Hopp til innhold

Blir fråtatt mobilen og sendt til hemmeleg adresse

Korleis klarar meklarar å bomme med millionar av kroner på eigedommane i Solgt? Her er 11 ting du ikkje visste om programmet Solgt.

I klippet ovanfor kan du sjå meklarane få vite at dei skal reise til Florida, noko dei ikkje visste før dei kom til flyplassen. (Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen, NRK)

1. Ingen hjelpemiddel

I Solgt blir meklarane fråtekne mobiltelefon og andre hjelpemiddel. Dette skjer alt på flyplassen, før dei veit kor dei skal reise.

Salsstatistikk for nabolaget er eit av dei viktigaste verktøya ein meklar har for å fastsette ein salspris, saman med takst eller tilstandsrapport.

I Solgt kjem dei til ein ukjend stad og får ikkje vite anna enn ein gjennomsnittleg pris for heile fylket. Den er sjeldan veldig relevant.

2. Veit ikkje kor dei skal reise

Veit ikkje kor dei skal.

Meklarane lurer veldig på kor dei er på veg.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Meklarane får aldri vite kor dei skal reise, før dei faktisk står på flyplassen same morgon.

Meklarane blir køyrt direkte til første objekt. Då er dei alt fråtekne mobiltelefon, slik at dei ikkje kan lese seg opp på prisstatistikk.

Dei får heller ikkje vite kvar dei skal på opptak dei andre dagane, før dei faktisk står på tunet.

3. Slik finn vi husa

Bomma med fem millionar

Dette huset i Narvik var så spesielt at vi valte å lage eit heilt program frå byen.

Foto: Frode Søreide / NRK

Over 170 hus og hytter er til nå tippa pris på i Solgt, men korleis blir husa til programma plukka ut?

I all hovudsak brukar vi nettstaden finn.no til å leite etter objekt. Dette arbeidet startar opp til eit halvt år før vi drar på opptak.

Vi har også kontakt med lokale meklarar i områda, for å få tips til spesielle eigedommar.

Enkelte gonger finn vi veldig spesielle hus, og det er avgjerande for kor vi reiser.

4. Korleis blir meklarane plukka ut?

Korleis plukka vi ut meklarar?

Vi jaktar på meklarar som tørr å by på seg sjølv.

Foto: Trude Janet Maarud / NRK

Mange meklarar ønsker å delta i programmet. I starten hadde vi audition rundt om i Norge, der vi plukka ut deltakarar.

Ofte ser vi etter meklarar som tør å by på seg sjølv, og som vi trur kan fungere på TV. I tillegg jaktar vi på meklarar frå alle delar av landet.

Hovudpoenget er at dei ikkje skal vere kjende i det området dei blir tatt med til.

Det er også mange meklarar som melder si interesse til oss om å delta.

5. Får dei betalt?

Får dei betalt?

Meklarane får ikkje betalt for å vere med i Solgt.

Foto: Trude Janet Maarud / NRK

Nei, meklarane får ikkje betalt for å vere med i programmet. NRK dekker alle kostnadane for meklarane under opptaket.

Heller ikkje dei som låner ut huset sitt i Solgt får betalt.

6. Er programleiaren meklar?

Programleiar Frode Søreide

Programleiar Frode Søreide har aldri jobba som eiendomsmeklar.

Foto: Trude Janet Maarud / NRK

Mange lurer på om programleiar Frode Søreide har bakgrunn som meklar. Men faktisk har han aldri jobba med eigedom.

Han starta i NRK i år 2000 som nyhendejournalist i NRK Sogn og Fjordane, og seinare NRK Hordaland. I tillegg har han jobba fleire år i Forbrukerinspektørene på NRK.

Han vart spurt om å lage Solgt i 2009, og har no laga 57 program.

7. Kor lang tid tar det å spele inn eit program?

Det tar fire dagar å gjere opptak til ein episode.

Fotografen har den største jobben på opptak. I alt går det med fire dagar til opptak på ein episode av Solgt.

Foto: Frode Søreide / NRK

På fjernsynet ser det ut til at alt skjer på ein halv time. Men produksjonen tek noko lenger tid. Faktisk er det opptak i fire dagar.

Vi brukar ein dag til å filma opninga av programmet og presentasjon av staden vi besøker. Medan vi brukar ein dag på kvart av dei tre husa vi presenterer.

I tillegg til planlegging og tilrettelegging i forkant, brukar vi alt frå 8 til 10 timar i kvart hus under opptak, alt etter kor store husa er.

8. Kor skal vi reise?

Kor skal vi reise?

Programleiar Frode Søreide har reist til 17 fylke i Norge og seks ulike land for å tippe bustadprisar.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Dette er noko av det første vi finn ut av. Vi prøver å ta omsyn både til geografi, årstider og område som utmerker seg.

Men nokre gonger er det også husa som bestemmer. Finn vi ein veldig spanande eigedom, så drar vi dit den ligg.

Så langt har vi besøkt 17 fylke i Norge, og seks ulike land. Oslo er den staden vi har tippa pris i flest gonger.

9. Blir husa styla?

Blir husa styla?

Husa i Solgt blir ikkje styla av NRK.

Foto: Frode Søreide / NRK

Normalt besøker vi husa rett etter at dei er seld, og da er husa alt visningsklare eller den nye eigaren er flytta inn.

Som regel er det huseigar sjølv som gjer huset klart, og det er ingen krav til styling. Det hender at vi tenner lys og fyrer i peisen for å skape den rette stemninga.

Det har også skjedd at vi har måtte ta bort eller flytte på enkelte gjenstandar, men vi ønsker at husa skal vere mest mogeleg naturlege.

10. Spør både kjøpar og seljar

Hus i Årdal

Stort sett synst huseigarar det er stas å bli spurt om å låne bort huset til TV-opptak.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Husa og hyttene vi brukar i programmet er som regel nyseld når vi kjem dit. Vi spør difor både kjøpar og seljar av eigedommane om løyve til å nytte huset i vårt program.

Stort sett synst folk det er stas å bli ringt opp. På veldig dyre objekt er det ikkje alltid like lett å få tilgang.

11. Kor mange jobbar i Solgt?

Teamet bak Solgt!

Fire personar er i sving under opptak. Her frå stranda på Kreta. F.v. Trude Janet Maarud, fotograf Rune Hansen, Line Hødnebø og programleiar Frode Søreide.

I alt er det fem til seks personar som jobbar i Solgt-redaksjonen. Det er ein fotograf som filmar alt som skjer. Det er også fotografen som klipper programmet i ettertid.

Normalt tek det tre veker å klippe saman opptaka – til programmet er klart for sending.

I tillegg til programleiar har vi ein regiassistent som passar på at alt går rett for seg under opptak. Vi har også ein redaksjonsassistent som tek vare på meklarane under opptak, og som planlegg alt det praktiske med reisene.

Den største jobben blir gjort før vi drar ut, med å planlegge og finne alle husa.

Vi har også ein prosjektleiar som leiar redaksjonen.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)