Hopp til innhold

Dette er mattrendane i 2014

I 2014 vil nordmenn ha mat som er sunn, solidarisk og snill mot miljøet, spår forbruksforskarane. Ernæringseksperten håpar på færre ekstremdiettar.

I matbutikken

Mattrendane endrar seg frå år til år. I 2014 kjem det sterke sunnheitsfokuset til å prega vala våre i daglegvarebutikken. Bærekraftig og økologisk mat kjem også til å få ein oppsving, ifølgje forbruksforskarane.

Foto: Colourbox.com

Helse, sunnheit og eit naturleg og råvarebasert kosthald er det som kjem til å prega nordmenn sine matvanar framover, seier Annechen Bahr Bugge i SIFO, Statens institutt for forbruksforsking.

Bugge har forska mykje på folk sine mat- og etevanar og ser tydelege trendar i nordmenns matforbruk: skepsisen til karbohydrat og stigmatiseringa av sukker held fram i 2014.

– Sukker kjem til å bli enda meir stigmatisert. Slanke, sunne og veltrente kroppar er det folk traktar etter. Mat som ikkje er i samsvar med det idealet få negativ status, seier ho.

Frå karbo-hysteri til karbo-fy

Sukkerfavoritter

Me vil, me vil, men me får det ikkje til. Åtte av ti nordmenn ønskjer å redusera sukkerinntaket sitt. Likevel et kvar og ein av oss 29 kilo i året.

Foto: Hallvard Mørk Tvete / NRK
Annechen Bugge

Annechen Bugge i SIFO forskar på nordmenn sine mat- og etevanar.

Foto: Marit K. Selmer / NRK

Populære diettar har gitt skurke-status til mange kjerneprodukt i det norske kosthaldet: brød, poteter, pasta, ris, kveitemjøl, mjølk og meieriprodukt er stempla som nei-mat av blant anna lågkarbo-dietten og i boka «Kjernesunn familie», fortel Bugge.

– Eg er særleg overraska over kor mange som har blitt påverka av lågkarbo-dietten. Også folk som ikkje følgjer den, har teke til seg dei oppfatningane som dietten forfektar om at karbohydratar er fy-fy.

Særleg brød toppar listene over kva folk et mindre av. Forbruket av reint kjøtt og grønsaker har derimot auka kraftig sidan 1990-talet. Smør, egg og fisk, spesielt laks, hamnar også oftare i folk sine handlekorger enn før.

– Det har vore mykje hysteri rundt dette med karbohydrat. Folk har hatt lite kunnskap om dette og blir forvirra når det går ut feilinformasjon i media. Alle typar karbohydrat er ikkje farlege. Dette trur eg ein god del av befolkninga no har forstått, seier ernæringseksperten Cathrine Borchsenius i Bramat.no.

Miljø og dyrevelferd

Sjekker matvare

Nordmenn har blitt meir medvitne og opptekne av kva maten dei kjøper inneheld og kvar den kjem frå, ifølgje forbruksforskarane.

Foto: Colourbox.com

At forbrukarane er meir interesserte i kva dei får i seg er ein positiv trend, meiner den kliniske ernæringsfysiologen.

– Eg trur nordmenn kjem til å bli meir skeptiske til salt i tida framover. Me et altfor mykje av det, blant anna gjennom inntak av fiskekaker, kjøttkaker og pølser. Saltet får blodtrykket til å stiga og aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar, seier ho.

Matforskinstinstituttet Nofima spår at bærekraftig mat og dyrevelferd vil bli enda viktigare for forbrukarane i 2014.

– Etter mykje rovdrift har heile te-industrien no lagt om til bærekraftig produksjon i samarbeid med organisasjonen Rainforest Alliance. Coca Cola si «plantbottle», laga av ein tredel plantemateriale, har også fått mykje positiv merksemd. Me ser at dette er tiltak som forbrukarane set stor pris på, seier rådgjevar Britt Signe Granli i Nofima.

Interessa for økologisk mat her lenge vore lunka, men begynner no å få ein oppsving, ifølgje Granli. Det vaksande miljøfokuset vil også føra til at nordmenn kastar mindre mat, trur ho.

Vil ha slutt på mat-ekstremisme

Kliniks ernæringsfysiolog Cathrine Borchsenius

Cathrine Borchsenius er klinisk ernæringsfysiolog i Bramat.no.

Foto: Privat/ pressebilde

– Folk viser også større interesse for matlaging, både gourmet- og sunn mat. Dette er ein trend som vil fortsetja inn i 2014, trur Bugge i SIFO.

Ho får støtte frå Nofima.

– Folk blir stadig meir opptekne av å laga god mat sjølv, gjerne av kortreist mat, sesongvarer, sjølvdyrka grønsaker og sjølvfanga vilt. Fleire kjem til å kasta seg på 2013-trenden med å få matvarene levert på døra, seier Granli.

Andre trendar, som er av den meir kortvarige «blaff»-typen, er dei stadig nye slankediettane som kjem på marknaden. 5-2-dietten, rawfood, supermat og lavkarbo er nokre av dei siste som har fått mykje meksemd i Noreg.

Ernæringseksperten Borchsenius håpar 2014 blir året der folk innser at «litt av alt» er det aller beste:

– Alt som er veldig avgrensa og ekstremt er ein uting. Superfood blir ofte misforstått, økologiske variantar inneheld ikkje alltid meir næringsstoff og det er ikkje dokumentert at rawfood er bra for deg. Det er ofte når kunnskapen manglar at det ein går for langt - som mange livsstilsbloggarar gjer. Det ideelle er å ta det beste frå alt. Ein må prøva å ha eit litt avslappa forhold til kosthaldet sitt.


TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)