Hopp til innhold

Flyet til dronninga treft av lynet

Flyet Dronning Sonja var om bord i på veg til Stockholm har vorte treft av lynet. – Det opplevdest veldig dramatisk, fortel medpassasjer.

Dronning Sonja

Dronning Sonja var på veg til bryllaupet i Stockholm då flyet vart treft av lynet.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Dronning Sonja var på veg til det kongelege bryllaupet i Stockholm med fly, då flyet ho sat i vart treft av lynet.

– Eg opplevde det som veldig dramatisk. Brått byrja flyet å riste, så kom eit kjempesvært lysglimt og eit stort smell, fortel NRK-journalist Marianne Ytre-Eide Bjaarstad som var med på same fly.

Det var under innflyginga til Stockholms flyplass Arlanda at SAS-ruteflyet vart treft av lynet.

– Heldigvis var kapteinen raskt ute med å fortelje at vi hadde vorte treft av lynet, men at alt hadde gått bra, seier Marianne Ytre-Eide Bjaarstad.

Flyet har landa på Arlanda utan problem. Dronninga sjølv var ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Slottet stadfestar at dronning Sonja var om bord i flyet som vart treft av lynet.

– Dronning Sonja merka at det skjedde, men opplevde det heile som udramatisk, seier Sven Gjeruldsen, assisterande kommunikasjonssjef ved Slottet.

Dronninga landa på Arlanda i Stockholm etter rutetabellen, og er no på veg til kongeskipet Norge, opplyser Slottet.

Ikkje uvanleg med lynnedslag

Oså SAS stadfestar at det var eit lynnedslag i flyet, men opplyser at det ikkje var nokon spesiell dramatikk rundt dette.

– Det har vorte gjort ein sjekk av flyet etter landing, og alt er i orden.

Akkurat dette lynnedslaget kom litt uventa på, fordi det ikkje var spesielt dårleg vêr i området, og vart difor opplevd som litt uventa og ubehageleg av passasjerane, opplyser SAS.

– Det einaste som var litt spesielt her var vel kanskje at dronninga var om bord, seier Knut Morten Johansen, informasjonssjef i SAS.

At fly vert råka av lynet er slett ikkje uvanleg, og flya er også konstruert slik at eit lynnedslag vanlegvis ikkje er farleg. Ifølgje Forsking.no er det liten grunn til å vere redd for torevêr når ein flyg.

Dersom ein først kjem inn i eit torevêr, er fly faktisk ein av dei tryggaste stadene å vere.

Sjølve flykroppen er nemleg laga av straumleiande aluminium, og lynet følgjer som oftast utsida av skroget før det forsvinn ut av halen eller lynavleiarane ytst på vingane. Flya vert treft ein gong i ny og ne, men det er 43 år sidan eit lynnedslag resulterte i styrt.

SISTE NYTT

Siste nytt