Reformasjonen 1
Foto: Krister Kanck

Lykkejegeren som forandra Noreg

Med hjelp av ein dansk sjarlatan gjekk Noreg frå å vere katolsk til luthersk over natta.

31. oktober 2017 markerer 500-årsjubileet for Reformasjonen – ein revolusjon som berre nokre få år seinare skulle snu Noreg fullstendig på hovudet, både religiøst, politisk og kulturelt.

Under mellomalderen var Noreg eit av dei mest katolske landa i Norden. Pilegrimar frå heile Europa valfarta til kyrkjehovudstaden Nidaros.

I dag er over 70 % av det norske folk medlem av den evangeliske lutherske kyrkja. For å forstå kvifor må vi innom ein konge, ein keisar og ein biskop.

Og den omsynslause lykkejegeren Vincens Lunge.

Prins møter munk

Fire år etter Martin Luther spikra opp 95 læresetningar på slottskyrkjedøra i Wittenberg vart han innkalla av den tysk-romerske keisaren Karl V til å forsvare læra si under riksdagen i Worms.

Reformasjonen 2
Foto: Krister Kanck

Læresetninga nr. 35 var den som hadde skapt mest furore:

«Dei er ikkje ordentleg kristne dei som seier at det går an å kjøpe seg eit avlatsbrev, og på den måten kjøpe seg ut av skjærselden!»

I forkant av riksdagen hadde Martin blitt kasta ut av den katolske kyrkja og no skulle han få ein siste sjanse til å forandre meining.

Men Martin nytta heller høve til å forsvare alle sine synspunkt og tala både keisarar og erkebiskopar midt imot. Det heile enda med at Martin vart erklært fredlaus (altså at alle som ville kunne drepe han når som helst).

Mange trudde nok at dette var slutten for «lutherdommen», men om du ser ekstra godt etter, litt til venstre i bildet, kan du sjå ein ung mann som tar inn alt han ser og høyrer.

18-årige Christian er på ferie med onkelen sin og lar seg djupt fasinere av den radikale munken frå Tyskland.

Reformasjonen 3
Foto: Krister Kanck

Christian var heller ikkje kven som helst – han var nemleg eldste sonen av hertug Fredrik av Slesvig og Holstein, som snart skulle bli konge av Danmark-Noreg.

Brevvennen til Luther

Då Christian kom heim var han ein radikal lutheranar. Far hans var ikkje like begeistra for eldstesonens nye religion, men då han sjølv vart konge gav han likevel Christian ein liten flik av hertugdømet sitt å styre over.

Christian begynte straks å innføre reformasjonen i Tørning og Haderslev len. Han tilsette to tyske lutheranarar for å undervise dei katolske prestane i den nye læra, og om dei skulle nekte vart dei oppsagd på dagen.

Etter kvart vart Christian også brevvenn med sjølvaste Martin Luther. Det første brevet vi kjenner til mellom Martin og Christian er frå 1528. Her åtvarar Martin sin unge disippel om folk som driv med vranglære og minner han å at «det er ei kjent sak at Satan aldri søv …»

To land utan konge

Då kong Fredrik døde i 1533 vart Christian plutseleg foreldrelaus (mor hans døde då han var 10 år gammal) og Danmark vart kongelaus.

Det naturlege valet hadde jo vore å gi Christian trona, men katolikkane i det danske riksrådet ville ikkje ha ein lutheranar på trona, og kongevalet vart derfor utsett i håp om å finne ein betre kandidat.

Men vent no litt …

Om danskane plutseleg vart kongelause, betyr ikkje det at Noreg også stod utan konge?

Det stemmer. Noreg hadde jo vore i union med Sverige, og seinare Danmark, sidan 1300-talet. I kaoset som følgde Fredriks død gjekk suvereniteten over Noreg plutseleg tilbake til det norske riksrådet (regjeringa i Noreg). Og kven var leiaren for det norske riksrådet?

Erkebiskop Olav Engelbrektsson.

Reformasjonen 4
Foto: Krister Kanck

Samling mot Luther

Olav var opphavleg frå Harstad, men etter ein periode med studiar i utlandet busette han seg i Trondheim. På denne tida fungerte Nidaros som eit slags kyrkjepolitisk maktsentrum for heile Nord-Europa. Pilegrimar valfarta hit for å sjå St. Olav sitt lik, som låg til pynt i ei kiste, pryda av gull og edelsteinar, i den majestetiske Nidarosdomen.

Fire månadar etter kong Fredrik døde kalla Olav Engelbrektsson inn til riksmøte i Bud, som på den tida var den største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim. Møtet var det største riksmøtet i Noreg på lange tider.

Under møtet kravde riksrådet at ein ny dansk-norsk konge skulle godta full likestilling for Noreg og respektere den katolske kyrkja. Med andre ord var lutherske Christian ein svært dårleg kandidat til trona.

No var det viktig for Olav å samle Noreg og få resten av riksrådet med på ei felles haldning mot Danmark. Men på riksmøtet sat det også ein mann med heilt andre planar og tankar om Noreg enn Olav:

Vincens Lunge.

Reformasjonen 5
Foto: Krister Kanck

Den listige Lunge

Vincens Lunge var den største plageånda Olav Engelbrektsson nokon gong kunne tenkje seg. Han var opphavleg dansk, men gifta seg norsk og vart svigersonen til ei av dei mektigaste adelskvinnene i Noreg – Fru Inger til Austrått.

Tidlegare hadde Vincens brukt alle sine forbindelsar i Danmark til å sverte Olav. Som Noregs mektigaste mann utanfor kyrkja hadde han også brukt svært tvilsame metodar for å skaffe både han og svigermora større landområde. I tillegg hadde han stelt kyrkjelege klenodium og med danskekongens signing okkupert eit nonnekloster for å gjere det til sin eigen bustad.

Forholdet mellom erkebiskopen og mister Lunge vart neppe noko betre då Vincens, etter riksmøtet i Bud, tok turen til Danmark for å møte den siste mannen Olav ville ha som konge.

Tyrann eller hertug

I Danmark hadde det blitt borgarkrig om kven som skulle ta over trona etter avdøde Fredrik. På den eine sida stod Christian, som no var hertug over områda Slesvig og Holstein, på den andre sida stod søskenbarnet hans.

Søskenbarnet hadde vore konge over Danmark-Noreg før, men rota det til då han drap 94 svenske adelsmenn på ein fest i Stockholm og fekk kallenamnet «Tyrann». No sat han i fengsel på Sønderborg slott i Danmark, men likevel ville borgarane i København og Malmø heller ha tyrannen tilbake som konge i staden for Christian.

Vincens Lunge besøkte Christian på Jylland i 1534. I bagasjen tilbake til Noreg hadde han med seg brev frå dei jyske riksrådane som oppfordra Noreg til å velje Christian som ny konge.

Tilbake i Noreg tok Vincens kommandoen over Akershus festning og motarbeida alle forsøk Olav gjorde for å samle Noreg.

Han pressa dei andre rådsmedlemmane på Austlandet til å hylle Christian som konge, han nekta dei å delta på fleire riksmøte som Olav kalla inn til og brukte ei kvar moglegheit til å snakke drit om Olav til Christian i Danmark.

Brev til keisaren

Olav vart naturlegvis fly forbanna på Vincens Lunge.

Men også redd.

Han begynte å ane konturane av kva som kunne skje om Christian vart konge.

Olav måtte ta saka i eigne hender og sende brev til keisar Karl V. (Ja, den same keisaren som gjorde Martin Luther fredlaus i 1521.) Olav visste kva keisaren meinte om lutheranarar og dei to vart derfor einige om ein ny katolsk kandidat til den norske krona – grev Friedrich av Pfalz.

Keisaren skreiv til Olav og sa at han gjerne ville støtte greven som ny kandidat til den norske krona. Han gav også Olav konkrete planar om korleis dei kunne få planen i boks.

Piler og sverd

I desember 1535 begynte Christian å bli ganske blakk. Han hadde nemleg nytta seg av tyske leigesoldatar i kampen om kongekrona og begynte derfor å kjenne eit sterkt behov for norske skattepengar.

Christian sende derfor sin representant, Claus Bille, saman med Vincens Lunge, til Olav i Trondheim med krav om skatt og ei felles norsk hylling av Christian som konge.

Då Claus og Vincens kom til Trondheim vart Olav pressa til å gå med på krava til Christian, men denne gongen var det Olav sin tur til å ha ein slu plan.

Medan Vincens og Claus framleis var i byen kalla han inn til møte med lokale bønder, prestar og embetsmenn. Her skulda han Vincens for svik mot Noreg. Etter møtet tok den militære leiaren til Olav med seg ein gjeng rasande trønderar til herberget kor dei besøkande budde.

Vincens vart drepen med både piler og sverd medan Claus, og andre danske adelsmenn som var til stades, vart fengsla.

Reformasjonen 6
Foto: Krister Kanck

Kvar er keisaren?

Endeleg var den plagsame urokråka Vincens ute av bildet. No måtte Olav handle – tida var knapp.

Han begynte med å sende ut brev til heile Noreg der han oppfordra innbyggjarane til å hjelpe han med å straffe dei som prøvde å øydeleggje Noregs rikes fridom og velferd. Fleire bønder og byfolk valde å slutte seg til Olav og gjorde opprør mot det danske styret.

Olav sende også væpna menn til både Bergen og Oslo for å avskjere fiendens forsyningslinjer og vente på at keisar Karl skulle kome med forsterkingar. No skulle det endeleg bli slutt på desse danske pøbelstrekane.

Men hjelpa frå keisaren lét vente på seg.

Ingen nåde frå Danmark

Utan hjelp frå utlandet var Olav sine styrkar svake og strakk ikkje til for å ta kontroll over verken Bergen eller Oslo. Dei profesjonelle danske styrkane vart for sterke.

På dette tidspunktet hadde Christian erobra nesten heile Danmark. København var den einaste byen som stod igjen og erkebiskopen var desperat.

Olav slapp laus alle dei danske adelsmennene han hadde tatt til fange. Han lova dei å godta Christian som norsk konge mot at han skulle få amnesti for motstanden han hadde vist mot det danske kongehuset.

Men Christian hadde andre planar. Då han rykka inn i København, 6. august 1536, var noko av det første han gjorde å arrestere dei danske bispane og innføre ein luthersk reformasjon av kyrkja i Danmark.

Farvel til Noreg

No hadde ikkje Olav mykje anna val enn å trekkje seg tilbake til borga si på Steinvikholm i Trondheimsfjorden.

Danske styrkar vart sendt til både Bergen og Oslo, etter kvart også til Møre og Romsdal.

Men kvar vart det av denne keisaren?

Det skulle vise seg at keisar Karl V faktisk hadde store planar om å sende mange tusen soldatar for å hjelpe Olav. «L´Affaire de Trondheim» kalla han oppdraget. Men den nederlandske regenten meinte ein militær invasjon av Norden var ein dårleg idé.

Nederlanda var ein viktig del av keisarriket og ein eventuell krig med Norden var dårleg nytt for økonomien.

Men til slutt (og alt for seint) kom det faktisk litt hjelp, i form av tre skip frå den keisarlege flåten. Olav tok med seg 60 av sine nærmaste menn og steig om bord i skipa. I lasta hadde han pengar og skattar frå kyrkjer i Trøndelag.

1. påskedag 1537 segla Olav Engelbrektsson ut frå Trondheim.

Men før han kunne forlate landet for godt hadde han eitt aller siste gjeremål. På veg ut Trondheimsfjorden stoppa han ved Austrått borg og plyndra svigermora til Vincens Lunge.

Reformasjonen 7
Foto: Krister Kanck

Fullstendig underlagt Danmark

Samtidig som Olav segla vekk frå Noreg sende Christian skip til Trondheim. På eit eller anna tidspunkt har dei sannsynlegvis kryssa kvarandre langs Norske-kysten. Olav var på veg til eksil i Nederlanda medan Christian skulle setje inn den siste støyten i Noreg.

I tillegg til å innføre reformasjonen erklærte Christian også at Noreg ikkje lenger skulle vere sitt eige rike, men fullstendig underlagt Danmark. Dette grunna han med at Noreg var for svakt til å ha sin eigen konge. I tillegg vart drapet på Vincens Lunge brukt som belegg for at det norske riksrådet med Olav Engelbrektsson i spissen var upåliteleg og måtte fjernast. Som Christian sjølv sa det:

«Eg vil heller ha eit aude land enn eit ulydig land.»

Christian III

No låg alt til rette for kroning av den nye kongen i Danmark. For Christian var det utenkjeleg å la ein katolsk biskop setje krona på hovudet hans. Han måtte derfor vente til Martin Luther sin bestevenn, Johannes Bugenhagen frå Wittenberg, kom til København.

Første august 1537 var byens beste borgarar og adel frå heile Europa samla i Vår Frues kyrkje på Nørreport. Plutseleg gjekk kyrkjedøra opp og inn kom Christian med sverdet i den eine handa og Bibelen i den andre. Han gjekk fram og las opp eit utvalt utdrag frå Bibelen før han lét Bugenhagen setje krona på hovudet hans.

Og akkurat då gjekk Noreg frå å vere eit stolt katolsk rike til å bli eit ubetydeleg utkantområde av Danmark.

Christian vart heller ikkje lenger berre Christian, men Christian III.

Reformasjonen 8
Foto: Krister Kanck

PS: Denne saka vart utarbeidt i samarbeid med historikar Øystein Rian.

Om du er nysgjerrig på å lære meir kan du høyre dokumentarserien «Da Luther kom til Norge» som startar 19. november kl. 15:05 på NRK P2. Første episode kan du allereie sniklytte til her:

Anbefalt:

Gud og David

Quiz: Kor mykje kan du om Bibelen? Alf Kjetil Walgermo har skrive boka «Røff guide til Bibelen» – for både bibelekspertar og bibelamatørar. Ta quizen her