Hopp til innhold

– Ingenting som hastar i hagen no

No kan du endeleg slappe av og nyte hagen din. For ein gongs skuld er det ingenting som hastar.

Hengekøye i hagen

Endelig er det tid for å slappe av i hagen.

Foto: Michele Constantini/PhotoAlto / Colourbox.com

– Du kan fint la mykje vere i fred no. Det er få ting som absolutt må bli gjort, seier Tommy Tønsberg frå Hageselskapet og redaktør for Norsk Hagetidend.

Perioden med gjødsling og luking av ugras er over for dei fleste, og det er no på tide å nyte hagen sin.

– Grønsaker og bær står berre og veks, prydbusker er gjødsla og frukttre er tynna før sommaren, plenen er reinska for groblad og løvetann, og staudane står i fred i blomsterbedet, seier Tønsberg til NRK.no.

Gressklipping

Det er ikkje så farleg om graset får vekse litt i sommar.

Foto: Hermans Patrick/ScanStock

Tommy Tønsberg i Hageselskapet

Du kan ta det med ro i hagen no, seier Tommy Tønsberg frå Hageselskapet og redaktør for Norsk Hagetidend.

Foto: Hageselskapet

– Lat graset gro

Oppspiste kirsebær på tre

Nokre ting kan framleis vere lurt å få unnagjort. For eksempel kan det vere greit å få lagt ein netting over buskene dine før fuglane et opp bæra.

Foto: Colourbox.com

Det beste rådet Tønsberg har til hageeigarar i sommar er å ta vare på plenen sin - ved å la han vere i fred.

Det gjer ingenting at graset blir for langt, fortel han.

– Nokre gjer ein kraftinnsats for å sleppe å klippe for ofte. Det beste rådet mot ugras er derimot å ikkje klippe plenen for kort. Om du gjer det blir graset svekkt, og ugraset får meir sol og vatn, og veks betre, seier Tønsberg.

Dessutan kan graset bli misfarga og brunt om grasstråa blir for korte og det blir mykje sol og varme.

For å unngå det, bør du ifølgje Tønsberg ikkje klippe graset kortare enn 4-5 centimeter.

– Det betre å heller klippe lite og ofte, seier han.

Småtteri om sommaren

Det same gjeld for andre plantar i hagen også, som no skal vekse og bli større.

Om ein absolutt vil gjere noko i hagen no, er det nokre ting ein kan gjere, ifølgje Tønsberg.

  • Tidlegblomstrande busker og tre skal ein beskjere like etter blomstring, men sidan Noreg er eit langstrakt land, er dette noko ein sjølv må vurdere når ein har behov for å gjere.
  • Det er snart tid for bær. Det betyr at ein kan dekke til bærbusker med netting for at ikkje fuglane skal stikke av med alt før det er klart for plukking.
  • Gi litt gjødsel og vatn til sommarblomar i potter og balkongkassar for å få god vekst.

Treng du ein ny blome på balkongen eller ein ny hekk i hagen? Få alle tipsa i Planteguiden på NRK.no!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)