Hopp til innhold

Urørt i 40 år – gjekk 1,2 mill. over pristyding

Huset vart sist pussa opp i 1970, og har stått tomt i 20 år. Men på visningsdagen var det folkevandring.

Gammelt kjøkken

– Det er litt som å kome på besøk til bestemor, seier meklaren om det spesielle huset.

Foto: Frode Søreide / NRK

Eiendomsmeklar Anette Vindum

Meklar Anette Vindum

Foto: DNB Eiendom / Foto

Å få 1,2 millionar over pristydning, er ikkje daglegdags i Sandefjord-området.

– For seljar må dette vere som å vinne i Lotto. Eg har aldri opplevd noko liknande, seier eigedomsmeklar Anette Vindum i DNB Eiendom Sandefjord, til NRK.

På Goksjø, eit lite steinkast frå den trafikkerte E18 i Sandefjord, ligg det sjarmerande småbruket som vart seld som eit dødsbu.

Interiøret er frå tidleg 70-tal, og huset er fylt med møblar som er ettertrakta og populære på bruktmarknaden.

– Det er litt som å kome på besøk til bestemor, seier Vindum.

I Vestfold er det, ifølge meklar, ikkje vanleg at takstmann gir ei verdivurdering. Pristydinga vart derfor satt ut frå standard, område og andre liknande eiendommar.

– Eg vil ikkje seie denne var underprisa, då det var mykje som måtte gjerast.

Kvadratmeterprisen låg på 22.900 kr, medan snittet i Sandefjord var 26.000 kr.

Nostalgisk interiør

Mykje av interiøret er i dag attraktivt på bruktmarknaden.

Foto: Frode Søreide / NRK

Kø før visning

Vindum har lang fartstid i meklaryrket, men fortel at det er sjeldan ho opplever ei så massiv interesse for eit objekt.

– Lenge før visninga byrja det å strøyme til folk. 52 personar skreiv seg til slutt på lista over interesserte.

Stova

Frå matstova.

Foto: Frode Søreide / NRK

Overraskande bodrunde

Det første budet byrja på to millionar kroner, som var rett under pristydning.

Seks ulike personar var med i bodrunden, og til slutt vart huset seld for 3,4 millionar kroner. Det vil seie 1,2 millionar kroner over pristydinga, som var 2,2 millionar.

Kvadratmeterprisen vart 35.000 kr, altså 9.000 kr over snittet på 26.000 kr og heile 12.100 kr over pristydinga.

– Kvifor trur du det var så populært?

– Eg trur det har mykje med staden det ligg. Du er kort veg unna E18, og på same tid berre ti minutt frå Sandefjord sentrum, seier meklaren.

Tilbake til 70-talet

Ei av dei to stovene i huset.

Foto: Frode Søreide / NRK

Treng oppgradering

Sjølv om huset har eit sjarmerande 70-tals preg med spraglete tapet, vegg til veggteppe, nostalgiske 70-tals møblar og eit lysegrønt kjøken, er det mykje arbeid å ta fatt på for den nye eigaren.

Det er pålegg om å utbetre avløpet. Badet er av enkel standard, og huset har ikkje vore vedlikehaldet sidan 1970.

Tida stått stille sidan 1970

Småbruket ligg idyllisk til.

Foto: Frode Søreide / NRK

Meir enn forventa

Eigedomen har bu – og driveplikt. Tomta er på over 130 dekar, der 50 dekar er dyrka mark og om lag 80 dekar er skog.

Kåre Skjelland, som organiserte salet på vegner av arvingane, meinte opphavleg at pristydinga var for høg.

– Det var jo selt et småbruk ikkje så langt unna der pristydinga var lågare.

Også han vart overvelda over at så mange kom på visning.

– Det var langt over det vi hadde forventa, så det er gledeleg at det var ei så stor interesse.

Tilbake til 70-talet
Det sjarmerande småbruket skapte folkevandring då det var visning. Huset har stått urørt i over 30 år og tar oss med tilbake til 70-talet. Men kva kostar det? I Sandefjord byr programleiar Frode Søreide på eit småbruk, eit trehus i ei av byen sine eldste gater og ein villa ved sjøen. Meklarar frå Valdres og Nord-Norge sloss om å vinne bodkrigen! Sesong 6 (6:6)

Sjå programmet Solgt! her.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)