Hopp til innhold

Døren

- "Døren" er ein uvanleg sterk og gripande roman. Eg har plass til meir av Magda Szabó i bokhylla.

Magda Szabó er Ungarns mest populære forfattar, i alle fall ifølgje omslaget til romanen hennar. Etter å ha lese ""Døren" har eg ikkje problem med å skjøne det.

Eit ungarsk forfattarektepar søker etter ny hushjelp. Dei får Emerenc, og livet blir aldri meir det same. Ho krev straks prøvetid for å finne ut om dei er verdige mottakarar av hennar hjelp, ho stiller ei rekkje vilkår og er temmeleg nådelaus overfor desse hjelpelause menneska som kallar det for jobb når dei sit og glor på eit tomt ark i skrivemaskina.

Tragisk død

Døren
Foto: Aschehoug

 

Men for det meste er ho ei usynleg og taus ånd som ordnar alt, og etterkvart utviklar det seg eit merkeleg vennskap mellom frua i huset og Emerenc. Her er det ikkje snakk om eit herre/knekt-forhold, her er det hushjelpa som legg premissane. Etter kranglane, som det er mange av, er det fru Magda som listar seg rundt i huset på gummisolar i angst for å få nok ei skyllebøtte over seg frå den vreide Emerenc, som viser seg å vere svært ordhag når det verkeleg gjeld.

Det er forfattaren som fortel historia om dette venskapet som ligg så langt unna fortrulege samtaler og venninnepludder som det går an å kome. Og historia blir fortalt etter at Emerenc er død. Det er ein tragisk død, som sånn sett står i stil med det tragiske livet ho har levd. Lesaren får god til å førebu seg på dette dødsfallet, allereie i første kapittel kan vi lese:

"Det var jeg som drepte Emerenc. Det forandrar ikke på noe at jeg ikke ville ødelegge henne, men redde henne."

Sterk og gripande

Teksten er raus med glimt av fortida og frampek mot døden, men først og fremst er dette eit vakkert portrett av eit stolt og steilt menneske som kjempar for å leve eit verdig liv, ein kamp som ikkje er fri for bisarre og komiske innslag. Og det er ei vakker historie om den langsame, nesten motvillige utviklinga av eit vennskap mellom to kvinner som kjem frå same provins i Ungarn men likevel frå kvar sin klode.

”Døren” er ein uvanleg sterk og gripande roman. Eg har plass til meir av Magda Szabó i bokhylla.

 

Kulturnytt, NRK P2, 4. desember 2006

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.