Hopp til innhold

Same taxitur, heilt forskjellig pris

Turar med Oslo sine største taxiselskap viser at å samanlikne prislister ikkje nødvendigvis hjelper deg å finne det billegaste taxiselskapet.

Taxi

Kva selskap er billigast? Kven har best prisinformasjon? Og kven kjem først fram? NRK Forbrukerinspektørene tok same tur to gongar med kvart taxiselskap.

Foto: Petter Nielsen / NRK

NRK Forbrukerinspektørene bestilte og gjennomførte same tur på same tid med Oslo sine største taxiselskap på to ulike dagar.

Undersøkinga vart utført for å finne forskjellane på selskapa.

  • Dyraste selskap var 21 prosent dyrare enn billigaste selskap
  • Forskjellen på raskaste og treigaste levering av taxi i Oslo var 31 minuttar
  • Fire av ti drosjer mangla synleg prisinformasjon

BEST PRIS:

 Rangering etter best pris

Rangering:

Pris tur1:

Pris tur 2:

Totalt:

 

Differanse frå vinnar:

Christiania Taxi

223 kr

223 kr

446 kr

 

0 kr

Oslo Taxi

231 kr

244 kr

475 kr

 

-29 kr

Taxi2

250 kr

260 kr

510 kr

 

-64 kr

Bytaxi

266 kr

268 kr

534 kr

 

-88 kr

Norgestaxi

270 kr

272 kr

542 kr

 

-96 kr

City Taxi

310 kr

Ikkje bil

 

 

 

Konklusjon: 96 kroner forskjell på dyrast og billigast

Rute på 8 kilometer

Taxiselskapa fikk i oppgåve å køyre frå Ekebergrestauranten til Frogner Stadion.

Denne ruta har ei lengde som skal tilsvare det som kallast «jamførturen» på cirka 13 min og 8 kilometer (pluss/minus 200 meter), dersom raskaste rute vert valt.

Prisane som blir markert gult i prislistene er jamførprisar. Jamførprisen i listene gjeld når ein plukkar opp ein taxi ved ein haldeplass, i denne undersøkinga har vi ringt etter taxi.

For å finne raskaste rute vart det gjort kartundersøkingar på google. Begge turane i undersøkinga vart utført kvardagar mellom klokka 10.00–14.00.

Alle bilane vart bestilt samtidig per telefon.

Christiania Taxi var billegast

  • Christiania Taxi tok minst betalt med 223 kroner for kvar av sine turar
  • På andre plass kom Oslo Taxi som tok 231 og 244 kroner
  • Forskjellen frå billigaste og dyraste taxi i testen var 96 kroner
  • Dyrast var Norges Taxi som tok 270 og 272 kroner for kvar av turane
  • Norgestaxi var 21 prosent dyrare enn billigaste selskap Christiania Taxi

KORTEST TID FØR BILEN KOMMER

 Rangering etter kortaste tid før bilen kom

Rangering:

Tur 1:

Tur 2:

Totalt:

Oslo Taxi

5 min

 5 min

  10 min

Bytaxi

7 min

 7 min

 14 min

Taxi2

15 min

 10 min

 25 min

Norgestaxi

8 min

 20 min

 28 min

Christiania Taxi

8 min

 36 min

 44 min

Konklusjon: Den treigaste bilen brukte 31 minutter meir

Oslo Taxi først fram

Oslo Taxi kom først fram på to av to turar. Dei leverte bil først og brukte minst tid frå ein ringte selskapa til ein var framme ved Frogner Stadion.

– Det er hyggjeleg at vi kjem godt ut i testen. Oslo Taxi tilstreber å vere best i byen kvar dag, kvar time, seier Lars Dolva, markeds- og kommunikasjonssjef i Oslo Taxi til NRK.no.

Slår ein saman resultatet frå begge turane brukte Oslo Taxi 38 minuttar. Rett bak kom Bytaxi som totalt brukte 42 minuttar.

Bytaxi er nøgd med å vere nest raskast i undersøkinga, sjølv om dei er den minste sentralen i Oslo med berre 62 løyver.

– Vi har jobba, og jobbar, systematisk med å få så lav responstid på callsenter og bil som mogeleg, og det viser denne undersøkinga at vi har lykkast med, seier Jarle Kanaris, dagleg leiar av Bytaxi til NRK.no.

Når det gjeld totalprisen i undersøkinga visar dei til at dei nødvendigvis må vere noko dyrare enn dei største sentralane, då dei har eit betre dekningsbidrag per tur.

– Prisundersøkinga viser likevel at differansen ikkje er større enn det som er overkommeleg med tanke på leveringsdugleik og kompetanse på sjåførane, seier leiaren av Bytaxi.

Dårlegast ut kom Christiania Taxi som brukte 79 minuttar. Dei leverte bil etter 8 minutt på første tur, men brukte 36 minutt på å levere bil på andre tur.

– På generelt grunnlag kan eg seie at ein tur frå Ekebergrestauranten til Frogner stadion bør gå greitt å skaffe taxi til. Vi har over 250 løyvehavarar i Oslo og får stadig fleire. I enkelte utkantsoner har Oslo Taxi AS til tider betre dekning enn oss, og vil difor nokon gongar vere hos kunden på kortare tid enn oss, seier Ståle Krabset frå Christiania Taxi til NRK.no.

Kortast tid frå bestilling til bilen kom fram

 Rangering etter tid frå bestilling til bilen kom fram

Rangering:

Tid tur 1:

Tid tur 2:

Totaltid:

Totalt frå bestilling:

Oslo Taxi

15 min

13 min

28 min

38 min

Bytaxi

14 min

14 min

28 min

42 min

Norgestaxi

15 min

17 min

32 min

60 min

Taxi2

17 min

25 min

42 min

67 min

Christiania Taxi

17 min

18 min

35 min

79 min

Manglar synleg prisinformasjon

I undersøkinga mangla fire av ti drosjer synleg prisinformasjon i bilen.

Kun Oslo Taxi hadde synleg prisinformasjon i begge bilane. Dei andre fire selskapa mangla prisinformasjon i ein av to bilar.

– Dersom ei av drosjene mangla prisinformasjon er det ikkje i tråd med prisopplysningsforskrifta løyvehaver er pålagt å følge. Alle skal ha synleg prisinformasjon, seier Kanaris frå Bytaxi.

Taxi2 kommenterer at prislister sjølvsagt skal vere på plass i alle drosjer, men at då dei ikkje veit kva drosje det dreier seg om, er det vanskeleg å gje ei konkret tilbakemelding for akkurat denne turen.

– Vi er sjølvsagt ikkje nøgd med å vere nest sist av selskapa de nytta, men som ein mindre drosjesentral med færre bilar opplev vi dessverre at det kan vere eit stykke fram til kunden i område med lite førehandsbestillingar, seier Ole Christian Fosheim, driftssjef i Taxi2 til NRK.no.

Alle dei fem selskapa oppgjer jamførpris (sjå faktaboks) i sine prislister.

Prislister ikkje alt

Jamførprissystemet vart innført i 2011 for at forbrukaren skal kunne samanlikne prisen til selskapa.

Jamførprisen som er markert gult gjeld ein tur der du plukkar opp ein bil ved haldeplass og meininga er at du skal kunne bruke den for å finne rimelegast taxi.

Men kva då når du ringer og bestiller ein taxitur som i denne undersøkinga? Noko ein veldig ofte gjer. For å kunne finne ut kva det då vil koste deg må du fram med kalkulatoren og rekne.

Hadde ein brukt prislistene, tatt utgangspunkt i ein jamførtur ved bestilling og funne fram kalkulatoren hadde ein rekna ut at Oslo Taxi skulle vore billigast, etterfølgt av Christiania Taxi, Bytaxi, Norgestaxi og Taxi2. I forhold til resultata i denne undersøkinga er det ikkje samsvar.

Billegaste selskap ifølgje utrekningane vart ikkje billigaste selskap i praksis.

Val av ulike ruter gjorde at ein enda opp med ei anna rangering.

– Alt påverkar sluttprisen

Norgestaxi meiner det er verd å merke seg at dei gir sine faste brukarar gunstige rabattar. Og at dei snart vil få på plass eit nytt system som skal gi kundar utan nokon tilknyting tilbod om rabatt kvar tredje tur.

Dei vil framheve at ein ikkje på førehand kan bestemme at ein tur mellom to adresser i Oslo skal kunne utvikle seg slik at tid og distanse stemmer med jamførprisens grunnlag.

– Hendingar i trafikken, raude lys, vegarbeid, alt vil påverke sluttprisen. Det kan jo også hende at det er valt forskjellige ruter. Jamførprisen er ikkje basert på kva Gule Sider måtte meine om ein distanse i kilometer eller tid, den er basert på kva som verkeleg skjer under turen, seier Finn Bjørn Grøgaard, salssjef i Norgestaxi til NRK.no.

Han legg til at jamførpris er ein svært teoretisk ting.

– Den er meint for at kunden med eit raskt blikk skal kunne avgjere kva selskap som er billegast, ved at alle oppgir prisen for ein definert, lik tur.

– Framleis for vanskeleg å få prisinformasjon

Anne Haabeth Rygg

Denne undersøkelsen viser at det enno er for vanskeleg å samanlikne prisar, seier Anne Haabeth Rygg frå Forbrukerrådet.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

– Prisinformasjon må vere tilgjengeleg i alle bilane og på alle haldeplassar, seier Anne Haabeth Rygg, fagdirektør for samferdsel i Forbrukarrådet til NRK. no..

Forbrukarrådet utførte sjølv ein test i desember 2011, der konklusjonen var at det er for vanskeleg å velje rimelegaste taxi.

Rygg meiner jamførprisen er ein god tanke, men som instrument for å samanlikne ender den opp med å vere utilstrekkeleg. Det krevjast meir før den kan brukast til prissamanlikning. Det er for vanskeleg i dag.

– Alle prisane bør bli gjort tilgjengeleg i eit maskinlesbart format, sånn at ein kan lage tenester der ein kan søke i prisane digitalt og samanlikne taxiselskapa, seier Rygg.

Rygg meiner forbrukarane må kunne få tilbod om ei oversikt og søkeverktøy som gjer at ein kan klare å velje det selskapet som er best for akkurat den turen ein skal ta.

Blir enno dyrare

Norgestaxi manglar pris i bilen, og seier det skyldas at dei endra prisane den 20.01.2013.

Dei nye prisane til Norgestaxi er høgare enn dei gamle.

I undersøkinga var det dei gamle prisane som vart brukt under begge turane.

Då FBI undersøkte nettsidene til Norgestaxi 5. februar var enno ikkje dei nye prisane til Norgestaxi på nettsidene.

– Vi beklagar at vi ikkje har oppdatert desse på nettet, det er ein glipp som vi no er i ferd med å rette opp, seier Grøgaard.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)