Hopp til innhold

Ein ekte black metal-friluftsmann

Ikkje alle ser ein ihuga friluftsmann når dei ser black metal-musikaren Gylve Fenris Nagell. Men større markavenn skal ein leite lenge etter.

Gylve Fenris Nagell
Foto: NRK

Nett-tv: Nærtur med Gylve Fenris Nagell

Her finn du 10 andre turar

Vi inviterte oss med på tur, og Darkthrone-musikaren og markavennen føreslo Blåtjern og Ramstadslottet i Østmarka.

Tur til Østmarkas tak

Først buss mot Lørenskog frå bussterminalen i Oslo. Turen startar ved Sandbrekkhallen og vi går mot Åmotdammen og vidare til Blåtjern. Går bortom ei stor gran ved tjernet før vi går bratt opp mot Ramstadslottet, Østmarkas tak.

Sjølv om veret kunne vore betre, er det god utsikt frå toppen.

35 netter i telt

Gylve Fenris Nagell er ihuga teltar i marka, og har som mål å overnatte 35 gonger denne sesongen, og det er vi overtydd om at han greier.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kommenter gjerne denne turen (eller andre turar i same område) i kommentarfeltet under:

Til nrknatur.no