Talkshowet til Ylvis skulle vere det store trekkplasteret på TVNorge denne våren. I sesongpremieren i byrjinga av januar hadde programmet 372.000 sjåarar. Men i går var det berre 122.000 som såg showet. Det er ein marknadsdel på 7,7 prosent.
Striden mellom TVNorge-eigar Discovery og Telenor får ein stor del av skulda for nedgangen i sjåartala. Partane klarte ikkje bli samde om ny distribusjonsavtale innan fristen natt til måndag, og dermed mista ein million husstandar Discovery-kanalane.
Håper på snarleg løysing
Kommunikasjonsdirektør Espen Skoland i TVNorge og Discovery seier dei var budde på at dei kom til å miste sjåarar som følge av konflikten:
– Vi visste dette kunne skje då det blei brot i forhandlingane. Vi ser at fleire av dei mest populære programma våre mister sjåarar. Dette viser kva posisjon Telenor har i tv-marknaden.
Gjennom distribusjonsselskapet Canal Digital kontrollerer Telenor halve tv-marknaden i Noreg. Skoland seier dei no håper på ei rask løysing i konflikten.