Hopp til innhold

Regnskog, her i Noreg?

Visste du at vi har noko så eksotisk som regnskog i Noreg? Og ikkje berre ein, men mange?

Regnskog
Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Vår boreale (nordlege) regnskog består av 270 små område langs kysten av Midt-Noreg. Dei er knytt til kystgranskogane, som held ekstra godt på fuktigheita som regn og tåke gjev.

Kva er ein norsk regnskog? Sjå video:

Monika Blikås og Frode Ødegaard
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå heile: Villere og eksotiske Norge

Mange småområde kan også reknast som regnskog. Alt i alt har vi eit totalareal på ca 50 000 dekar regnskog!

Der finn vi blant anna den sjeldne gullprikklaven som står på raudlista over trua og sårbare artar.

Under trekronene og barken finn ein mange insekt som ikkje finst andre stader. Sjå video:

Insekt
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

For å verne om desse områda er det oppretta ca 30 reservat som dekkjer 9000 dekar regnskog, fortel forskar Håkon Holien ved Høgskulen i Nord-Trøndelag.

Forekomst av boral regnskog i Norge