Hopp til innhold

Lojale kundar taper milliardar

Bankane tjener milliardar på at nordmenn er sløve kundar. Sjå kor mykje vi kunne spart med enkle grep.

PENGER PENGER

Teoretisk sett går vi totalt glipp av 10 milliardar kroner på feil bankvalg.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Norske bankundar er svært trufaste. Mange blir i den samme banken år etter år uten å sjekke om det lønner seg.

Eva Hovland

- Eg gidd ikkje å sjekke vilkåra, seier bankkunde Eva Hovland som NRK møtte på gata i Bergen.

Foto: Tarald Manad Svenenvig Aaby / NRK

- Eg har sikkert vore i den samme banken i minst ti år, seier bankkunde Eva Hovland.

Ho har ikkje sjekka om den gir ho best vilkår.

- Nei, eg gidd rett og slett ikkje. Eg trur ikkje det er så store skilnadar, seier ho.

Gir vekk 10 milliardar

Men store skilnader er det. Dine Penger har på oppdrag frå NRK Forbrukerinspektørene rekna ut kor mykje vi totalt tapar på feil bankvalg. Berekningane tek utgangspunkt i kor nordmenn har kundeforhold i dag, og standardvilkåra i dei bankane.

Tankeekspreimentet viser at dersom alle lånekundar hadde flytta låna sine frå der dei er i dag, til banken med best lånerente, ville det utgjort 6 milliardar kroner.

Hadde alle flytta brukskontoane sine til beste dagligbank, ville vi kunne spart 4 milliardar kroner på det.

Teoretisk sett går vi totalt glipp av 10 milliardar kroner på feil bankvalg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Endringsvegring

- Det er veldig rart at folk som ellers er opptatt av salg og tilbod, gløymer pris når det gjeld banken, seier Trond Døskeland, forskar og assisterande professor ved Handelshøyskolen i Bergen. Han er likevel ikkje overraska over vår endringsvegring.

Trond Døskeland

Trond Døskeland ved NHH meinar kundane har endringsvergring

Foto: Norges Handelshøyskole

- I forskninga er det eit kjent fenomen. Dersom ting virkar overveldande og komplisert, tenker folk at det nok er best å berre fortsette med det som er kjent.

Dette veit sjølvsagt bankane, og dei tener svært godt på det, seier Døskeland.

Få bytter

Dei siste åra har det blitt lagt til rette for at bankkundane lettare skal kunne ta rett valg. Mellom anna kom det ei regelendring i 2008 som innebar at både den nye og gamle banken din forpliktar seg til å hjelpe deg med etablering og flytting av kundeforholdet. Året etter vart Finansportalen lansert som eit anna hjelpemiddel.

Men sjølv om det er blitt enklare både å finne best bank og å bytte, er det framleis svært få som gjer det. Det viser ei fersk underøking gjort av Forbrukerrådet.

Her seier 21 prosent av dei spurte at dei har vurdert å bytte bank, men kun 5.5 prosent har gjort alvor av det og bytta.

Heile undersøkelsen finn du på Forbrukerrådet sine nettsider.

Ein av dei få som har gjort det er Remi Stamnes. Han bytta bank i oktober og tjente godt på det.


- Nokon må jo gå først, så får vi berre håpe dei andre tar til vett og kjem etter, seier han med eit smil når NRK fortel at han er ein av svært få bevisste kundar.

Les også: Du ha spart penger - du visste bare ikke om det

Fryktar kundefanging

Eivind Stage, Konkurransetilsynet

Eivind Stage i Konkurransetilsynet fryktar at bankundar skal bli låst i fordelsprogram

Foto: Marit Hommedal

Samtidig som det vert jobba for å gjere det lettare å bytte, fryktar no Konkurransetilsynet at dette indirekte vert motarbeidd av bankane.

- Vi ser med bekymring på auka i såkalla fordelsprogram eller produktpakkar, seier seksjonsleiar Eivind Stage.

Han sikter til at mange bankar no knyt ulike produkt saman med særskilte vilkår. Det kan til dømes dreie seg om at du for å få den beste lånerenta, også må ha andre produkt som forsikring, brukskonto og sparekonto i samme bank.

Tal frå Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO), viser at 44 prosent av bankkundane i dag er tilknytta ei eller anna form for fordelsprogram.

- Det fører til at det blir vanskeleg å sammenligne tilbod og vanskelig å bytte.
- Men for kunden kan det jo være kroner å spare på pakketilboda?
- Det kan vere, men kunden blir også i større grad låst til banken, derfor vil vi følge nøye med på denne utviklinga og vurdere om vi skal sette i verk tiltak, seier Stage.

- Kundene smartere enn som så

Leif Osland, kommunikasjonsdirektør i FNO stiller seg undrende til kritikken fra Konkurransetilsynet.

Sparegris

Mange nordmenn sløsar istaden for å spare ved å velge feil bank

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Det er jo slik at du kan få økonomiske fordeler gjennom fordelspakkane, sier Osland. Trass i tala som viser at nordmenn teoretisk sett kunne spart 10 milliardar på å bytte bank, meiner han folk klarar å vurdere om det lønner seg med pakkeløysing eller ulike frittståande bank- og forsikringsprodukt.

- Det er gode valgmuligheter her i landet, hevdar Osland og peiker på at næringa har vore med å legge til rette for tenester som Finansportalen.

Slik byttar du på 1-2-3

Dersom du ønsker å sjekke om din bank gir deg dei beste vilkåra, og eventuelt bytte, gir vi deg her ei enkel oppskrift.

Gå inn på http://www.finansportalen.no/ og undersøk kva bank som gir deg best vilkår.

Sjølve bankbyttet består av at du fyller ut et enkelt skjema som du sender til den nye banken og oppretter eit kundeforhold der.

No hjelper både din gamle og nye bank deg med alt det praktiske. Dette gjer bankane:

  • Overfører pengane
  • Avsluttar kontoar
  • Lager ei oversikt over rekningar som står til forfall, avtalegiroar og faste betalingsoppdrag
  • Ivaretar belastningar og innbetalingar på oppsagt konto hos gammal bankforbindelse
  • Innfrir og flytter lån eller kreditt

Alt dette tek bankane seg av så du slepp du å tenke på det.

Det einaste du må huske på er å melde frå til arbeidsgjevar, trygdekontor og andre om ditt nye kontonummer.

Nokre bankar tek eit etableringsgebyr når du registrerer deg som kunde, men det kan være lurt å huske at banken gjerne vil ha deg som kunde og at dette difor er eit gebyr du kan prute på.

Skal du flytte eit lån krev staten eit tingslysingsgebyr på 215 kroner, men mange bankar dekkar også dette dersom du prutar litt. Lykke til!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)