Hopp til innhold

– Røyking er kunstnarisk poeng

Legeforeninga oppfordrar filmskaparar til å slutte å vise personar som røykjer på film. – Men røyk har ein kunstnarisk verdi, meiner manusforfattar.

Jon Hamm i Mad Men

I den populære TV-serien Mad Men vert det røykt nesten heile tida. Her Jon Hamm som Don Draper.

Foto: Anonymous / Ap

Unge som ser mykje røyking på film har auka risiko for å byrje å røykje. Det viser ein ny rapport frå amerikanske helsestyresmakter, som meiner det er alftor mykje røyking på film .

– Dei ser opp til dei, desse rollefigurane og rolleførebilete som skodespelarane spelar. Dei kan verte førebilete på lik linje som til dømes idrettsstjerner, seier Gisle Roksund, leiar for Norsk forening for allmennmedisin, som ikkje overraska over funna.

– Ikkje det same utan røyking

Ifølgje amerikanske helsestyresmakter røykjer folk for mykje på filmlerretet. Dette kan få unge menneske til å byrje å røykje. Ei ny undersøking frå Centers for Disease Control and Preventionviser syner at unge som ser mykje røyking på film, har to til tre gonger så høgt sannsyn for å byrje røykje som dei som berre ser litt røyking.

Axel Hellstenius

Axel Hellstenius meiner røyking på film nokre gonger må til.

Foto: Carl Henrik Grøndahl / NRK

– Det beste dømet akkurat no er den amerikanske tv-serien Mad Men, sett i 1960-62. Der røykjer alle heile tida. Å sjå den utan røyking ville vore rart, seier manusforfattar Axel Hellstenius.

Han meiner at røyking kan ha ein kunstnarisk verdi, og at fleire av hans eigne filmar ikkje vil ha vore det same utan røyking.

– Til dømes Døden på Oslo S, med Lena som er prostituert og narkoman. Ho kjem heim til Pelle og røykjer, han er ein streiting og seier nei takk til røyk. Du kan godt seie at ho ikkje hadde trengt å røykje, men at ho faktisk gjer det skaper ein dynamikk mellom dei to karakterane og viser skilnadene. Då meiner eg at det er kunstnarisk rett å gjere det.

Samfunnsansvar

Trass i at talet på filmar som viser røyking har gått litt ned dei siste åra, viser nesten halvparten av alle amerikanske filmar bilete av tobakksbruk. Roksund oppfordrar filmskaparane til å kutte ut røyken.

Gisle Roksund

Gisle Roksund synest filmskaparane bør tenkje på samfunnsansvaret.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg meiner filmskaparar bør sjå dette ansvaret, og vere medvitne om det. Eg kan ikkje skjøne at det er behov for å røykje på film. Når norske filmskaparar produserer film, vil eg oppfordre dei til å kutte det ut. Eg kan ikkje sjå at det skal vere noko kunstnarisk poeng at det vert røykt, seier Roksund.

Men Hellstenius meiner filmskaparar ikkje kan ta ansvar for at unge menneske lèt seg påverke av å sjå røyking på film.

– Eg meiner vi har eit ansvar om å skape truverdige karakterar, god handling og karakterisere eit miljø. Dersom røyking er ein del av det må ein få lov til å vise det, seier Axel Hellstenius.

Helsedirektoratet vil ikkje ha forbod

Anne Hafstad, avdelingsdirektør for nasjonalt helsearbeid i Helsedirektoratet avviser derimot ikkje at røyking har ein plass i norsk film.

– Ein må ha kunstnarisk fridom til å skildre tider og miljø der røyking er ein naturleg del, seier Hafstad.

Ho seier at eit forbod mot røyking på film ikkje er noko dei vil arbeide for, sjølv om ein har som mål at røyking blant unge skal ned. Produktplassering av tobakk i film ser ho som ei langt viktigare problemstilling.

– Vi veit at amerikanske skodespelarar har fått store summar for å røykje eit spesielt sigarettmerke, men vi har ikkje døme på at dette har skjer i Noreg. Vi har tillit til at norske skodespelarar og regissørar ikkje lèt seg kjøpe av tobakksbransjen.


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter