Synnøve Bjordal brukar Amalie Skram-huset aktivt
Kommer seg mer ut
Synnøve Bjordal er ein av brukarane:
- Her kan vi få herredøme over våre eigne liv igjen, fortel Synnøve Bjordal.
Ho er mellom anna plaga av panikkangst, men etter at Amalie Skrams Hus opna, har ho vore der 4 dagar i veka. Før kom ho seg knapt ut ein gong i månaden.
Svakt ettervern
Det var Terje H. Lerøy som kokte i hop ideen til huset – no kokar han middag i kafeen. Namnet tok han etter den kjende, manisk depressive forfattaren Amalie Skram.
- Eg reagerte på at ettervernet er så svakt. Dei treffstadane vi som kjem innafor psykiatrien får tilbod om, er stort sett ein stad å sitte å drikke kaffi og spise vafler.
Han syntes det var absurd at folk med psykiske problem, som ofte er veldig kreative, ikkje skal få bruke kreativiteten sin. Derfor sette han igong å jobbe for at politikarane i Bergen skulle bidra, og det har dei gjort.
Aktive brukarar
I tillegg til 100 kroner i året i medlemspengar frå brukarane, får Amalie Skrams hus 1,2 millionar kroner årleg frå fylket og kommunen. Dagleg er rundt 30-60 personar innom - nokre med ein lett depresjon, andre er uføretrygda og har ingen andre stadar å gå.
Dei som går på Amalie Skrams Hus, har ein draum om at slike tilbod blir oppretta i andre byar og stader rundt omkring i heile landet. Dei er meir enn villege til å gje meir informasjon til dei som er interessert.
Det er på allmøtet brukarane diskuterer aktuelle saker og vel representantar til styret for huset. Synnøve er no valt inn i styret:
- Eg har gått som dagpasient på Betanien, og det å kome hit er som natt og dag! Der opplevde eg berre å bli dårlegare, her har eg vorte med i styret for stiftinga, eg har byrja med keramikk og fått eit heilt nytt liv, seier ho.
Av Rune Bjåstad, PULS
Du finn Amalie Skrams Hus i Lars Hillesgate 17, 5008 Bergen, 55 55 38 90
Nett-adressa er: