Hopp til innhold

Pent.no gir feil yr-varsel

Vêrtenesta til VG hevdar å samanlikne vêrvarselet frå Yr og Storm, men forbrukarane får det ikkje til å stemme overeins med vêrvarselet på yr.no.

Vær.

Pent.no viser ikkje same varsel som Yr.no, har NRK fått klager om. Ofte melder Pent.no at Yr.no melder motsatt av hva de faktisk gjør.

Foto: NRK

– Me har fått inn masse spørsmål frå folk om kvifor det er slik, og mange lurar på kva dei kan stole på, seier Erik Bolstad, redaksjonssjef for yr.no.

Pent.no set vêrmeldingane frå dei to store vêrmeldarane i Norge, Yr og Storm, opp ved sidan av kvarandre, slik at folk kan samanlikne dei to, og sjå om dei eventuelt skil seg frå kvarandre.

Men Bolstad fortel at folk har teke kontakt med Yr og fortalt at vêrmeldingane på pent.no og yr.no ikkje samsvarar.

– Me synest det er kjempebra at ei slik teneste finst, men det er dumt at nokon lagar ei teneste som dei ikkje kvalitetssikrar, seier Bolstad.

pent.no

Vêrvarselet for Oslo frå pent.no.

Foto: Skjermdump frå pent.no
yr.no skjermdump

Vêrvarselet for Oslo frå yr.no.

Foto: Skjermdump frå yr.no

Skjermdumpane ovanfor illustrerer korleis vêrvarselet på pent.no ikkje stemmer med vêrvarselet til Yr.

Forvirrande

Pent.no opererer med andre tidsperiodar enn Yr og Storm, som deler døgnet inn i fire periodar: frå midnatt til kl. 06.00, og så i periodar på seks timer framover.

Pent.no starter to timar seinare, altså frå 02.00 til 08.00, og så fram til 02.00 neste døgn.

Men sjølv om ein tek høgde for at tala kan vere ulike grunna forskjellige periodar, så stemmer til dømes nedbørsmengda som pent.no melder ikkje overeins med Yr.

– Me synest det er dumt at det blir skapt tvil om vêrvarsla. Me brukar mykje tid og energi på at dei skal vere rett, seier Bolstad.

Erik Bolstad

Erik Bolstad, redaksjonssjef for tenester i Nye medier-avdelinga i NRK.

Foto: MOEN,JØRN H. / Dagbladet

Yr gir bort vêrdata gratis, og dei er tilgjengelege for kven som helst. Mellom anna bruker mange utanlandske aviser Yr som «vêrleverandør».

– Det er to måtar å hente ut denne informasjonen på, og den eine er vanskelegare enn den andre. Enten får ein sjølve datagrunnlaget for vêrvarselet, eller så kan ein få ein enklare versjon, som er lettare å ta i bruk, seier Bolstad.

Det er den vanskelege versjonen pent.no har valt ved å hente ut rådata sjølve.

Skal byte

– Årsaka til avvik er at me bruker rådata frå Meteorologisk institutt, og ikkje det me får frå Yr. Me gjorde dette fordi me ville gå rett til rådataa, seier Tor Jacobsen, administrerande direktør i VG Mobil, som har utvikla tenesta pent.no.

– Men dette skal me no endre på, slik at vêrvarselet blir likt med yr.no, seier Jacobsen.

Pent.no opererer med forskjellige tidsintervall fordi Yr og Storm kan skifte sine intervall frå dag til dag, og time til time, medan pent.no har fire faste intervall kvar dag for å kunne samanlikne, forklarar Jacobsen.

– Eg vil seie at varselet på pent.no som regel vil vere likt med yr.no, men nokre avvik kan finnast. Me ynskjer kontinuerleg å forbetre tenesta vår, og det er difor me no skal byte kva data me brukar, seier han.

Yr.no er et samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)