Helen deWitt: "Den siste samuraien"
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Pax forlag 2001
Sibylla er einsleg mor til sonen Ludo. Han kom til verda rett og slett fordi ho som forlagstilsett synst det verka uhøfleg å stikke av frå ein av forlagets forfattarar. Ein forfattar som etter Sibyllas meining er så dum at ho nektar å fortelje guten kven som er faren. Men for å gje den farlause guten mannlege identifikasjonsfigurar på ein rimeleg og overkomeleg måte, kjøper ho ein video med "De syv samuraier". Etter å ha sett filmen hundrevis av gonger, apar han etter: Liksom landsbyfolka i filmen dreg ut for å leite etter samuraiar, dreg Ludo ut i byen for å leite etter far. Han plukkar ut eventyrarar og framståande personar som han finn verdige, og søkjer dei opp.
Humor og kunnskap
Scenene der Ludo oppsøkjer desse mennene, ein etter ein, og forkynner at han er sonen deira, er storslått lesing,- dette er ei uvanleg morsom bok. Men det er også ei uvanleg strevsom bok å lese: Ludo er nemleg eit vidunderbarn som lærer seg ei mengd språk, inkludert japansk, naturlegvis, men også døde språk som latin, gresk, gamalnorsk, og deWitt let oss raust få bli med i læreprosessen. Ei sterk interesse for matematikk og naturvitskap blir grundig dokumentert, med sitat og resonnement. Boka osar av framande alfabet, formlar og tal- strengt tatt meir enn det som skal til for å dokumentere at vi har å gjere med eit uvanleg begava barn.
Overflod
Denne overfloden av kunnskapsbrokkar går det sjølsagt an å irritere seg over. Men kvantiteten framstår etterkvart som ein kvalitet ved boka, her er alt med i overflod: ville historier om liva til dei utvalte mennene til Ludo, underlege kunnskapar frå område ein knapt visste fanst, filologiske nyansar i språk ein aldri skal lære, og oppi det heile: Sibylla og Ludo. Framfor videoen, eller på uendelege trikketurar når det er kaldt i veret og dei manglar pengar til oppvarming.
Det er også raust med tragedier og såre historier i denne romanen, likevel er dette ei typisk "feelgood"-bok. Det er ein sann svir å bli vist kor uendeleg mykje kunnskap som finst i verda, og kor underleg livet kan stelle med folk. Og under alt dette ligg ei utforsking av besettelsen. Etter kunnskap, etter mestring, etter å finne ut av og forstå. Kort sagt: "Den siste samuraien" er ein roman av den typen ein berre må kaste seg uti og henge med i så godt ein kan. Kari og Kjell Risvik har i høgste grad hengt med; dei har utført ei omsetjingsbragd det står respekt av, språket lever i alle sine stilnivå frå start til slutt.
Marta Norheim
PS: Det er ikkje nødvendig å ha sett "De sju samuraier" på førehand, men det hjelper!