Hopp til innhold

Skift vindauge - spar tusenlappar

Det kan koste deg dyrt med gamle vindauge. 40 prosent av varmetapet frå ein bustad si ytterflater kjem frå eldre vindauge. Du kan fort spare tusenlappar ved å skifte ut med nye moderne vindauge.

Gamle vindauge

Du kan spare pengar på å skfite ut gamle vindauge.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Vindauga er veggen sitt svakaste punkt. Med nye vindauge kan du redusere varmetapet kraftig – i tillegg til at det aukar komforten i heimen, seier seniorrådgjevar i Enova Roar Hugnes.

Roar Hugnes

Nye vindauge kan redusere straumrekninga, seier Roar Hugnes i Enova.

Foto: Privat

Har du vindauge som er eldre enn 20 år slepp dei ut 2, 5 gang så mykje varme som nye vindauge.

– Vårt klare råd er at folk skiftar ut desse, særleg om du skal pusse opp eller rehabilitere, seier Hugnes til NRK.

Det finst over 600.000 hus i Norge som er bygd mellom 1960 og 1990. Det betyr at det er mange i kongeriket som fyrer for kråkene.

Ifølgje Enova kan varmetapet frå eldre vindauge utgjere heile 40 prosent av varmetapet ut gjennom vegger og tak i ein bustad.

– Byter du til moderne 3-lags vindauge kan ein fort redusere energibruken med mellom 3000 til 6000 kWh i året.

Men det er viktig å hugse at det er dyrt å skifte vindauge. Du vil ikkje tene pengar på dette. Men vi oppfordrar å ta dette i samband med rehabilitering av yttervegg eller etterisolering av veggar. Då vil det gi ein langsiktig gevinst, fortel Hugnes.

Betre totalinntrykk

Eigendomsmeklar Kåre A. Brustad i Privatmegleren på Jessheim seier at folk er opptekne av kvaliteten på vindauge på visning.

– Etter at ordninga med energimerking vart innført har alt med straumforbruk fått større fokus. Det er klart gamle vindauge er noko som påverkar energikarakteren på eit hus, seier Brustad.

– Det visuelle er nok framleis viktigast. Eg trur ikkje folk avviser eit hus berre på grunn av gamle vindauge.

Brustad understrekar likevel at gode vindauge kan vere med på å dra opp totalinntrykket på ein bustad.

LES OGSÅ:

Slik oppdagar du om vindauga bør skiftast ut:

  • Sjekk i ramma på glaset – her finn du byggeåret. Eldre enn 20 år bør skiftast.
  • Punkterte glas gir stort varmetap og bør alltid skiftast ut.
  • Kjenner du trekk frå karmen er det eit teikn på dårleg isolering og mangelfull vindtetting.
  • Dogg indikerer dårlege vindauge, gjerne i kombinasjon med dårlig ventilasjon. I tillegg kan dette gi roteskade i karmen.
  • Vindauge frå 1965 til 1980 inneheld truleg miljøgifta PCB og bør bli erstatta med nye.

Frys på beina

– Du vil ofte merke det på beina – for dersom det lekk inn kald trekk så går den mot golvet og du vil kjenne at du frys på beina, fortel Hugnes. Ofte må folk flytte sofagrupper vekk frå vindauge i eldre hus – fordi trekken er for stor.

– I tillegg er det ganske vanleg at folk har elektrisk omn under vindauga for å kompensere varmetapet. Slikt slepp du tenke på om du har nye 3-lags vindauge, seier seniorrådgjevaren.

Gamle vindauge

Vindauge frå 1965 til 1980 innheld truleg miljøgifta PCB.

Foto: Frode Søreide / NRK

U-verdi

Kvaliteten på vindauga som er produsert i dag er langt betre enn for berre 20 år sidan. Krava til vindauge er også skjerpa når du bygger nytt hus. Dette måler ein gjennom å fastsette U-verdi, som fortel kor mykje varmetap eit vindauge har.

Lågast tal er best. Kravet i Norge er at nye hus skal byggjast med vindauge som har ein U-verdi på under 1, 2. Enova tilrår at folk vel 3-lags glas som har ein U-verdi på 1,0 eller lågare.

Eldre vindauge med enkelt vanleg glas har gjerne ein U-verdi på 5,0.

Dei beste vindauga er i dag merka med "Enova Anbefaler".
Sjølv om dei beste vindauga er blitt betre i kvalitet og lågare i pris grunna større etterspurnad, er det framleis ein stor kostnad for mange.

Enkle tips om du ikkje har råd til å skifte heile vindauget:

  • Bytt pakninga mellom karm og ramme i vindauget. Dette kan hindre ein del trekk.
  • Demonter lister og kledning (skal dette fungere godt må det ny betre vindtetting til utvendig) og etterisoler rundt vindauget. Sett på list rundt vindauget.
  • Trekk for gardinene om natta – dette reduserer varmetapet litt.
  • Prioritert opphaldsrom som stove og kjøken først når du skal skifte
  • Har du gamle verneverdige vindauge kan det vere eit alternativ å reparere vindauget eller kjøpe vindauge med sprosser – for å unngå for stor fasadeendring.

Her er Enova si hugseliste for kjøp av nye vindauge:

  • Kjøp 3-lags vindauge.
  • Sjå etter "Enova-Anbefaler"-merket. Det tyder at vindauga har U-verdi på 1, 0 eller betre
  • Alle mål må vere yttermål på karmen. Fjern lista på innsida av vindauget, og mål den utvendige breidda og høgda for å finne riktig mål
  • All mål må noterast i breidde x høgde
  • Vurder om du har behov for solskjerming eller støydemping
  • Sjekk kor mykje vedlikehald vindauget krev
  • Dersom du ikkje skal montere vindauget sjølv – be om pris inkludert montering
  • Vindauge som er plassert høgare enn 2. etasje må vere innadslåande eller kunne snuast for å bli reingjort på innsida.
  • Vindauge bør ha barnesikring

Fordeler ved utskifting av vindauge:

  • Reduserte energiutgifter.
  • Nye vindauge er sikrare mot innbrot og har barnesikring.
  • Betre inneklima og jamnare innetemperatur.
  • Enklare å reingjere og treng mindre vedlikehald.
  • Nye vindauge har lengre levetid
  • Trekkfri lufting.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)