenoppretta tilliten, seier Knut Arild Hareide, leiaren for 22.juli-komiteen på Stortinget etter framleggingav av kommisjonsrapporten måndag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Politiet sin tidsbruk er uakseptabel, sa leiaren av 22. juli-kommisjonen, Alexandra Bech Gjørv under framlegginga av kommisjonsrapporten måndag ettermiddag.

Her kan du lesa heile kommisjonsrapporten.

Trine Skei Grande

Tine Skei Grande er skeptisk til politiet sine konklusjonar om eigen innsats 22. juli etter dagens framlegging av kommisjonsrapporten.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Kommisjonen hadde på førehand varsla ein usminska og ærleg rapport. I dag var det hardtslåande kritikk som blei lagt fram, og det er politiet som får svi mest.

Ein raskare politiaksjon var reelt mogleg, og gjerningsmannen kunne vorte stoppa tidlegare, er eitt av dei seks hovudfunna til dei ti kommisjonsmedlemmene.

Det står i direkte kontrast til konklusjonane som politiet sitt interne evalueringsutval la fram i desember i fjor.

Det såkalla Sønderland-utvalet kom blant anna fram til at politiet handla så raskt dei kunne, at skyting-pågår-instruksen blei fulgt, og at politiet tok dei rette avgjerdene i samband med båtutsettinga ved Utøya 22. juli i fjor.

– Det stiller politiet sin eigen frifinnings-rapport i eit ganske underleg lys, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Må gjenskapa tilliten til politiet

Det meiner også leiaren av Justiskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp).

– Eg registrerer både at politidirektøren har stilt seg bak politiet si frifinning av seg sjølv, og PST har nærmast frikjent seg sjølv. Deira utsegn blir ståande i eit merkeleg lys når ein ser dei manglane som no bli avdekte, uttalar Sandberg.

Også partitoppen i Kristeleg folkeparti og leiaren for Stortinget sin 22. juli-komite, Knut Arild Hareide, meiner kommisjonsrapporten har gitt tilliten til politietaten ein kraftig knekk.

– Det er heilt tydeleg at me treng ein gjennomgang, både for å betra politiet og faktisk også for å gjenskapa ein heilt naudsynt tillit til politiet.

Etter å ha følgt presentasjonen av rapporten, har han merka seg kritikken på to område som særleg alvorleg: kritikken av politiet si organisering og evne til å opptre som godt så mogleg i ein krisetsituasjon, og den manglande tryggleiken i regjeringskvartalet.

– Kva konsekvensar og endringar dette skal føra til, er ikkje dagen i dag den rette til å peika på, meiner Hareide.

Overleveringa av 22. juli-kommisjonen sin rapport

Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv overleverte i dag den 482 sider lange 22.juli-rapporten til statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: NRK

Politidirektøren avviser rapport-sprik

På politiet sin pressekonferanse relatert til kommisjonsrapporten, blei politidirektør Øystein Mæland utfordra på spriket mellom Sønderland-rapporten og kommisjonsrapporten.

– Eg sluttar meg ikkje til vurderinga av dette som eit vanvittig stort gap. Hugs på ein ting: politiet si eiga evaluering var ei internevaluering. Mandatet for den ligg i politiet sitt beredsksapssystem, der målet er i å finna læringspunkt - ikkje å peika på individuelle feil, seier Mæland.

Han avviser at Sønderland-rapporten langt på veg frifann politiet.

– Den konkluderte med ei rekkje kritiske punkt, som også blir trekt fram av kommisjonen. Mange av konklusjonane i dei to rapportane er dermed samanfallande, meiner politidirektøren.

Sønderland-utvalet hadde eit anna mandat og føremål enn 22. juli-kommisjonen, understrekar Mæland. Han poengterer også at kommisjonen har hatt ein langt meir omfattande informasjonstilfang i si gransking, som til dømes GPS-data.

Øystein mæland

Politidirektør Øystein Mæland avviser at det er sterk kontrast mellom politiet sin interne rapport etter 22.juli, og kommisjonen sin rapport.

Foto: NRK

Politikar-ros for usminka rapport

Både Grande i Venstre og Siv Jensen i Framstegspartiet (Frp) rosar kommisjonen for å ha jobba fram ein ærleg, grundig og usminka rapport om styresmaktene si handtering av 22. juli-terroren.

Frp-leder Siv Jensen

Styrking av IKT-systema og av PST må prioriterast, meiner Siv Jensen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det er ein grundig og usminka rapport som diverre trekkjer veldig alvorlege konklusjonar. For Frp sin del har me to hovudspor å gå etter no: Kvar har det svikta, kven har ansvaret? Det andre, som me kan gjera raskt er å setja i verk naudynte tiltak for å hindra at dette skjer igjen, seier Jensen.

Kommisjonen peikar i rapporten på 31 konkrete tiltak som det hastar å få på plass.

Mange av desse forslaga har ifølgje Jensen vore gjenstand for debatt på Stortinget og i samfunnet i ei årrekkje, utan at det har skjedd noko.

Eitt av desse er IKT-situasjonen.

– Det har eg vore med på å diskutera sidan 1997 Det er framleis ein uavklart situasjon. Dette kan me ikkje halda på med, det må me løysa, seier ho.

Frp-formannen meiner også at det no må bli ein prioritet å få sett PST i stand til å gjera arbeidsoppgåvene sine.

Allereie i løpet av hausten må nye vedtak på plass for å få til eit systemskifte, meiner ho.

– Det er avgjerande med gode rutiner, gode øvingar, gode samhandlingssystem, klare kommandolinjer, leiing og klart ansvar. Alt dette ser ut til å ha svikta over altfor mange år i det norske samfunnet, seier Jensen.

– Sterkare enn eg hadde venta

Erna Solberg

Høgre-leiar Erna Solberg

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Erna Solberg i Høgre er overraska over kor krass kommisjonen er i sin kritikk.

– Dette var nesten sterkare enn det eg hadde venta. Kommisjonen har gjort eit grundig arbeid og kontrollert opplsyningane. Det er ganske avslørande kor mange styringssystem som har svikta, er Høgre-leiar Erna Solberg sin reaksjon.

Ho meiner det er mykje å lera av alle feil og manglar som kommisjonen peikar på.

Solberg ramsar opp øving og trening på diverse scenario, meir robuste operasjonssentralar og ei styrking av IKT-investeringane, som viktige tiltak.

– Me må ha IKT-verktøy som er ein hjelpar og ikkje ein hemsko. Me må også ta tak i ansvarspulveriseringa når det gjeld oppfølginga av sikringsarbeidet rundt regjeringskvartalet, legg Høgre-leiaren til.

AKTUELT NÅ