Hopp til innhold

Youtube-favoritt får toppkontrakt

Den ukrainsk-amerikanske pianisten Valentina Lisitsa (39) har med til saman 43 millionar visningar på YouTube skaffa seg ein unik fanskare i klassisk samanheng. No vert ho lansert som solist på det prestisjetunge platemerket Decca.

Valentina Lisitsa

Valentina Lisitsa er mellom dei aller mest sette klassiske musikarane på YouTube.

Foto: Michael von Aichberger via Wikimedia Commons

Fredag vart det offentleggjort at Decca Classics, som er eigd av Universal, har skrive ein eksklusiv platekontrakt med Valentina Lisitsa.

– Hadde aldri klart dette utan mine fans på nettet

Den første Decca-utgjevinga med pianisten vert ein konsert-cd frå debutkonserten hennar i London, som finn stad i Royal Albert Hall 19. juni.

Konserten vert overført direkte på internett, og fansen får også vere med på å stemme fram kva ho skal spele.

– Eg hadde aldri klart dette utan mine fans på nettet over heile verda, seier Lisitsa i ei pressemelding.

– Reaksjonane deira fortel meg kvar dag at eg gjer det rette, og det er den beste løna eg kan få for det harde arbeidet. No vil eg takke dei og gi dei ein flott livekonsert online.

Les: Tine i verdstoppen på Youtube

Sjå Valentina Lisitsa spele frå Beethovens «Måneskinssonate»:

– Når ut på ein moderne og umiddelbar måte

Valentina Lisitsa er fødd og oppvaksen i Ukrainas hovudstad Kiev, og det var også der ho utdanna seg til pianist – trass i at jentedraumen var å verte sjakkspelar. Ho flytta til USA i 1991 og har sidan gitt ut fleire cdar, sjølvfinansierte eller på mindre selskap, mellom anna to saman med pianistektemannen Alexei Kuznetsoff.

På vegen mot dagens stjernestatus har ho også utmerkt seg som kammermusikar: I 2011 spelte ho inn musikk av Charles Ives saman med fiolinisten Hilary Hahn på eit anna prestisjemerke, Deutsche Grammophon.

Det mest suksessrike steget i karrieren var nok likevel då ho oppretta sin eigen YouTube-kanal i 2007.

– Valentina er verkeleg ein unik artist, seier Paul Moseley i Decca Classics.

– Hennar ry på YouTube er genuint og velfortent, og vi er stolte over å jobbe med henne medan ho når ut til store mengder klassiske fans på ein moderne og svært umiddelbar måte.

Sjå Valentina Lisitsa og Hilary Hahn spele Charles Ives:

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober