Hopp til innhold

Meir festivalpengar til jazz enn pop

Jazz- og kyrkjemusikkfestivalar får i snitt tre gonger så mykje i stønad frå Kulturrådet som pop og rock. – Sjangerapartheid, meiner sjefen for Eikerapen Roots Festival.

MOLDEJAZZ 2009

Frå opningsparaden under Moldejazz i fjor, som er ein av festivalane som får mykje stønad frå Kulturrådet.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Ulike musikksjangrar får svært ulik stønad når Norsk kulturråd deler ut pengar til festivalar.

– Norsk kulturråd utøver ein sjangerapartheid. Sjangergrenser tyder ikkje så mykje lenger. Folk forheld seg ikkje til rigide sjangergrenser, men til god musikk, seier Tor Åge Eikerapen, dagleg leiar Eikerapen Roots Festival.

Jazz- og kyrkjemusikkfestivalar får i snitt over ein halv million kroner, medan såkalla populærmusikkfestivalar gjennomsnittleg får 167 000 kroner.

Krev likebehandling

Festivalen Oslo Live er blant festivalane som får langt mindre stønad fra Norsk kulturråd enn mange jazzfestivaler. Festivalsjef for Oslo Live Gaute Haaversen Westhassel meiner kulturrådet bør satse meir på pop og rock.

– Hadde vi fått meir kultursøttte hadde vi hatt moglegheit til å booke litt friare, det er vårt mål. Men vi har ikkje råd til det, vi er Noregs billegaste festival innan vår sjanger. Vi ynskjer å booke meir utfordrande, og trekkje fram mindre norske band, seier Gaute Haaversen Westhassel.

Jon Skjerdal

Nattjazz-sjef Jon Skjerdal synest det er greitt at jazzfestivalar får meir pengar.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Populærmusikksjangeren får i gjennomsnitt 167 000 kroner i offentleg stønad frå kulturrådet.

Nattjazz i Bergen får langt meir i stønad enn til dømes Oslo Live. Og slik bør det vere, meiner festivalsjef Jon Skjerdal

– Pop- og rockfestivalar er lettare tilgjengeleg kommersiell musikk, og er dermed eit lettare salsprodukt enn jazzen, seier Skjerdal.

Men festivalsjefen for Oslo Live meiner at pop- og rock festivalar bør få meir pengar, for å kunne sleppe å satse berre på store internasjonale artistar.

Mykje til få

– Totalt får jazz meir enn populærmusikk, i ordninga som deler ut 30 millionar kroner til festivalane. Fordelinga er slik at nokre få jazzfestivalar får meir, medan når det gjeld festivalar innan populærmusikk, er det fleire festivalar som får litt, seier Arnfinn Bjerkestrand, leiar av festivalutvalet i Norsk kulturråd.

Arnfinn Bjerkestrand

Arnfinn Bjerkestrand

Foto: MFO.no

Ifølgje Bjerkestrand vurderer Norsk kulturråd fleire ulike faktorar som geografi, sjanger, og kvalitet når dei gjer tildelingane sine.

– Vi vil at kulturrådet skal vere sjangernøytralt. Det er hardt å drive festival same kvar ein held til geografisk og kva sjanger ein er innan, difor bør det vere like vilkår for alle, seier Tor Åge Eikerapen, dagleg leiar av Eikerapen Roots Festival.

At jazz- og kyrkjemusikk får meir pengar, handlar ikkje om kvaliteten på musikken, men om at dei har betre søknader, meiner Bjerkestrand.

– 70 prosent av dei som søkjer, får ikkje pengar. Og konkurransen mellom dei 30 prosenta som får stønad er hard, seier Bjerkestrand.

Gammal vane?

Sjefen for Eikerapen Roots Festival, lurer på om kulturrådet går på gammal vane når dei gjev stønad til dei gamle jazzfestivalane som Moldejazz og Kongsberg Jazzfestival.

– Moldejazz har i år Missy Elliot som headliner, og Kongsberg Jazzfestival har Røyksopp. Det er dei same artistane som alle andre festivalar kjempar om, seier Tor Åge Eikerapen.

Men Arnfinn Bjerkestrand liker at fleire festivalar no blandar musikksjangrar.

– Det dummaste vi kan gjere er å setje sjangrane opp mot kvarandre, det er den gode festivalopplevinga vi skal støtte, seier Bjerkestrand.

Norsk kulturråd inviterer i dag festivalar, sjangerorganisasjonar og andre aktørar til eit ope dialogmøte om tilskotsordninga for musikkfestivalar. Målet med arrangementet er nettopp å få til ein dialog og debatt om tilskotsordninga og utfordringane på festivalfeltet.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober