Hopp til innhold

Armadillo tvinga fram debatt

Dokumentarfilmen "Armadillo" skapte eit nytt medvit i Danmark omkring deltakinga i krigen i Afghanistan. No kjem filmen på norske kinoar.

Danske soldater i dokumentarfilmen Armadillo

Skildringa av danske soldatar i Afghanistan har vekt debatt i Danmark.

Foto: Lars Skree

Filmen Armadillo følgjer ein dansk kontingent i dei internasjonale styrkane til Armadillo-basen i Helmand-provinsen.

– Det er eit psykologisk portrett av kva som skjer med unge menneske når dei kjem til fronten, seier regissør Janus Metz.

Filmskaparane har med fare for sitt eige liv, gjeve danskane eit bilete av kva som går føre seg i Afghanistan. Armadillo fekk kritikarprisen i Cannes og har trekt eit stort publikum til kinoane i Danmark, denne veka har den première i Noreg.

Danningsreise i krigen

Regissøren meiner filmen er ei forteljing om kva som motiverer unge menneske til å reise i krigen. Og ei skildring av mekanismane mellom soldatane i militærleirane og sivilie afghanarar.

Filmfotograf Lars Skree og regissør Janus Metz

Filmfotograf Lars Skree og regissør Janus Metz ville få danskane til å ta stilling til krigen.

Foto: ALEKSANDER ANDERSEN / Scanpix

– Sjølv om ein lagar dokumentar har ein ei banal forteljing som utgangspunkt. Her er det ei danningsreise, kven reiser ut, kva skjer undervegs, korleis har dei endra seg når dei kjem heim.

Filminga på førehand var godkjent av danske militære styresmakter. Likevel opplevde filmteamet forsøk på sensur på staden.

Debatt i Danmark

Janus Metz fortel at dei hadde eit klart formål om å få danskane til forhalde seg til at Danmark er ein krigførande nasjon

– Filmen har fått ein sjokkeffekt i det danske samfunnet. Råskapen i Afghanistan kjem inn i stovene til folk, og tvingar dei til å ta stilling, seier Metz.

Regissøren synest debatten i kjølvatnet av filmen har vore nyansert. Men om filmen kjem til å få ein liknande effekt når han vert synt i Noreg, er regissøren usikker på.

– Eg har i alle fall møtt stor interesse frå norsk media. Og publikum har stilt spørsmål etter å ha sett filmen, så det er vel mykje av den same tematikken ein lyt ta stilling til i Noreg.

Fiksjonselement

Trass at filmen er ein dokumentar nyttar, regissøren ein del element frå fiksjonsfilmar. Filmen har til dømes vorte samanlikna med fiksjonsfilmane Apokalypse nå! og Hjortejegeren med Vietnam-krigen som bakteppe.

– Sjølv om dette er ein dokumentar, er det naturleg å bruke filmspråket til å skildre ei psykologisk reise.

Armadillo

Det er livet ved Armadillo-basen i Helmand-provinsen som vert skildra i filmen.

Foto: Lars Skree

– Eg synest ikkje eg bryt med det dokumentaristiske. Musikken peikar på det som ligg like bak det umiddelbare, seier Janus Metz.

Armadillo har premiere på norske kinoar fredag 27. august.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.